torsdag 29. september 2011

Gammalt sjøkart

Gamle kart er veldig dekorativt på veggen synast eg. 
Og då mannen fekk nokre gamle sjøkart etter Bestefaren sin så hadde eg lyst
 å få dette opp. Det tok litt tid men no
 er det på plass :)


Kartet er over Stadt. 
Ekstra kjekt sidan mannen er frå ut med havet opprinneleg :) 
Og at han er over snittet  (mildt sagt ;) glad i sjøliv!


Skrivebordslampa har eg hatt liggande ei stund. 
Den fann eg heime hos foreldrene mine. Lampa, pellisen og kartet er nok pynt
 synast eg. Less is more? ;)


Grønt mot rosa er så lekkert.
Bildene er tatt i gangen oppe mellom badet og soverommet vårt. 
Ein krok eg ikkje har vore fornøgd med før. Men no er både eg og mannen fornøgde.
 (han hadde sikkert klart seg uten det rosa då, riktignok ;)


Etter mykje sjukdom ligg eg etter skjema når det gjeld Give Awayen
Eg velger å utsette denne ei veke. Det vil seie til neste søndag 9. oktober. Snart skal eg få fiksa premiane slik at eg får lagt ut kva de kan vinne.
Meld deg gjerne på ved å bruke linken 
oppe til høgre.

Alle i heimen er heldigvis friskmeldt no. 
Men mykje å ta igjen av husarbeid, som naturleg nok har vore forsømt. 
Klesvasken har nådd uante høgder!! ;) Så no er det berre å 
brette opp ermane ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 25. september 2011

Ironlak

Før så brukte eg spray på det meste av småting som eg ville pusse opp. 
Men så gjekk eg lei, fordi eg synast utvalget av farger var så dårleg. Så eg brukte målekosten istaden. Men så fekk eg eit supert tips inne hos flinke Lidyll. Ho tipsa om
 nettbutikken KEM. Der får du spraylakk i dei herlegaste fargar. 
Billege er dei og :) Og eg var solgt, og bestilte nesten med
 det same. Det tok si tid før eg fekk dei, men igår 
kom det ein kar på døra 
med pakken. 


Her snakka vi søte farger :) 
Ariel vart til mi store glede mykje bedre igårettermiddag. Feberfri, og sa nam når ho fekk mat. Slik ein lettelse å sjå igjen den blide jenta mi. Energien min kom
 tilbake. Så når ho var i seng igår kveld måtte eg sjølvsagt 
teste ut sprayen ;)

Eg kjøpte ei lampe på Bruktbutikken for ei stund sidan. 
Eg likte forma, men ikkje fargen. Og no var det jo easy peasy å fikse det :)

Før;


Etter;

Her har eg brukt fargen Atmosphere. Som er ein nydeleg dus blåfarge. 
Lampa passer mykje bedre inn i spisestova no :)


Eg synast skjermen var litt plastaktig og ukosleg, 
så den sydde eg eit kvitt trekk til. Eg syr berre løpeganger på kvar langside
 trer i snøre og snurper det saman i kvar ende.


Ariel søv no formiddagsluren sin, og eg gleder meg til ho er våken og vi kan endeleg
 leike litt og kose masse. Ho er forstsatt litt trøttmen det er vel vanleg
 etter at ho har vore så sjuk. Så nytt sykehusbesøk
 er avlyst. Hurra!:)


Om du har lyst å sjekke ut Ironlak i herlege farger.
 Klikk deg inn her!

Ha ein strålande søndag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 24. september 2011

Tusen, tusen takk for alle gode ord de skriv til meg i Give Away- innlegget. Du kan fortsatt ta lodd i innlegget under her. Det varmer mykje med gode ord. Spesielt no i veldig travle
 og bekymringsfulle dager. Ariel har vore sjuk heile veka med halsbetennelse, 
høg feber og veldig slapp. Det toppa seg på torsdag då eg kom heim til ei 
veldig medtatt lita jente som ikkje hadde ete eller drokke heile 
dagen. Det vart innleggelse på oss frå torsdag til fredag. Der ho fekk
 veske intravanøst. Vi kom heim igår og no er ho flink å drikke igjen, 
og maten går litt bedre ned. Men fortsatt er ho så slapp og har litt feber.
 Men håper at dette er å vere på bedringens veg, ellers reise vi på 
sykehuset igjen. Det er ikkje noko kjekt å sjå lisjevennen sin vere så sjuk. 
Ho som pleier å vere så glad og fornøgd. Eg pleier som regel
 å legge ut glad-innlegg. Det vart ikkje det idag gitt. 
Men følte for å dele likevel..

Ha ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 21. september 2011

Give Away :)

For litt sidan passerte eg 500 følgera
Og dette er så fantastisk at eg føle det er på plass med ei feiring :)
Eg vil så gjerne gje noko tilbake til de som besøker Huset ved Fjorden og legg igjen
 slike fine kommentarer :)

Du kan vinne 1 av desse putetrekka, sydd av meg. 
Eit blir trekt ut på kommentar, og eit går til ein av mine følgera. Trekka passer
 til 45x45 cm innerpute og har 
konvolutt-opning.






Om du vil vere med, 
så kan du legge igjen ein kommentar under her (eg trekker i tillegg ein vinner
 blant mine fine følgera ;) Om du vil linke kan du bruke bildet over :) Anonyme
 må gjerne delta, men husk å legge igjen epost- adresse slik 
at eg får tak i deg om du 
skulle vere den 
heldige :)

Og eg blir veldig glad om du skriv nokre ord om kvifor
du les Huset ved Fjorden.


Trekning blir 9. oktober.

Tvi tvi ;)

Klem frå Bjørg :-)

mandag 19. september 2011

Nytt gammalt skap i gangen.

Endeleg er skapet begynt å bli ferdig.
Skapet fann vi ifjor vår på eit jonsokbål som var klart til brenning. 
Historia om korleis vi fann det finn du her.


Då eg fekk det heim var eg i ein periode der det meste vart måla kvitt. 
Så egentleg er eg veldig glad for at det stod på vent så lenge. For no elsker eg dei slitte dørene, og det skal få vere slik. Eg har kun måla det kvitt innvendig. 
Og det har fått ein stor kvit porselen-blomst til knott.
Knotten er frå Kremmerhuset.


Når eg starta på målejobben oppdaga eg små hol her og der, som tyder på at det har vore småkryp i skapet. Difor måtte eg behandle det først. Eg brukte eit middel kjøpt i måleforretning og spraya dette på. Så får eg håpe at det har tatt knekken
 på eventuelle dyr som var igjen.

Skapet er egentleg eit veggskap. Så det mangla plate
 på toppen. Snille Pappa saga til ei plate til meg, som eg måla kvit.
Der var heller ikkje sidevegger i skapet, så dette må vi på plass, 
så skal huset romme sko. Bilder kjem når 
dette er klart :)


I helga har vi vore på tur, og då kom eg over eit loppemarked
Hjertet gjorde eit hopp når eg såg plakaten og eg måtte sjølvsagt ta turen innom. 
Eg fann blant anna denne skåla i emalje med hank. I love it! Det vart også med
 heim diverse søte saker med blomster på ;)


Eg håper alle har hatt ei fin helg, og er klar for ei ny veke :)


Fin måndag til deg som titter innom!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 14. september 2011

Lampe Før&Etter

Denne lampa har som nokon kanskje husker fått ein liten makeover før. 
Då sydde eg eit blårutete trekk til skjermen. Men igår "fauk" eg på den på ny ;)
Det er så kjekt å redesigne ting du allereie har. Du får plutseleg
 ein ny ting i stova utan å bruke ei krone ;)

Foten måla eg med 0100 hvit
Og skjermen vart fornya med lillablomstrete stoff og blondekant
Fornying på 1-2-3, det tok meg ein kveld. Og eg er 
ganske fornøgd ;)


Stoffet eg brukte er eit sengetrekk frå Spar Kjøp. 
Eg kjøper ofte billege, fine sengetrekk eg kjem over for å bruke stoffet til kreative syssler :) 
Dette skal også snart bli ein del av eit lappeteppe og
 nokre puter (nope, eg får aldri nok puter ;).


Eg og Ariel har hatt fri idag. Vi starta dagen med ein legetur
Ariel har vore så forkjøla i det siste, og idag våkna ho med augebetennelse. 
Greit å få sjekka, sjølv om det ikkje var noko alvorleg.
Linselusa mi måtte sjekke ut den nye pynten;)


Ellers har eg fått baka grove horn med bacon og fetaost. 
Så no er nistematen for imorgon i boks. Vi måtte jo 
sjølvsagt teste dei til kvelds ;)


Haha, skikkeleg bloggebilde, med tom kaffikopp ;)


Eg er så stolt og glad, for igår passerte eg 500 følgera her på bloggen. 
Heilt utruleg og veldig, veldig kjekt! Tusen takk for at du
 tar turen innom!


No skal eg dukke ned i målingspannet og teste
 ut ein ny farge eg kjøpte idag ;)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 12. september 2011

Nytt vatt-teppe :)

I helga hadde eg nokre timar for meg sjølv på shopping
 i Førde for første gong på 2 år! Jammen 
på tide ;)

Eg var så heldig å få litt penger til bursdagen som eg skulle kjøpe meg noko for. 
Men det er rart med det, eg handla mest til Ariel ;)
Men litt vart det på mor og.


Blant anna fann eg dette fin-fine vatt- teppet på Jysk. 
Jysk har ein del fint faktisk, og når teppet kosta kun 229, ja då var ikkje 
vegen til kassa så lang ;)


Teppet har forskjellig mønster på kvar side, og begge er like fine. 
Hvertfall for ein rosemønster- "freak" som meg ;)


Fatet er frå Figgjo, og det vart mitt på Bruktbutikken i Førde til kun kr 15 ;) 
Lysestaken fann eg på Kremmerhuset, vasen er også derifrå. 
Den har eg hatt ei stund.


Ha ein strålande mandag!

Klem frå Bjørg :-)
PS; eg er veldig spent på kven som blir min følger nr 500 :))

torsdag 8. september 2011

Spisestova

Etter at vi fekk ut den stygge peisen og inn med finaste dagsenga
 har eg blitt så fornøgd med spisestova vår. 

Det som før var ein krok eg ikkje likte å sjå på, 
er no blitt ein stad eg blir glad av. 
Ro i sjela! ;)


Senga kjøpte eg på bruktbutikken for 250 kr. 
Og det har aldri vore aktuelt å måle den. Den er perfekt som den er. 
Den har ein kremfarge og herleg slitasje.
Den er kun vaska grundig :)


Den er blitt favorittplassen for mannen å sove formiddagslur på. 
Og det er kjempekosleg å lese for Ariel her.



Om du trykker her ser du kva som har skjedd
 i stova vår etter at vi flytta inn. 



Ha ein super kveld!


Klem frå Bjørg :-) 
(som har vore på bruktbutikken idag og funne nokre små 
makeover- prosjekt, hurra! :)

onsdag 7. september 2011

Endå meir puter..

Det har blitt ein del putesying i heimen i det siste. 
Eg må jo fylle opp dagsenga ;) Denne gongen har eg sydd kvite putetrekk,
 og pynta med blonder på den eine og ein hekleduk på den andre. 
Kvite og litt nostalgiske synast eg :)

 Tusen takk for alle gode ord de legg igjen! Eg set så utruleg 
stor pris på det. Det er jo tilbakemeldingane som gjer at ein får lyst å 
fortsette med blogginga ;) Eg har mange ganger lurt på å slutte, men så kjem der nokre ord som gjer at eg vil fortsette likevel. Så tusen
 takk igjen !

Til slutt må eg ta med eit tips;
Din kjøkkenkrok har -40% heile butikken
Løp og kjøp her!

Ha ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 4. september 2011

NIB Utfordring Sept- Haustfølelsen

NIB si utfordring for september er å fange haustfølelsen
Eg slår to fluer i ein smekk og viser fram den fine gamle dagsenga vi har 
fått på plass i spisetova.


Haustfølelsen for meg er at lufta blir skarpare, kveldane mørkare og 
det blir ekstra bra å kose seg inne. Pastellane i interiøret blir ein anelse mørkare og puter og pledd skal det vere mykje av! Lyng høyrer også med for 
å få hausten i hus.


Det er så herleg å kunne tenne stearinlys og krype under teppet med te i koppen 
og ei god bok. Difor er det supert at vi innleier hausten med å få inn denne
 senga. Dette blir ein perfekt haust- kose- stad ;)


Men hausten er og så mykje meir. Eg synast det er endå herlegare å vere ute i denne tida. 
Kle godt på seg, og kjenne den friske lufta. Plukke epler og nyte dei flotte fargane som dukker opp i landskapet. Hausten er og tid for å vere kreativ. Eg har mange prosjekt på lur
(som alltid) som eg gleder meg til å få ferdig/begynne på.
Og ikkje minst er det eit teikn på at det 
nærmar seg jul! :))


For å få herleg og haustleg inspirasjon kan du sjå her.

Ha ein fin haustdag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 3. september 2011

Bursdagsgåve + Finnerlykke ;)

Bursdagsgåva mi frå mannen skuffa ikkje i år heller :) 
Han er utruleg flink å kjøpe gåver! Eg fekk ein etterlengta MyCinnamonGirl kjole. 
Den er heilt herleg å gå i. Ariel har ein i brunt. Litt moro med mor&datter i same sort kjole ;) Og to fantastisk flotte bøker fekk eg; "Made by me" og "Romantic Prarie Style". 
Dei anbefalast varmt, der er haugevis med nydeleg inspirasjon. 
Dei kan kjøpast på Capris.
Tusen takk snille 
mannen! :)

Så må eg fortelle om eit supert funn eg gjorde i veka. 
Eg har lenge sett etter eit teppe å ha i dagsenga. Eg har tråla nettet, men liksom ikkje vore heilt fornøgd med det eg fann. Så skulle vi i middag til foreldrene mine. Og der! Slengt på ein sofa etter ei oppryddning i turisthyttene, der låg det faktisk. Det perfekte teppet!! Vatt- teppe lykke, rett og slett:) Etter å ha smilt fint og spurt endå finare, 
så vart det jammen mitt! 
Hurra! :)


Eg håper du har ein nydeleg laurdag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails