søndag 30. juni 2013

Lite bord Før&Etter

Dette vesle og runde bordet frå Ikea, har eg hatt ståandes på loftet ei stund. 
Eg har hatt ein plan om å fornye det med spraymåling
Og no endeleg fekk eg gjort det! ;)

Før; 
Etter;
Eg har brukt mintgrøn Molotow spray kjøpt hos Kem
Denne skal tåle utandørsbruk. Og det er bra; 
sidan bordet står ute på terassen i vestlandsver. 
Og bordet har tålt det godt så langt ;)
(fargen heiter Menthol light)

Desse bildene tok eg ein nydeleg kveld for litt sidan.
Eg driv fortsatt på med første strøk med måling på rekkverk rundt terassen. 
Ting tar tid når ein berre får måle litt i slengen. 
Ha ein fortsatt nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 29. juni 2013

Fortsatt god helg!

Ein liten tur innom for 
å ønske dokke alle saman ei nydeleg helg!
Klem frå Bjørg :-)

torsdag 27. juni 2013

2 i 1

Det er lenge sidan eg har sydd noko, 
men her ein dag fekk eg plutseleg ånden over meg. 
Og på 1-2-3 sydde eg meg 2 sommarlege puterDei er sydd 
på enklaste måten, og er av vintage stoff :)
Og snur du putene....
...Simsalabim, 
så vart det  2 "nye" puter til ;)
Ha ein strålande dag!!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 25. juni 2013

Turkis ♥ korall

Eg kjøpte peoner før bursdagen til Hermine. 
Og når desse opna seg, viste dei den finaste korall- fargen. 
Heilt nydeleg mot det turkise fatet 
eg har satt buketten på! :)
Tusen takk til de som tar seg tid å legge igjen nokre ord! 
Det  er dokke som gjer det moro å blogge! :)

Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 24. juni 2013

Ny spalte

For ei stund sidan kom spalta mi i Fylkesmagasinet.
(eg har eiga interiørspalte der i annakvart nummer) Denne gongen har eg skrive litt om uteplassen. 
Du kan lese den på nett her, om du vil :)
Eg ønsker deg ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 22. juni 2013

Hermine sin 1 årsdag

Her kjem nokre bilder frå 1 årsdagen til Hermine. 
Vi hadde huset fullt av familie. Hermine storkosa seg som midtpunkt ;)
Her kjem eit bilderas. Det vart mykje rosa pynt, 
akkurat slik ei ekte prinsesse 
skal ha det! ;)
Eg blanda søte markblomster med nydelege peoner
Til vaser brukte eg hermetikkbokser med pålimt tapet.
Ungane i selskapet fekk sitte rundt sitt eige vesle bord ;)
Ei blanding av mykje søtt, og litt sunt på kakebordet.
Eg laga denne Tobleronekaka
 med friske bær for første gong til selskapet. 
Og den lager eg garantert fleire gonger. 
Nam!:)
Hermine fekk ete bursdagskake heilt aleine. 
Det fallt veldig i smak. Og det vart mykje griseri ;)
Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 21. juni 2013

Uteplassen i sol

I dag har vi feira 1 årsdagen til verdas beste Hermine
Vi skulle egentleg feire den ute på terassen, men der var vergudane mot oss. 
Det har regna i heile dag. Så vi feira den inne istaden, bilder kjem ;) 
I dag viser eg terassen slik den såg ut i går kveld
Den bader i herleg sol!
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 19. juni 2013

DIY; enkel vimpelrekke

På fredag er det ein stor dag her i heimen; Hermine blir 1 år! 
Kor blir tida av??? Det må jo sjølvsagt feirast
I den anledning har eg laga ei 
enkel vimpelrekke.
Den henger i stova enn så lenge. 
Viss det blir fint ver til festen, så skal den få vere med ut :)
Du trenger;
tau/hyssing, stoffrester, saks og ei limstift. 

Så er det berre å klippe og limeEg har klipt trekantane doble, 
slik at eg har bretta dei rundt tauet 
og limt dei mot kvarandre.
Easypeasy ;)
Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 18. juni 2013

Mallorca

I forrige veke var vi på Mallorca. 
Vi budde på Viva Alcudia Sun Village på Playa de Muro like ved Alcudia. 
Ein heilt fantastisk plass for unger. Her mangler det ikkje på aktiviteter. 
Stort barnebasseng med sjørøverskip og sklier, ei flott langgrunn strand like ved, leikeparker overalt, ponni- riding, barnevenlege resturanter og mykje meir. 
Vi var veldig uheldige, sidan begge jentene fekk feber dei første dagane. 
Så det vart mykje "bli-frisk" -tid på hotellrommet. 
Men vi hadde det fint likevel, og dei siste dagane når 
begge var friske var det veldig stas!
Ha ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)
..som har fått på målekle, og skal ut å måle rekkverk, juhu!;)

mandag 17. juni 2013

Heldig Vinner!

Det er på tide å trekke den utruleg heldige vinnaren av 
Mammasmykket i sølv som er designa og handlaga av Anne Lise 
hos Øvrebø Smykkeverkstad.
Eg trekte ved hjelp av random.org. 
Det var 86 stk som tok lodd, og nr 66 vart trekt ut....


.....gratulerer så mykje til Marianne utan bloggmarianneguddal(ætt)hotmail(dott)com
Du vil bli kontakta :)
Og til de andre som ikkje var fullt så heldige; Smykket finn du i nettbutikken saman med mykje anna fint. Trykk her så er du der! ;)

Tusen takk til Anne Lise som ville gje vekk dette flotte smykket! 

Ha ein strålande kveld!
Klem frå Bjørg :-)

torsdag 6. juni 2013

Snart tilbake..

Eg tar ei lita bloggepause.
Men eg er tilbake til trekninga av denne herlege Gje- vekken :) 
Ta gjerne eit lodd, og ver med i trekninga om eit nydeleg Mammasmykke i sølv.
Ha ei fin- fin veke!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 5. juni 2013

Blomster

Eg har eit stort forbruk på blomsterbuketter. 
Det blir rett og slett litt "nakent" her uten. Noko av det som er finast med denne
 årstida er at ein kan plukke blomster gratisrett utanfor døra. 
Fine er dei og! Dei drysser litt fort, men det er 
raskt å skifte dei ut ;)
Tusen takk for alle fine ord de legg igjen på bloggen, Facebook og på epost. 
Eg blir så utruleg glad for tilbakemeldinger. 
Det inspirer til å fortsette å blogge :)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails