onsdag 30. juni 2010

Forandring fryder ♥

I dag har eg  flytta litt om i framskapet mitt. 
Kjekt med litt forandring :)



Min snille Besten laga framskapet til meg då han levde. 
Eg har skreve om det før i eit tidlegare innlegg.
Han har og laga verktøykassa
Begge deler har eg i seinare tid 
måla kvite :)


Oppslagstavla eg laga for nokre dagar sidan har fått plass her. 
Eg har endå ikkje fått tak i klyper, 
men eg syns den pynter 
uten og.


Glaskuppelen er av merket Krasilnikoff. 
Eg har hatt den vekkgøymt i kjøkkenskapet vårt. 
I dag fekk den kome fram i lyset ;)


Eg har og pynta med ei lyslenke
som gjer skapet fin stemning.


Lyslenka kjøpte eg på Bohus for 
mange år tilbake.


Inne i kuppelen ligg det ei rose kjøpt på Bohus,
 og eit lite engleskrin eg fekk av 
tantungen min til 
jul eit år:)


  
♥♥

Når det gjeld sy/hobbyrom planene går det sakte, 
men sikkert framover ;)
Alt er flytta opp, og står i kaos på golvet. 
Og eg har funne ut at eg treng det og det og det og det og....;) 
Jammen godt eg skal på IKEA neste helg :)

I dag fekk eg forresten 5 nydelege stoff eg har bestilt frå Panduro. 
Så eg må nok få på plass symaskina snart ihvertfall ;)

♥♥♥

Eg ønsker dokke alle ein flott kveld! 
Her i huset skal eg og mannen sjå Heroes ses 3. 
Spennande! :)


Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 29. juni 2010

Syprat..igjen;)

Eg er i full gong med sy/hobbyrommet mitt. 
I alle fall opp i hovudet mitt. 
Der planane legg seg som sild i tønne. 
For eg synast det er viktig å ha eit miljø rundt meg som inspirerer,
 når eg held på med kreative syssler.


"As we speak" er kjøkenbordet "bomba" av sysaker. 
Og under skjenken i stova "pynter" scrapbooksakene mine opp ;)


Det var min kjære som foreslo at eg kunne bruke 
ein krok av gjesterommet i 2.etasje. 
Er han lei av rotet mitt skal tru? ;)
Eg har jo tenkt tanken. 
Men no skal eg gjere alvor av det. 
(snart ihvertfall ;)


Tildas Hus er ei kjempefin bok. 
Her fann eg oppskrifta på nåleputa mi. 
Det mest nyttige eg har sydd hittil ;)


Eg laga ringen slik at den passer over eit glas
Slik at eg kan ha fleire nåler opp i.


Kjempeenkel og praktisk ;)


Ariel søv, mannen er på jobb og 
eg skal nok finne på eitkvart å gjere;) 
Aller helst har eg lyst å sette meg på verandaen og nyte sola. 
Men den glimrer med sitt fråver, dessverre..


♥♥♥


Håper alle får ein nydeleg kveld!


Klem frå Bjørg :-)

mandag 28. juni 2010

Eg ♥ zinkspray

Velkomen etter seier sikkert dei fleste av dokke. 
Men eg har endeleg prøvd zinkspray (frå Europris) og eg er forelska
Det vart fint!

Eg hadde ei gammal lampe med perlemoreffekt. 
Sikkert veldig lekkert for ein del år tilbake ;) men ikkje no lenger. 
Den vart sjølvsagt spraya;


Lampa fekk ny skjerm,
 og eg sydde eit hjerte som eg festa på.


Den nye lampa har fått plass på det vesle bordet eg pussa opp for litt sidan. 
Begge deler skal opp på Ariel sitt rom. 
Det blir litt for "søtt" for stova (og min kjære ;)


♥♥♥

Eg hadde og ei gammal ramme liggande. 
Og Pappa (som har alt!) gav meg noko hønsenetting.


Ramma fekk ein omgang med zinkspray. 
Også stifta eg fast hønsenetting og stoff på baksida. 
No mangler eg berre nokre fine klyper
så skal det bli ei oppslagstavle :)



Ellers så skal eg begynne så smått idag å flytte alle hobbytinga mine inn på gjesterommet, der eg skal få min eigen hobby/syplass
Det skal bli herleg
Men det må sjølvsagt pimpast litt før eg kan trivast der;)

♥♥

Dokke som vann Give Awayen i forrige innlegg, 
må huske å sende meg epost med adressene de vil 
ha premien tilsendt til!

♥♥♥

Ønsker deg ein herleg kveld!


Klem frå Bjørg :-)

søndag 27. juni 2010

Og dei heldige vinnerane er...

Då var eg endeleg ferdig å skrive tal på lapper.
 Alle vart nummererte, og dei som tok 2 lodd fekk 2 lapper med same nr.

Litt av ein jobb!;) 
Men kjempemoro at så mange ville vere med!!
158 koslege kommentarer var komne inn då fristen gjekk ut. 
Tusen takk til alle som har deltatt!

Så kjem vi til poenget;)

1. Premie;


Først trakk eg nr. 15, 
og det var..............
(telle, telle..)


Veldig moro å trekke henne først. 
Ho er ein av dei første bloggevennane mine:))

2. premie;


Så vart det nr. 112
..og det er...



3. og 4. premie


Desse får eit slikt hjerte sydd av meg. 
De kan sjølv velge om de vil ha grått, rosa eller kvitt :)
Så skal eg sette meg ned å sy ;)

Nr. 12, som er....


Nr. 85, som er...


Gratulerer til vinnerane! 
Send meg adresse på epost, så kjem pakkane i posten om litt :)
De som vann hjertene, husk å skrive fargeønske!


♥♥♥


Håper alle har hatt ei flott helg! 
Nyt kvelden :)



Klem frå Bjørg :-)

Snart trekning! ;) + Utfordring

I kveld trekk eg vinnerane av min Give Away! 
Eg gleder meg, 
og trur eg allereie bør begynne å skrive lappane som skal trekkast av. 
For heile 154 har meldt seg på, og det kaller eg godt oppmøte ;) 
Tusen takk til alle!
(Du kan ta lodd fram til kl. 18.00 idag)


♥♥♥

For litt sidan fekk eg denne Awarden av alltid koslege Jijji med den kreative og kjempekoslege bloggen Jijjis Lune Hjørne
Ho og er bitt av sybasillen for tida, 
og tryller fram dei søtaste ting:)
Tusen takk Jijji :))


Med denne awarden følger det med ei utfordring,
 der eg skal fortelle om 7 ting eg ønsker meg.

Piece of cake ;)

1. Eg ønsker meg fleire timer i døgnet, 
slik at eg får fullført alle prosjekta mine. 
Ikkje så realistisk kanskje. 
Men eit stor ønske!!;)

2. Eg ønsker at draumejobben 
(eller ein hvilken som helst jobb egentleg ;) skal dukke opp snart. 
Vi har jo flytta no iløpet av permisjonen min. 
Og min gamle jobb har eg sagt opp, fordi det blir for langt å pendle. 
Så til begynnelsen av november skulle eg helst hatt ny jobb. 
Gje meg gjerne ein lyd om de veit om noko som er 
ledig i dei tider i Stryn/Gloppen ;)

3. Denne radioen ønsker eg meg noko veldig!! 
Den er så nostalgisk og herleg. 
Den hadde vore perfekt på sy/ hobbyrommet mitt 
(Jepp, eg skal få meg sy/hobbyrom!! Jippi :))

www.landromantikk.no


4. Denne wallstickersen frå Hilde Heimdal hadde vore 
perfekt på jenterommet til Ariel. 
Den er så søt og fin!!:) 
Hilde har ein fantastisk nettbutikk
Klikk på linken å ta ein titt ;)



5. Eg skal på IKEA om eitpar veker, 
og då håper eg at eit par av desse skal vere med meg heim:)

www.ikea.no

6. Slike store Maileg håper eg kjem til å ta plass i den gamle senga, 
som skal stå på rommet til Ariel. 
Den skal først målast kvit (sjå ønske nr 1 ;)

www.wallas-verden.no

7. Sist, men ikkje minst ønsker eg at resten av
sommeren skal bli varm og full av sol og badeglede

♥♥♥

Awarden og utfordringa vil eg gjerne sende vidare til

Ville Vinkel - ein herleg og inspirerande blogg med 
mange prosjekt på gang :)

Stini- ein kosleg blogg om interiør og kvardagsliv. 
Jenta bak er så kosleg! 
Blir så glad når du legg igjen ei helsing:)

Bettum Villa - Madelen er så kreativ og flink! 
Ho har ein herleg blogg med masse inspirasjon. 
Og eg er veldig spent på kva du ønsker deg;)

De er sjølvsagt opp til dokke om de vil ta den vidare ;)


♥♥♥


Ha ein nydeleg dag!

Eg er tilbake ikveld med vinnerane av Give Awayen min. 
Du kan melde deg på øverst til høgre fram til kl. 18.00.


Klem frå Bjørg :-)

lørdag 26. juni 2010

Fredag i ruskever!

I går berre opna himmelen seg og det pøste ned med regn
Kjedeleg! 
Vi vil jo ha sommer no



Eg føler egentleg at kvar einaste sommar,
 så går vi berre å ventar på sommeren som aldri kjem. 
Deprimerande...
men då blir det sydentur til hausten ;)


Og når ein ikkje kan vere ute, 
så gjeld det å finne på noko inne ;)


Vi inntok kjøkenet
Ariel på leiketeppe,
 eg delvis på kjøkkenbenken og ved symaskina.


Eg baka grove pizzahorn med 
ost, skinke og pesto.


Også sydde eg slike "hetter" til Norgesglas. 
Det var utruleg kjekt, 
skal lage fleire ;)


Eg sydde og denne rosa duken med blondekant (sjølvsagt;) 
Det er heilt utruleg kva ein kan lage med symaskina. 
No har eg gått "litt" amok på Panduro,
 og bestilt meir stoff :))


Dei rotete DVD hyllene spegler seg så "fint" i speilet her. 
Vi skal til IKEA om eitpar veker, 
så eg blader iherdig i katalogen etter ei ny finare løysing
Nokon som har eit tips?


Fredagskvelden vart tilbrakt foran TVen (les PCen ;) 
Med saft på den fine flaska frå Nille, og horn i eit klede frå Green Gate :)

I kveld skal mannen vere heime, 
og det gleder eg meg til! :)

No vakna det vesle "trollet" mitt etter formiddagsluren sin, 
så no blir det kvalitetstid ;)


Ønsker dokke alle ein strålande flott laurdag!



Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails