fredag 30. mars 2012

Nydeleg mintgrøn farge

Eg har alltid vore glad i grønt. 
I år er det i tillegg trendy, etter at den er kåra som årets farge ;) 
Etter litt leiting har eg funne ein kjempefin mintgrøn- farge. Tidlegare har eg brukt grønfargen Hammershöi titt og ofte (blant anna på skoddene i TV-stova)men eg ville ha ein litt annen nyanse i tillegg. Mint fargen er litt mørkare, men også friskare enn Hammershöi,
 men likevel sånn passe nostalgisk. Akkurat 
slik eg ville ha den ;)

Først ute til å bli måla var denne krakken
Den er eit loppefunn eg gjorde for eitpar år sidan. Den vart først måla lilla,
 ein farge eg ikkje får til å passe inn hos oss lenger.  Så den har stått på loftet ei stund, 
til den no fekk ny drakt i mintgrønt ;)

Fargekoden fann eg her på søte Ida sin blogg Sukkertøy for øyet. 
Ein fantastisk fin blogg som eg anbefaler
 på det varmaste :)

I dag skal eg vaske ferdig vindaugene 
og gjere det litt påskefint i huset, mens Ariel er i barnehagen.

Ha ein super fredag, og god Palmehelg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 29. mars 2012

Loppefunn Del 2

I dag har eg lyst å vise fram resten av loppene eg fann på søndag som var. 
Ikkje akkurat gamle skatter dette, men veldig 
kjekke ting for Ariel :)

 Desse hekla melonane vart perfekte på leikekjøkenet til Ariel. 
Var ikkje dei fine vel? Det ser ut som om dei er heimehekla, kreativt! Nesten ei skam
 å berre betale kr 5,- pr stk. Eg har allereie fått dei servert
 på fine små fat både 1,2 og 3 gonger ;) 

Mamma fann to stk barnekostymer som ho kjøpte til Ariel. 
Ein dinosaur og ein bamse. Dette vart veldig populært
Spesielt dinosaurkostyme skal ho ha
 på heile tida ;)

  Det vart litt uklart bilde, det er vanskeleg å fange ein
 "skummel" dinosaur med kameraet ;)

Denne søte Pippi- kofferten vart også Ariel sin til ein veldig billeg penge. 
Eg digger slike kofferter. Ikkje berre er dei fine, men og
 kjempepraktiske å oppbevare tegneblyanter, 
leire, perler osv.


Eg har nokre frå før som er kjøpt på Søstrene Grene i København. 
Dette er dei to øverste på bildet :)

Jepp, då var loppefunna mine grundig dokumentert ;P 
Neste loppis på meg blir sikkert ikkje før i slutten av juli. Og det er lenge til det! 
(eg får trøste meg med bruktbutikken så lenge ;)

Ha ein super torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 27. mars 2012

Loppefunn Del 1

Loppemarked er igrunn fascinerande. 
Nokre sitt skrot blir rett og slett andre sine skattar ;)
Her i området er det loppis berre sånn ca 3 gonger i året. Difor satte eg og Mamma oss i bilen og køyrte i til saman i 2 og ein halv time for å få med oss Loppemarked på
 Tanteungen min sin skule :)

 Det første eg såg når eg kom inn i lokalet var denne vinballongen
Og slike er jo skikkeleg poppis for tida. Når vi i tillegg klarte å knuse ein som stod i kjelleren vår for litt sidan vart eg ekstra glad for å finne denne. No har eg ikkje heilt peiling,
 men eg trur at 200 kr for denne var eit kupp?

 Vinballongen er kjempefin å ha lange blomster eller kvister i. 
Ein kan ha ei lysslynge i, eller berre la den vere som den er. Fleire forslag? :)

 Den brune "vasen" vart også min til berre 20 kr. 
Den minner meg veldig om desse medisinflaskene som er på mange blogger/interiørblad for tida. Og eg har hatt slike på ønskelista mi, 
så eg vart overlukkeleg når denne dukka opp. 
Loppis = moro!

 Ellers så fann eg denne store oppbevaringsboksen i metall og eit gammalt
 broderi av ein Hyancint, som eg har tenkt å bruke på
 eit putetrekk eller liknande.

 Store rammer ser eg alltid etter på Loppemarked eller Bruktbutikker. 
Her betaler ein ofte ingenting for slike, i motsetning til på butikker. Der er slike dyre
Om ikkje fargen fell i smak (som med dei eg fann ;) så er det berre
 å måle eller spraye :)

I tillegg til alt dette fann eg litt av kvart til Ariel. 
Det kjem i eit anna innlegg. Eg treng vel ikkje å seie at eg storkosa meg 
på dette loppemarkedet? ;) I tillegg fekk vi litt kvalitetstid med 
søstra mi og familien. Ein flott søndag! :)

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 25. mars 2012

Nysydd pute til Ariel sitt rom

Etter inspirasjon frå ein genser som Ariel har og diverse nettsider har eg sydd ei pute med hus på. Det var eit morosamt syprosjekt. Også fekk eg brukt av dei
 nye fin- fine stoffa mine :) Hjertestoffet er ei gardinlengde kjøpt brukt,
 rosestoffet er frå ei gardinlengde frå Ikea, det prikkete
 og stripete turkise stoffet er frå Tilda
 og det turkise med blomster
 er frå Stoff og stil.


Det er første gongen eg syr på denne måten. 
Og den har litt skjønnhetsfeil her og der, men men. Er igrunnen fornøgd, eg :) 
Eg klipte ut dei forskjellige delane i ulike stoff. Og applikerte dei 
på framstykke av puta med tett sikk-sakk saum.
Baksida er kvit med lommeopning slik alle
 putene mine får ;) 

 Eg synast puta passa godt inn på rommet til Ariel. 
Det er godt å ha ei pute i ryggen når vi les eller syng frå bøker før leggetid :)

Ellers har ei rosa leselampe kjøpt brukt komt over stolen.
 2 speil som eg har måla rosa og grønt er komt over senga. 
Sengehimmelen har eg heller ikkje vist før. 
Den er frå Ellos.

Slik ser det altså ut på motsatt side av veggen der leikekjøkenet står på Ariel sitt rom. 
Settekassene, fuglehuset og huset med skuffer har eg fiksa på for ei stund tilbake. 
Kjempekoslege prosjekt med måling, papir/tapet og lim :)

 morgon på desse tider koser eg meg forhåpentlegvis 
blant mange skatter på Loppis ;) Eg og Mamma skal køyre ein god time kvar veg for å få det med oss. Sånn er det når ein ikkje er vekkskjemt 
med Loppemarked i nærheten
 kvar helg ;)

Tusen takk for fine kommentarer,
 og hjarteleg velkomen til nye følgerar! Stor stas! :)

Strålande dag til deg som titter innom!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 23. mars 2012

God helg :)

Så var det helg igjen. Denne helga blir det loppis
og eg gleder meg som ein liten unge ;) 
Eg tipper det ikkje er berre meg som får
sommerfugler i magen
 av loppemarked?

 Ny Tine K skål er komt på bordet, endå ei i blå berre litt mindre. 
Denne fann Mamma for meg på Heidi Bo i Førde.
 Eg synast dei er så fine :)

 Ranunkelbuketten eg kjøpte før i veka er fordelt i fleire buketter og enkeltvis utover heile huset. Spisestova er intet unntak ;) Herleg med litt farge i det ellers så lyse rommet. 
Men blomstrane vare jo dessverre ikkje evig. Kanskje ein duk
 på spisebordet med litt farge 
hadde gjort seg? :)

Dei fine vatt- teppene mine har komt inn i varmen igjen etter å ha tilbringt hausten og vinteren på gjesterommet. Ariel fekk denne kjempesøte dukkevogna 
til jul. Den er mykje brukt :)

 Tusen takk for at du titter innom Huset ved Fjorden! 
Og eg håper helga di blir fantastisk fin! :)

God helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 21. mars 2012

Velkomen inn på..

...soverommet vårt :) 
Det har fått seg ein aldri så liten "facelift" i det siste, 
etter å ha vore forsømt veldig lenge. Alle soveromma og gangen i 2.etasje skal 
pussast opp etterkvart. I mellomtida får ein gjere det beste ut av det :)
Eg har gått for ein luftig og lys stil her inne. Det er ikkje så mange
 fargeinnslag, fordi vi vil at det skal vere 
ei roleg stemning her.

 Senga vart kjøpt før jul ifjor på Skeidar. 
Den er kjempegod og ikkje så verst å sjå på heller. Nattbordslampene er også 
ganske nye, dei er frå IKEA. Bildene over senga er frå Pappa
 sitt gamle Herbarium :)

 I garderobedelen er kommoden frå gangen komt inn. 
Den er fin til oppbevaring av undertøy og sokker. Speilet eg hadde ein makeover på for litt sidan med decoupage er komen på veggen, det same er ei Lack-hylle frå Ikea og drivved
 frå fjæra. Eg er kjempefornøgd med å ha ein stad å henge fram litt kle. 
Og drivved er jo gratis ;)

Nattborda våre er kjøpt på Bohus for mange år tilbake. 
Gardinene er kjøpt hos Ellos. Golvet på soverommet vårt er eit gammalt tregolv
Dessverre har det fått ein del målingsflekker. Planen er å slipe det ned,
 og enten olje eller måle det. Men det er nok langt fram i tid.


Tusen takk for fine kommentarer som de legg igjen!
Det varmer mitt :)

Ha ein fin onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 20. mars 2012

Stilleben

Eg fekk lyst til å delta i månadens utfordring hos Foto- bloggen Øyeblikk. 
Beklager reprisen av dette bildet så snart ;)
Utfordringa er å vise eit stilleben
som er eit enkelt bilde
 av stille liv.

For mykje flott inspirasjon,
 eller delta sjølv kan du trykke her! 

Dette bildet er med i en fotokonkurranse hos Øyeblikk - http://www.oyeblikk.net/ 

Ha ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 19. mars 2012

Pute med Påskevibber :)

Dei som følger bloggen fekk kanskje med seg at eg etterlyste ranunkler i butikker i nærområdet her. Og no når eg endeleg fann, så var det berre igjen ein bukett med mest oransje blomster i. Ikkje den fargen eg vanlegvis hadde valgt, 
men med heim vart dei ;)

Og det endte med at eg vart kjempeinspirert av fargen. 
For den var faktisk veldig fin i TV-stova vår. Eit skikkeleg friskt pust
som passer glimrande no til påske.

Plutseleg hadde eg sydd ei gul- oransje 
pute som matcher ;) Eg brukte stoff frå eit retrodynetrekk
 funne på Bruktbutikken i Stryn. Baksida har lommeopning i kvitt stoff. Eg liker best å lage putetrekka slik at eg kan ta inn og ut innerputa.


Den mintgrøne telysholderen vart med heim frå Nille her ein dag!
 Heilt nydeleg farge, spør du meg :) Vasane 
er frå Kremmerhuset.

Eg håper måndagen din er fin!

Oppdatert: Dette er også mitt bidrag til NIB si 
utfordring for april- Colour addict :)
Klikk her for fleire bidrag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 18. mars 2012

DIY; Duftlys

Eg har prøvd meg på å støype lys
Og det frister til gjentagelse, for det var enkelt og moro! :) 
Og det beste av alt er at dette er gjenbruk på sitt beste. Det meste har du 
allereie i huset ditt :) Viss du også har lyst å prøve, 
så kjem framgongsmåten her.


 Du treng;

- panne
- syltetøyglas
- lys- stumper
- lys- veker (eg kjøpte på Panduro)
- duftolje (Kremmerhuset)
- Hermetikkboks (eg brukte ananasbokser)
- stoff (kan også bruke papir eller det du har)

 Slik gjer du;

- Sett vatn på kok i ei panne. 
- Ta lysstumpane (klipp vekk eventuell svart veke)  i syltetøyglaset
 og sett det i det kokande vatnet. Hell i nokre dråper
 med duftolje.
- For at veken ikkje skal flyte opp, knytte eg den i ein spiker og la den i botnen av hermetikkboksen (det finns sikkert andre måter som er bedre ;) Veken retta eg opp ved å feste den med to pinner på toppen av hermetikkboksen.
- Når lysstumpane er smelta helte eg stearinet over i hermetikkboksen. Pass på at vekane frå lysstumpane ikkje følger med (dei kan du ta vare på til neste gong du vil lage lys ;)
- Pass på at veken står rett og sett til avkjøling. 
Dette tar nokre timar :)

 Så kjem det kjekkaste, nemleg å dekorere boksen. Eg har gjort det enkelt denne gongen og berre sydd trekk som eg har tatt rundt. Det kvite stoffet med brune hjerter
 er frå ei gardinlengde kjøpt på ein bruktbutikk. 
Det turkise er frå Tilda-kolleksjonen 
til Panduro.

 Om du ikkje er glad i å sy, er det like dekorativt å lime på
 scrapbookpapir, gåvepapir, tapet eller liknande. Her er det kun fantasien
 som set grenser :)


Tusen takk for alle fine ord de legg igjen.
 Og det er så kjekt at det stadig dukker opp nye fjes i følger- boksen min.
 ♥ velkomen !

Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 17. mars 2012

Fin helg til DEG! :)

Innom ein snartur for å ønske deg som er innom ei flott helg! 
Her skin sola og våren er i lufta. 
Herlege tid! :)

 Nellikane som har stått like fint i snart 2 veker, har fått selskap av gule roser.
Eg trur eg må vere avhengig av å ha blomster i hus ;) 
Må ha det, berre ha det!

Eg håper sola skin på deg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 15. mars 2012

Billy...

...frå IKEA kan brukast til så mangt ;)
Vi har valgt å bruke eit Billy bokskap med vitrinedører som kleskap på Ariel sitt rom. 
Sidan rommet ikkje er så stort ville vi ikkje ha noko stort kleskap. 
Men dette er perfekt i størrelsen.


Eg kjøpte også eitpar lengder med gardiner på IKEA. 
Eine lengda klipte eg opp og sydde gardiner til skapet. Dette er for å skape
 eit ryddigare inntrykk. Det er ikkje så gale at stoffet
 er supersøtt heller ;)


Eg har igjen ei lengde til av stoffet som skal brukast
 til blant anna babyteppe, puter og det eg ellers skulle kome på ;) 

Skapet passar fint inn på Ariel sitt rom, 
for her er det skikkeleg rosa og jentete stemning :)


  Ariel elsker å leike på kjøkenet sitt. 
Her dekker ho på og serverer dukkene sine. Av og til får vi foreldrene streng 
beskjed om at no er det MAT! ;) Så då er det berre å møte 
opp og bli servert ;)

 Leikekjøkenet, bordet og stolane har vi laga sjølve. 
Vi har redesigna møbler som ikkje var i bruk lenger, og pussa opp diverse barnemøbler.
Du kan lese korleis eg gjorde det her og her :)

Tusen takk for gode ord, 
og hjarteleg velkomen til nye følgerar! :)

Eg ønsker deg ein super torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 14. mars 2012

Litt frå gangen

Ut i frå desse bildene kan det sjå ut som om det ikkje har skjedd så mykje i gangen vår. 
Bortsett frå fine gule ranunkler i potte frå Grete/ Studio H. Men det stemmer
 egentleg ikkje for her har det over tid skjedd mykje. Det er berre ikkje 
heilt "bloggeklart" endå ;)


Vi har lagt teppe i trappa, men her mangler listene endå. 
Og ein vegg som har stått open inn på isolasjonen er blitt plata, lista og måla.
Og idag har Mannen og Pappa begynt å bygge opp igjen inngangspartiet
Hurra! Eg liker at det skjer ting ;)


 For nye lesera kan eg fortelle at skapet du ser på bildet redda vi frå eit jonsokbål. 
Eg har kun behandla det mot skadedyr, måla det inni og skifta knott.
 Eg digger det slitte uttrykket det har :) 


Krakken har eg pussa opp. Den hadde mørkegrønt skinnsete og brune bein.
Eg har måla den kvit og trekt setet med stoff frå eit retro- dynetrekk
 kjøpt på Bruktbutikken. Lysestakane er måla med
 fargen isvann og fatet på veggen
 er eit bruktfunn.

Fin onsdag til deg!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails