fredag 30. april 2010

Mens eg venter...

..på å flytte heim, viser eg idag ein bildekavalkade frå huset vårt. Nokre av dokke har nok sett bildene før. Så det blir litt sånn reprise ;)


Frå inngongspartiet vårt. Melkespann frå loftet til Pappa. Korg som er spraylakkert med perlegrå spray.

 Dette er frå TV- stova. Fatet er frå bruktbutikk. Vasane er frå Ellos. Duken er egentleg eit handkle frå Green Gate. Rammene på veggen var i gull, men eg har spraylakkert dei i sølv.

Spisestova vår. Eg er framleis storfornøgd med dei kvite stoltrekka frå IKEA :) Lysekrona er frå Bohus. Eg har lenge fantasert om å spraylakkere den kvit, men har funne ut at den skal få vere som den er :)


Det enkle vindauget i spisestova. Liftgardiner frå IKEA. Gardiner frå Kid. Englar frå Jotex. Blomsterpotta er opprinneleg messing, men etter ein omgang med sprayen vart den grå. Lysestakane var ei gåve frå mi snille søster.

Potta er opprinneleg i messing, den er og blitt grå. Pelargoniumen er no planta ut. Fugleburet bak er kjøpt i England.

Fuglebur frå Jotex. Det var opprinnleg brunt. Men som mykje anna hos meg har det skifta farge ;)

I Ektorp- sofaen vår finn du ei kvit pute frå IKEA, hekla bruktfunn pute. Bak ser du dei tre lyshusa mine eg er så glad i.


Kjøkkenhyllene mine og dei søte muggane, skålene og koppane som eg er så glad i.


Kjenner eg er veldig klar for å flytte heim no!

Håper alle har ein kosleg fredagskveld



Klem frå Bjørg :-)

torsdag 29. april 2010

Boktips, igjen ;)

Eg har ikkje så mykje å skrive eller vise fram idag (ikkje eit einaste lite hjarte ein gong ;) 
Det har regna i heile dag, så eg og Ariel har vore "stovegrisar".
Eg har sydd litt på kjolen, men det tar visst litt tid. Vil så gjerne at den skal bli ordentleg :)

 

Istaden har lest litt i den nye interiørboka mi. Og tenkte eg ville dele den med dokke!





Den heiter "Innredning og Farger- Velkommen inn!" av Nina Stang. 







Her er vi på besøk i 18 ulike heimar i Noreg. Og dei som bur der fortel om sine draumer, erfaringer og praktiske løysingar i sitt interiør.





Her finn du inspirasjon på korleis du fornyer møbler, andre gode tips og råd :)


Mange lekre bilder i boka (som eg har vore frekk å fotografert ;)



Moderne linjer møter romantisk og gjenbruk :)



Kvitt med spreke fargeinnslag :)

Boka koster 349,- og kom ut i år. Eg elsker bøker, og spesielt interiørbøker. Så denne er eit "must" :-)

Anette med bloggen Hvit Romantikk har i desse dagar ein Give Away der du kan vinne blant anna denne boka. Om du ikkje har gjort det før, så kan du melde deg på her!


Min kjære og Pappa er ned i huset og tar rørarbeid
Gravinga er ferdig allereie! All ære til gravefirmaet for raskt arbeid :) 

Så vi kan antaglegvis flytte inn igjen på laurdag. Det vart ei veke "evakuering" ;) Det var jo til å leve med! :) Gleder meg til å kome heim att til alle tinga våre og prosjekta mine!

Tusen takk til alle for gode ord og omtanke etter kloakk- "katastrofen" vår ;) Det varmer om hjartet :)


Ha ein strålande kveld!


Klem frå Bjørg :-)

onsdag 28. april 2010

På plass :)

I dag trilla eg, Ariel og Mamma ein tur ned til huset vårt. Vi kledde på oss med friskt mot, når vi kom ut slo regnet i bakken, det hadde vi ikkje tenkt på. Hehe! Men vi gjekk likevel. Våte og litt kalde kom vi fram, og der var det skjedd saker og ting :)



Snille gravemaskinføraren (han er snart naboen vår faktisk :) har omtrent gravd ferdig. Han sa til meg at han måtte jo vere rask så vi får flytte inn att :) Og når vi stod der kom septikk- tanken i jorda!




Der ja, snart på plass :) For ein lettelse! :) No gjenstår litt meir graving og rørarbeid, så er vi vel innflytta igjen :)

  

Eg må innrømme at når dette skjedde, og det var eit fakta at vi måtte flytte ut så såg eg svart på det. Men det har jo (endå ihvertfall ;) gått veldig bra! Arbeidet har gått raskt og vi har hatt det flott innlosjert hos Mamma og Pappa :)

  ♥

Borte bra, men hjemme er jo absolutt best ;)

Hjertefamilien min har fått ei lillesøster idag. Det var Marny Alice som foreslo at eg skulle ha laga eit hjerte av det prikkete stoffet.




Oppdrag er no utført ;)




No skal eg skjære opp desse jordbæra..



..og sette fram sukker og fløyte. Nam Nam! :)


                         ♥

Etterpå skal eg kanskje sy litt, og ta meg ei bloggerunde. Gleder meg til å suge til meg inspirasjon frå alle de kreative damene:)

Ha ein strålande kveld!


Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 27. april 2010

Bitt av basillen!?

I dag fortsatte eg på sy- prosjektet mitt! Og det er fortsatt like moro :) Stoffa eg har brukt hittil, er eg så heldig at Mamma har gitt meg. No planlegg eg snarast, å gå til innkjøp av meir :) Juhu!! Endå meir å bruke penga på ;)

           ♥


Eg har sydd to nye hjerter idag. Så no har eg ein liten hjertefamilie på tre ;)

















Eg var litt uheldig med saumen til hjertemann til venstre her, men pytt pytt. Må jo rekne med litt nybegynner- feil ;)

















No gleder eg meg til å flytte heim slik at eg får hengt opp hjertene mine :)



















I det fjerne høyrer eg faktisk gravemaskina, som kanskje i dette øyeblikk, får på plass septikk- tanken!























Eg var heimom for eit par timar sidan. Då var alt allereie jamna ut. Mangla berre holet til septikktanken, som stod der og venta. Eg er utruleg takknemleg for at det ser ut til å gå så kjapt!:)

          ♥

Eg likte så godt det kvite stoffet med raude prikkar eg fann igår. Så eg har likegodt sydd meg eit skjerf av det idag. Kjempeenkelt! Kvifor har ikkje eg begynt med dette før?
Det er jo så moro! ;)



















Her var det jo berre å klippe ein stor nok firkant og sy sikksakk- mønster (heiter det det? Er ikkje så god på faguttrykka endå ;)  i kantane.

Ha ha ha! Sjå kor stolt eg poserer ;-P




















Ariel måtte få låne skjerfet litt, sidan eg framleis er i tenkeboksen angåande 17.mai- kjolen hennas. Er så smått begynt å tegne mønster :)

                

I kveld blir det sofa og Fruene, og sjølvsagt ei bloggerunde om snille Pappa let meg behalde internet- pinen ;)

Ha ein strålande kveld!


Klem frå Bjørg :-)

mandag 26. april 2010

Lære- meg- å- sy- prosjektet :)

I dag starta eg lære- meg- å- sy- prosjektet ;)
Mamma var ivrig læremester :) Ho har prøvd å "prakka" på meg ei symaskin i fleire år. Men eg har alltid takka nei. Kva skulle eg med den liksom? (Hehe..ikkje mykje husleg då nei ;)























Eg har sydd eit hjarte idag. Ideane hadde eg, mamma viste meg korleis eg skulle gjere det i praksis. Og det var moro! :)



















Først må ein klippe ut to hjerter i stoff.
















Sy ein saum på blondebandet og strekke i undertråden slik at det rynker seg.























Så er det å plassere blondebandet på innsida slik som dette på eine hjertet, og sy det fast.























Ein må i same slengen sy på eit band til å henge hjartet opp med :)

Så legg du hjarte nr to oppa, slik at banda blir inn i. Du lar ca 10 cm stå igjen, slik at du vrir hjartet rette vegen ut. Fyll hjartet med vatt og sy igjen for hand.
Og voila mitt eigenproduserte hjarte! Litt stolt ;)
(Tipper de erfarne syerskene ler godt av meg no ;)























Å sy var veldig moro! No er Ariel sovna så eg kan vere litt meir produktiv :) Eg skal fortsette med fleire hjarter no etterpå.

















Dette skal bli 17. mai kjolen til Ariel. Snakk om å satse høgt! Men ein lære vel best av å kaste seg ut i det ;)

Det spørst om ikkje eg må spørje Mamma veldig fint om kanskje eg kan få den symaskina likevel ;)

                  ♥

Eg var ein snartur heim før idag.
Og der stod gravemaskina klar til å grave imorgon!
Herleg! :)

Ha ein super kveld!


Klem frå Bjørg :-)

søndag 25. april 2010

Framleis "evakuert" !

Fredag fekk vi som sagt trøbbel med tett kloakk, og vi bur no hos Mamma og Pappa (Litt vanskeleg å bu i eit hus der ein ikkje kan bruke vatn eller gå på do ;)



































Min kjære har bestilt graving. Og dei kjem på tysdag!:)
Og det skal gravast ned ny septikk- tank (den er bestilt og klar ;)
Frå der du ser takrenna går ned skal alt vekk og bli i plan med lavaste punktet. Bilde lyge litt. Det er meir enn kva det ser ut som..
Det positive er at dette opnar for alle andre planar vi har for uterommet. Då kan vi sette opp garasje med veranda over, og lage til med plen og gjerde framfor huset! Så det var litt hell i uhell ;)
Eg håpar og trur at vi får flytte inn att om ei vekes tid! :)




































Eg prøvar å utnytte tida så godt eg kan. Eg har jo hatt eit prosjekt føre meg, der eg skal anlegge grøne fingrar. Prosjektet mitt synast eg går bra.



































Bildene vart tekne igår då eg var innom ei tur, og som de ser står Hortensiaen min endå (skal nedom ein tur å vatne imorgon ;)



































Så då synast eg det er klart for neste prosjekt; Lære- seg- å- sy- prosjektet. Då er eg jo på rette staden. Mamma har nemleg jobba som syerske i mange år :) I kveld har vi funne fram stoff og symaskin, så får vi sjå kva eg klarer å få ut av det ;)

          


Når det gjeld nett- tilgongen min er den på tilmålt tid. Pappa har ein sånn internet- pin som eg tjuvlåner i ny og ne ;) Så det ordner seg :) Dessverre så rekk eg nok ikkje å besøke dokke alle, men eg kjem sterkare tilbake :)


Ha ein strålande søndags kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 24. april 2010

Pottetett !! :(

Det er ikkje alltid like stas å bu i eit gammalt hus. Det har vi fått erfare idag.




































Ein time etter at eg posta innlegget igår fekk eg ein skikkeleg kjedeleg beskjed frå min kjære. "Kloakken er tett, vi kan ikkje bu her!" Då hadde han staka og spylt røra i fleire timar. Stakkars flinke mannen!



































Så det vart ingen biff og raudvin, det vart pakking istaden.
Så no er vi innlosjert hos foreldra mine. Skikkeleg kjedeleg! Ikkje fordi eg ikkje set pris på at vi får bu her, men eg saknar huset vårt!!



































Heldigvis skal dei begynne å grave allereie på mandag for å få på plass septikktank og nye rør (forhåpentlegvis ;) 



































Men det kan jo ta ei stund før alt er klart, og vi kan flytte inn igjen.



































For at depresjonen ikkje skal ta meg heilt ;) Så tenke eg at, no er vi faktisk i gong med gravinga (snart hvertfall ;) Det skulle vi jo likevel, det vart berre fortgong i det. Og det lika eg :)



































Dette flotte blomsterpottestativet fekk vi av mor til min kjære. Dette er også det einaste bildet i innlegget eg ikkje har vist før. Dei har heller ingen samanheng med teksten ;) Berre det at eg, som sagt, saknar huset vårt ;)

                ♥♥♥

Eg er litt usikker på kor mykje eg får tilgang på internet i nærmaste framtid. Men eg er plutseleg tilbake :) Merker at eg får litt abstinenser allereie ;)

Ha ein flott laurdag! (Vi bloggast plutseleg ;)


Klem frå Bjørg :-)


fredag 23. april 2010

Tips for dei som ♥ bøker :)

Eg er veldig glad i bokhylla vår.



































Dette er ei bokhylle med glasdører frå IKEA sin Liatorp serie. Vi har og vitrineskapet i same serien. Eg har likt bokhylla fordi den har dører, og halve døra skjuler innholdet (les: rotet ;)



































Men etter å ha sett dette geniale tipset hos Husfruas Memoarer. Trur eg at eg pynter opp dørene med scrapbookpapir eller pent gåvepapir.























Enkelt, dekorativt, ryddigare og enkelt å skifte ut etter humøret ;)
Eg må berre gå til innkjøp av nok papir av same sort ;) (Har tusenvis av scrapbookpapir, men ikkje åtte like :)























Når eg likevel er innom emnet bøker. Må eg berre skryte av denne; "Frå skrot til skatter". Den er heilt super i desse loppemarked- tider. Og viser flotte makeover på møblar og diverse. Mange gode idear.























Kva med tavlemåling på bordplata?























Skjermbrett av sidene til Ivar- hylla til IKEA?























Ein krakk blir fresh pynta med servietter frå Marimekko?























Eller den beste ideen av dei alle; lage ein benk av tre gamle stoler til å ha i hagen? :) Eg har allereie sett min kjære på saken ;)

Boka har 85 spennande før og etter prosjekt! Lika vi eller? :)

                  ♥♥♥


Eg vil gjerne ønske dokke alle ein super fredags kveld!

Her i huset blir det biff og raudvin! Nam :)


Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails