torsdag 26. april 2012

Bildevegg i gangen

Eg har laga ein bildevegg i gangen i første etasje. 
Her kom nokre av rammene etter loppe-og bruktbutikk rundane mine til nytte :) 
Alle rammene hadde opprinneleg forskjellige farger. Derfor målte eg
 alle svarte for å få eit litt strammare uttrykk mot
 Ikea- kommoden som fekk romantisk
 tapet for ei tid tilbake.

 Bildene er skreve ut på fotopapir og funne hos min venn Google ;) 
Augestikkeren og sommerfuglbildene er velkjente motiv i Bloggland. No har eg mine eigne omtrent gratis til eg får råd til orginalane. Titanic- bildene og det store som
 er frå 2.verdenskrig er til ære for
 mannens interesser :)

Ny bildevegg ved å bruke det eg allereie har og nesten gratis,
det kan eg like. Kva synast du?

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

PS; eg har fått ein del spørmål om kor pleddet som heng over stolen er kjøpt. 
Det kjøpte eg hos Jotex for ei stund sidan. Eg trur ikkje det er i salg lenger dessverre :(

onsdag 25. april 2012

Gammalt sjøkart på veggen

Eit gammalt sjøkart mannen har fått etter Bestefaren sin,
 er komen på veggen over det turkise skapet.
Før hadde vi det oppe i gangen, no har
 det fått hedersplassen i TV stova.

 Ramma fekk eg av same dame som eg fekk skapet av. 
Den var egentleg gullfarga, men etter 2 strøk måling er den no svart :)
Eg har som sagt før veldig sansen for svarte 
kontraster i interiøret.

 Ramma er uten glas, så den er berre festa til veggen og kartet er 
spikra rett på veggen i midten. Eg synast det
 gav ein fin effekt :)

 Det kjem dårleg fram på bildet, men vi har lagt ei lyslenke ned i vinballongen. 
No fungerer den som ei skikkeleg stemningsskapande
 lampe på kveldane. 

 Eg er kjempefornøgd med den "nye" TV-stova vår. 
Og det beste er at mannen også er fornøgd. Spesielt likte han å få kartet på veggen, sidan han er over langt over snittet interressert i sjøfart.

Fin onsdag til deg som titter innom!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 24. april 2012

Eg ♥ markblomster

Ein av dei tinga eg digger med våren,
 er desse søte små blomane som stikk hovudet sitt opp av jorda.
Og når ein har plukka inn ein liten bukett. 
Ja, då er det vår!

 Buketten av kvitveis og smørblomst
 har eg plassert i ein mintfarga telysholder frå Nille.

I dag er det heilt stille i huset. 
Ariel er i barnehagen og mannen søv etter nattevakt. 
Eg har tusen ting å ta meg til, men eg velger å kose meg litt til før eg starter. På strikkepinnane har eg ein kjøkkenklut i turkis og eg har nettopp fått boka "Homespun Style" av Selina Lake i hus. Og her snakker vi flott inspirasjon! Eg er heilt betatt.
 Ekstra moro er at det er med fleire bilder frå heimane 
til hvertfall 3 norske bloggerar. 
Eg har bestilt den her 
hos Capris. 

 Tusen takk for alle fine ord de legg igjen! 
Eg blir så utruleg glad for kvar einaste eit. Og hjarteleg velkomen
 til nye følgerar. Eg håper de vil trivast 
her hos meg :)

Eg håper dagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 22. april 2012

Retroputer

Eg har alltid vore glad i fargerik retrostil, noko som ikkje alltid syner i huset vårt. 
Men no i vår/sommar skal den få utløp i stova vår, har eg tenkt. For litt sidan kjøpte eg nokre retrostoff av Kaspara i bloggbutikken hennar En dose Retro
Det anbefalast å følge med her, for det leggast stadig ut godbitar
 til ein billeg penge og med god service :)

 Stoffbitane er frå gamle retrodynetrekk og vintagestoff, og dei er mjuke og gode. 
Og derfor perfekte å sy puter av. No har fire av stoffbitane eg kjøpte blitt
 til fargeglade puter i sofaen. Og fleire er på veg ein
 gong lysta er der :)

 Det har vore nydeleg ver her idag. 
Eg og Ariel har plukka inn den første buketten med markblomster. 
Det er vår det! :)

 Dei to putene til venstre har eg sydd for ei stund tilbake. 
Desse er sydd av retrostoff som eg sjølv har funne på bruktbutikken.

 Tusen takk for alle kommentarer i innlegget under. 
Det var overraskande mange som likte det turkise innfallet mitt, og det er stas det :) 
No er innlegget oppdatert med fargekoden
viss du er interressert i den :)


Ha ein fantastisk søndag!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 20. april 2012

Crazy?

Her har det skjedd litt impulsive saker og ting i det siste. 
Det begynte med at eg forelska meg i ein turkisfarge frå ein svensk heim i siste Boligpluss. 
Så fekk eg høyre om eit gammalt skap med utskjæringer som ei kjempesnill dame
 ville bli kvitt. Og plutseleg (etter masse jobb ;) så hadde vi ei ommøblert 
TV -stove med "nytt" turkist skap.

Skap før;
 Som regel pleier eg å køyre trygt med kvitt eller svart på store møbler, 
og heller leike med farger på små. Men no kunne eg ikkje få denne turkisfargen ut av hovudet, og bestemte meg for å ta sjansen og vere litt "crazy" ;)

Skapet etter;

Ramma som står opp på fekk vi og av same dama. 
Denne har eg måla svart, og skal snart opp på veggen med eit gammalt sjøkart inn i :)
Noko som er veldig moro er at ho som gav oss dette kunne fortelle at skapet har stått i huset vårt før. For som lita jente budde ho og familien i dette huset.
 Som ho sa; "skapet er på ein måte komen heim." 
Eg for min del håper berre at det liker
 si nye drakt ;)

 Kva synast du om mitt "nye" turkise skap?

Fleire bilder kjem når eg har fått ordna ferdig. 
Det blir mange nye idear som dukkar opp når ein held på å fikser og styrer :)


Oppdatert; Det er mange som har lurt på fargekoden til det turkise skapet. 
Eg har brukt Green Room interiør 40 glans 
Fargekode S0530-B50G

Ha ein fin- fin fredag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 18. april 2012

Strikke vrangt..

Handarbeidkunnskapane mine får stadig små påfyll. 
No har eg lært meg å strikke vrangt av min gode venn Google ;) 
Og for å øve meg har eg strikka ein kjøkenklut
 i søte bomullsgarnfarger.

 Eg strikka ein omgang med rette
deretter ein omgang med annakvar rett og vrang
Også fortsatte eg slik. Til slutt laga eg heklekant rundt og ei løkke til oppheng.

 Og det beste av alt er at kluten faktisk er kjempegod i bruk! 
Den er til og med godkjent av mannen. Så her blir det nok strikka fleire :)

Denne kvelden skal tilbringast godt planta på sofaen
Eg har gløymt å slappe av dei siste dagane, og det har eg fått merke idag. 

Ha ein fin-fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 17. april 2012

Nytt på badet

Tenkte eg skulle vise litt bilder frå badet vårt idag. 
Kassen i vindauge har eg måla svart, og den rommer no handkle, 
vaskekluter og flasker til badesåpe.

 Badematta som heng over badekaret er frå HM Home. 
Badekaret er kjøpt hos Coop Extra Bygg og krakken er frå Jysk, den vart blå
 etter nokre målingsstrøk for ei stund sidan. No lurer eg på å måle dei 
to dørene på badet i same fargen :)

 Då vi var på Bergenstur i mars vart det sjølvsagt Ikeatur. 
Og då vart kommoden Hemnes med heim. Denne skal vi bruke til stellebord, 
mens vi treng det. Skuffene er gode og romslege og skal inneholde bleier, 
stelleutstyr og kle til våre snart 2 små :)

"A smile is the prettiest thing you can wear"
Wallstickersen er også forholdsvis ny. Fine ord som kan hengast på veggen,
utan å øydelegge den med spikerhol 
liker eg på badet :)

Badet vårt har mange krinkler og kroker
Bak meg på dette bildet finner du toalettet, dusjen og ei dør inn til vårt soverom.
Innreiinga er frå Ikea. Eg har planer om å få nokre gardiner i glasdørene, 
men eg er ikkje komen så langt endå :)

 Eg har vore så heldig å få i hus nokre flotte bruktskatter i det siste. 
Men først må den eine hengast opp og den andre målast ferdig. 
Eg gleder meg til å vise fram :)

Tusen takk for alle dei fine kommentarane i forrige innlegg. 
De er så snille!!:)

Ha ein flott dag! Her skin sola

Klem frå Bjørg :-)

søndag 15. april 2012

Ferdig babyteppe :)

De som har lest bloggen min har kanskje fått med seg at eg
 starta å strikke eit lappeteppe for ei tid tilbake. 
Dette er eg no ferdig med :)

 Det var mykje arbeid, og tok litt tid. 
Men det var igrunn veldig kosleg å putle med det.
Eg er ganske fornøgd, med tanke på at det er mitt første "store" strikkeprosjekt :)
(så får vi heller oversjå alle små skjønnhetsfeil ;)

 Eg har strikka 16 lapper i fargane grøn, rosa og kvit. 
hekla eg lappane saman med fastmasker. Rundt teppet har eg først hekla
 to omganger fastmasker i kvitt. Etterpå hekla eg 1 omgong med grøne fastmasker. 
Til slutt har eg laga "bølgekant" med luftmasker.

 Det er rart å tenke på at om berre ca 2 mnd er lisjejenta her og kan bruke teppet. 
Eller det vil seie; sidan teppet er i ull blir det vel heller til 
hausten det blir tatt i bruk :)

Eg håper du har hatt ei strålande helg, 
og god søndag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 12. april 2012

Enkel fornyelse på kjøkenet

Det er lenge sidan eg har vist noko anna frå kjøkenet enn spiseplassen. 
Så no var det på høg tid ;) Kjøkeninnreiinga vår er den velkjente
 Lidingø frå IKEA. Eg er veldig fornøgd med den :)
Den dagen eg skulle klare alt på ein gong, 
måla eg ramma som heng på døra. 
Eg har måla den i lilla før,
 men no er den 
grøn og 
fin! ;)

 Bøttene med lokk som står i hjørnet er frå IKEA, 
dei bruker vi til kildesortering av 
tomflasker og papir.

Skapet der eg har mykje av GG "stæsjet" mitt er kjøpt hos Kremmerhuset. 
Eg var så uheldig at eine knotten datt av, så det har stått
knottlaust ei stund. Men no har det fått
 nye frå Åhlens.


Eg har fått nokre spørsmål om kor eg har kjøpt voksduken min. 
Og det kan eg sjølvsagt fortelle, men eg veit ikkje om det er så mykje til hjelp. 
For eg kjøpte den til redusert pris som metervare på ein Fargerike
butikk i Førde som skulle slutte
 å selge voksduker.

Kjøkenet vårt er også eit av romma vi har pussa opp frå grunnen av. 
Viss du er interessert i å lese meir om det kan
 du trykke her!

Tusen takk for gode ord, og hjarteleg velkomen til nye følgerar! 
Eg blir så utruleg glad for kvart einaste besøk og tilbakemelding. 
Det varmer ♥ mitt veldig skal de vite :)

Eg håper dagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 10. april 2012

Effektivitet

Så var det tilbake til kvardagen etter ei fin påske. 
Ariel er i barnehagen og mannen snekrer veranda. Eg prøver å gjere alt på ein gong. 
Noko som ikkje er særleg effektivt ;) Når ein prøver å rydde, måle rammer, 
ordne blomster, strikke og blogge på same tid så går det faktisk ganske
seint å bli ferdig med ting. Hehe..eg er eit 
håplaust surrehovud til tider ;)



Eg håper din dag er meir effektiv enn min ;)

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 4. april 2012

God Påske! :)

I dag går mannen på friskift, og påska kan starte i Fjordhuset. 
Dermed blir det stille her på bloggen til over helga. No skal fridagane
 nytast ilag med venner og familie :)

 Gul blomster og ein liten påskekylling
 med plass til telys (Nille) lager påskestemning på kjøkenbordet.

 Nytt forkle frå Ahlens henger på veggen. 
Eit såkalla må-ha-kan-ikkje-gå-frå-det forkle ;)

 Gule eggeglas frå Kremmerhuset
 og gul skål frå Nille er komen i hylle anledning påska.

 Som ellers i huset har ikkje påskepyntinga "tatt av" på kjøkenet heller. 
Men vi skal nok klare å kose oss likevel ;)

God påske til alle som titter innom. 
Kos deg mykje!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 2. april 2012

Påskeegg i trollhassel

Påskeegg i trollhasselgreiner er ikkje akkurat nokon ny ide. 
Men det  var veldig kjekt for Ariel å henge dei opp. 
Her i full konsentrasjon :)

Påskeegga kjøpte eg billeg på Nille før påska ifjor. Men eg har sett 
at dei har liknande i år også.

 Og vips så vart det litt påskestemning 
på skjenken i spisestova også.

 Ariel har laga denne søte påskekyllingen i barnehagen. 
Den må sjølvsagt stå framme! Det er kjempekosleg at ho er blitt så stor at ho kan
 hjelpe Mammaen med pyntinga :)

Tusen takk for fine ord de legg igjen,
 og velkomen til nye følgerar. 
kosleg! :)

Kjempefin måndag til deg som titter innom!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails