søndag 31. mars 2013

Og vinnaren er...

Først av alt; takk til alle 138 som deltok i Give Awayen. 
Takk til Kremmerhuset som har sponsa den fine premien.Og tusen takk
 for alle fine ord de har lagt igjen. Det frister til ein ny Give Away, 
som snart kjem. Følg med, følg med ;)

Vinnaren denne gongen vart nr 94;
 Evy 

med bloggen ByEvy Photography
Sjekk ut bloggen, heilt fantastisk fine bilder der!

Vi har hatt fine påskedager. 
Veret har vore så flott at det føltes igrunn greit at det vart snø og surt idag. 
Det er godt med ein innedag med god samvittighet
 inne i mellom ;)
Fortsatt god påske!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 30. mars 2013

Husk..

..å melde deg på her om du 
har lyst å vinne 3 fin-fine bokser frå Kremmerhuset.
Ved å skrive nokre få ord er de med i trekninga, som skjer imorgon kveld!
Tusen takk for alle fine kommentarer som er komt så langt :)
Give Away- innlegget finn du her!

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 25. mars 2013

Ei fantastisk..

..flott Påske ønskast til alle de fine der ute!
Eg har bestemt meg for å ta ein liten påskeferie frå bloggen. 
Det blir sjølvsagt trekning av Give Awayen min på søndag! 
Du finn link til konkurransen oppe til høgre. Skriv gjerne nokre ord
om du har lyst å vere med i trekninga av fin-fine bokser
 frå Kremmerhuset :)

Ha det fint så lenge!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 22. mars 2013

God helg!

I går kom Fylkesmagasinet, 
der eg skriv interiørspalte i annakvart nummer, 
i postkassene her i fylket.  Denne gongen har eg skreve om fargar 
i interiøret. Du kan lese spalta på nett her
eller lese avisa på nett her.
Eg tar ikkje heilt påskefri,
så det kjem nok eitpar innlegg iløpet av veka ;)

Ha ei fantastisk Påske! 

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 20. mars 2013

Litt meir frå Hermine sitt rom..

Litt meir har skjedd på Hermine sitt rom
Først av alt er ho begynt å sove der. Ho sovner uten problem,
 og det virker som om ho trivst :)
Eg har sydd roll-up gardiner av sengetøy eg har fått etter Besta. 
Der er lystette rullegardiner bak, slik at det blir mørkt 
på rommet og at gardinene ikkje
 falmer av sola.
Teppet på golvet har eg hekla av stoffstrimler. 
Det høyrer til på Ariel sitt rom, men eg lånte det for bildene sin del. 
Eg skal snart sette igong med eit til Hermine også :)
Bildet av jenta og hunden fann eg på loppis i helga. 
Kjempefint, synast eg :)
 Stjernehimmelen er ferdig, 
og det er komt madrass og puter i kosekroken.
Rommet er litt tomt endå, 
men det blir vel tidsnok fullt etter kvart som Hermine blir større ;)
Her kan du sjå korleis rommet såg ut 
før og under oppussinga.

Det er utruleg kjekt at så mange har meldt
 seg på Give Awayen min allereie! Tusen takk for alle 
dei fine orda som de legg igjen!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 18. mars 2013

Give Away:)

Give Awayen er trekt.
Idag har eg lyst å feire litt! 
Egentleg er det ei veldig forsinka feiring, 
men det er bedre seint, enn aldri ;)
12. februar fyllte Huset ved Fjorden 3 år
Og eg passerte omtrent samtidig 300 000 unike besøk. 
Då er det på plass med ein Give Away :) 
Nettbutikken til Kremmerhuset har vore så snille å sponse premier. 
Uendeleg mykje fint!:) 

Du kan vinne 3 supersøte tinnbokser i forskjellige størrelser.
Dei er flotte som foreks matbokser, eller til oppbevaring.
Alt du treng å gjere er å legge igjen nokre ord under dette innlegget. 
(Eg blir veldig glad om du likevel har lyst å linke. Då kan du bruke det øverste bildet :)
Har du ikkje eigen blogg kan du kommentere som anonym, 
men du må huske å legge igjen epostadresse.
Trekning er søndag 31.mars.

Lykke til! :)

Tusen takk for at du besøker Huset ved Fjorden!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 14. mars 2013

Barnebord og stol Før&Etter

Eg var så heldig å få eit barnebord med stoler av søstra mi. 
Møblane vart kjøpt på Ikea for nokre år tilbake.
Dei vart ståande nokre dager slik dei var. 
Men så måtte eg  forandre 
litt på dei ;)

Før;
 Etter;
 Eg måla bordet turkis (S 0530 B50G) 
Stolen fekk fargen sommersol. Og bordplata fekk ein tapetbit
 av den nye rullen min frå Retrovilla.
Eg skal lakke over tapeten med 
klarlakk for å gjere den 
brukervennleg.

 Ideen er at Ariel og seinare også Hermine kan sitte her og tegne, 
perle osv. Bildene over skal skiftast ut med familiebilder
 og jentene sine kunstverk :)
 Bordet  og stolen er plassert i TV-stova 
ved veggen mot spisestova.  Det vart ein fin fargeklatt
 i eit ellers ganske kvitt hjørne :)
Tusen takk for alle dei fine kommentarane de legg igjen. 
Det gjer blogginga moro for meg! :)

Eg håper dagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 11. mars 2013

Inspirerande kjøken?

Kjøkenet vårt er lite og enkelt. 
Men eg er kjempeglad i det likevel. Velkomen inn. 
Dei første bildene er frå Spisestova, der du ser inn på kjøkenet. 
Dette er mitt bidrag i konkurransen om å få bilder på trykk
 i Franciskas nye bok "Sanselige rom".
Den som intet våger, 
intet vinner ;)

Sjå andre bidrag her. 
Eller sleng deg med å delta sjølv?

Ha ei flott ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 9. mars 2013

Starten på eit sengeteppe..

..pledd, babyteppe eller kanskje berre ei pute;) Alt etter kor tålmodig eg er! 
Eg altså klart å hekle mi første store bestemorrute. Som sagt før er eg
 veldig lite god på å tolke hekleoppskrifter. Og eg er litt usikker på 
om begynnelsen er riktig. Gode råd
 mottas med takk ;)
 
Ha ei fortsatt fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 7. mars 2013

Mint♥Korall

Eg melder dette innlegget på Nib si utfordring Vårforberedelser. 
Stova er forberedt på vår og har fått vårfarger :)
Sjå andre bidrag her!

 Mine yndlingsfarger for tida er mint og korall
Og gjerne ein kombinasjon av disse. 
Eg liker masse ;)
Putene på bildene har eg nettopp fått i hus.
 Eg såg dei på framsida av ei reklame frå Ellos og vart forelska. 
Plutseleg var dei bestilt og på veg til meg.
Puter har eg jo aaaaaltfor lite 
av frå før ;)

Fargen på krakken heiter korall, 
og har fargekode: 
S2040- Y80R

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 5. mars 2013

Nib Utfordring Mars- Jenteparty

Nib utfordrer oss til å invitere til jenteparty
Det er altfor lenge sidan eg har vore på jenteparty. Når ein ammer både dag og natt, 
så blir det ikkje dei store utskeielsane. Men til påske kanskje? 
Uansett ville eg ha gjort det uformelt. Noko enkelt, 
men godt å ete og gjerne rosa drinker.
Det viktigaste er det sosiale :)
Servietten og vimpelen 
er laga av stoffrester eg hadde liggande.

For herleg jenteparty- inspirasjon kan du trykke her!

Ha ein strålande tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 4. mars 2013

Arrow

For ikkje så lenge sidan lærte eg meg å skifte farge når ein strikker. 
Jepp, det går sakte framover med strikkekunnskapane mine ;) For å øve meg 
på noko enkelt, har eg strikka meg ei pute med pil på. 
Oppskrifta har eg laga sjølv ;) 
Puta er langt ifrå perfekt. 
Men vi kan jo seie at det er litt av "sjarmen" ;)

Ha ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 3. mars 2013

Fargeglade..

..ranunkler er veldig fotogene.
 Og fantastisk fine...
Tusen takk for alle fine ord de legg igjen! 
Eg blir så glad!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails