onsdag 27. februar 2013

Korall

Eg har fått med meg at fargen korall er ganske "heit" for tida. 
Kva som er trend innen farger pleier eg egentleg ikkje å bry meg så mykje om. Men viss fargen er virkeleg fin, og ein ser den mange stader så blir ein jo påvirka :)
Men det viktigaste for meg er at eg liker fargen, 
og at den passer ilag med det vi har frå før. 
Og nettopp slik er korall, 
"heit" eller ikkje :)
Ein krakk eg nettopp har fått i hus,
 har fått nokre strøk med fargen.
Den matcha ganske fint 
med det nye sommerfugl- bildet mitt også :)

Får du og lyst til å bruke trendfarger?

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 25. februar 2013

Kommode Før&Etter

I fjor sommar kjøpte eg denne teak- kommoden på Loppis. 
No hadde den venta lenge nok, og var veldig klar for ein makeover ;)

Før;
 Etter;
 Det er fantastisk korleis ein kan trylle med måling! 
Eg målte skuffene i mintgrønt og resten i lys rosa. Ein fin fargekombinasjon synast eg.
Hvertfall når kommoden skal stå på eit jenterom
 Den skal altså stå på Hermine sitt rom. 
Eg klarte ikkje å holde igjen idag, så eg begynte så smått
 å innreie der inne ;)
Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 23. februar 2013

Det nærmer seg :)

Dei siste vekene har vi pussa opp rommet til Hermine
Eg tenkte å vise før-bilder (igjen) og nokre etter- bilder
så langt som vi er komt :)

Før;
Etter;
Mannen har fora og lista vindauget. Og vi har måla vegger, tak og golv kvite. 
Ein vegg har fått tapeten Cherry Blossom frå Ejffinger.

Før;

Etter;
Kottet er opna opp og det er laga ein sittebenk som skal fyllast opp med puter. 
Denne skal fungere som ein kose/leseplass. Listene her skal bli kvite snart!:) 
Oppe i taket har mannen laga stjernehimmel som eg skal vise seinare. 
Under sittebenken er der ei skuff med hjul som har fått tapet på seg. 
Denne blir fin til oppbevaring :)
På motsatt side er 
den fin-fine lampa komt opp :)
Stolen var trekvit, 
den har eg måla grøn og laga slitte kanter :)

Som de ser er det stort sett berre møblering og stæsjing igjen. 
Sjølve moroa med andre ord ;)   Men golvmålinga skal få herde til onsdag før vi belaster golvet. Eg gleder meg veldig til å begynne. Planen er klar i hovudet mitt. 
Det blir spennande å sjå om den fungerer :)

To be continued!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 22. februar 2013

Have a nice day!

Eg er innom ein snartur for å ønske alle dokke finingane der ut ein strålande fin dag! 
Og i same slengen vise dokke dei nye fata mine frå Kremmerhuset. 
Koppen er også derifrå. I love! Det er forferdeleg enkelt å
 la seg friste når favorittbutikken 
har nettbutikk :)
Have a nice day! 

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 19. februar 2013

Barneseng

Plutseleg hadde det gått ei veke uten innlegg her hos meg. 
Og for ei fæl veke! Her har det gått i eitt med omgangsyke og influensa.
 Men no starter vi på ny frisk veke. Hurra!
Vi driver fortsatt å pusser opp Hermine sitt rom. Ting tar tid
Og dette fører med seg litt nytt på Ariel sitt rom også. Ho har fått ny gammal 
seng på rommet sitt. Denne sov mannen i når han var liten. 
Og det er jentene si Oldemor som har
 rosemåla den. 

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 10. februar 2013

Ein bukett ranunkler til...

..alle Mammaer der ute! 
Måtte du ha ein superduper dag!
Klem frå Bjørg :-)

fredag 8. februar 2013

Ny utfordring

Bloggen min har ført med seg mykje moro, lærdom og utfordringer.
I 2013 har eg fått muligheten til å prøve meg som interiør- spaltist hos 
Fylkesmagasinet i annakvart nummer. Heilt klart spennande, 
og ikkje minst veldig kjekt!

For dei som ikkje kjem frå fylket "mitt" kan eg fortelle at 
dette er ei avis som kjem ut til alle 
i Sogn og Fjordane.
Mi første spalte handler om vår og gjenbruk
Du kan lese nettutgåva her, eller lese avisa på nett her. Eg må berre fnise litt og legge til at det ikkje er eg som kaller bloggen min ein av Norges mest populære. 
Det var vel å overdrive ein "smule" ;)

Ha ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 7. februar 2013

Kvite Perleblomster..

..i ei skål frå Kremmerhuset. Eg digger skåla. 
Grafiske element i interiøret er noko eg får meir og meir sansen for :) 
Nokre få "dæsjer" med det, er velkomne hos meg ;)
Sommerfuglplakaten min har fått ramme på seg. 
Både ramme og plakat er frå Ikea.
Ha ein herleg torsdag!

Klem frå Bjørg :-)
(som grugleder seg  til Fylkesmagasinet  kjem i posten idag ;)

tirsdag 5. februar 2013

Nib Utfordring februar- Kontraster

Ny månad og ny utfordring hos Nib
denne gongen skal vi fange kontraster med kameraet.
 Gammalt og ubehandla trebord møter nymåla grå stol.
Sarte perleblomster og sommerfugler møter grafiske element. 
Og det heile har ei kvit ramme rundt.
Ein grønmåla stol med blomster på blir som ein smilande
 kontrast i eit sterilt baderom i svart og kvitt.
 Den gule fargen er som å få sola inn på kjøkenet, 
og står i fin kontrast til dei ellers så duse fargane i rommet.
 Sarte rosa tulipaner mot røfft, gammalt og ubehandla tre.
 Dette bildet definerer veldig godt min bruk av farger. 
Eg har som regel ein kvit eller grå base som eg fyller på med duse farger og 
strammer det heile opp med nokre få svarte/mørke kontraster.
Den lyse stova vår er krydra med pasteller i gult, blått og grønt. 
Gardinstanga og den svarte taklampa strammer opp,
 og er ein fin kontrast, synast eg :)

Vil du sjå andre bidrag, og/eller delta sjølv? 
Trykk her!

Ha ein fin tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 4. februar 2013

Grove pizzahorn

Vi laga pizzahorn i helga. 
Med grovt mjøl i deigen så kan desse fint nytast på ein kvardag også. 
Dei hadde vore snadder i matboksen, hadde vi hatt nokon igjen ;)
Eg tenkte eg skulle dele oppskrifta, om nokon er interresserte. 
Eg har lagt den ut på bloggen med pesto og pepperoni før, 
men no med meir barnevennleg smak ;)
Pizzahorn (ca 16stk)
250 gr Kveitemjøl
250 gr grovbakst mjøl
1 ts sukker
3,5 dl lettmelk
75 gr smelta smør
1 pk tørrgjær

Bland mjøl, sukker og tørrgjær saman. 
Smelte smøret, ta mjølka i og varm til ca 60 grader. 
Bland alt saman til ein deig.
Hev deigen i 30-40 min

Fyll;
Pizzasaus
skinke
ost

Del deigen i to og kjevle ut to sirkler. 
Del kvar av dei opp i 8 trekanter. 
Fordel saus, skinke og ost på dei og rull saman til horn. (rull frå ytterkant)
Etterhev i 30-40 min.
Pensle med egg og strø rive ost over.
200 grader i ca 15 min.
Nyt :)
Tusen takk for alle fine ord de legg igjen :) 
Det varmer og inspirerer!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 3. februar 2013

Ryddig stove...

..og greit fotolys må forevigast her på bloggen. 
Her får de eit oversiktsbilde av TV-stova vår. Når eg tok ned julegardinene,
 så kom det aldri gardiner opp igjen. Det var alldeles nydeleg å få inn mest muleg lys. Dessuten får vi nyte fjordutsikten vår til det fulle. Noko mannen har sagt i 3 år no. 
Kven har sagt at han aldri får viljen sin (til slutt..;)


Lampa som heng i vindauget er lik den som vi har hengt opp i gangen. 
Den er også frå Clas Ohlson. Tøffe, synast eg :)

På bildet over kan de skimte den fantastiske fjordutsikten vår, 
og verdas beste Hermine i sofaen :)
Ha ein strålande fin søndag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 2. februar 2013

I gangen...

...har det skjedd litt nytt i det siste. 
Dette rommet er det første som møter deg når du kjem inn i huset vårt,
 så eg synast det er viktig at der er noko fint å sjå på :)
Eg digger desse lampene som består av sokkel og stor lyspære. 
Derfor kjøpte eg denne på Clas Ohlson og hengte den opp her. 
Den gråmåla pinnestolen min har fått plass under.

Eg har laga ein bildevegg med familiebilder i svart/kvitt. 
Her har eg brukt bruktbutikk/loppis rammer som eg har måla kvite.



Eg håper laurdagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails