onsdag 27. august 2014

Kommode før&etter

Eg fekk denne vesle kommoden i tre. 
Og såg snart at denne kunne bli nattbord på Ariel sitt rom. 
Med litt redesign, sjølvsagt ;)
 Eg leita fram målingsspannet med mint og ein rull med tapet. 
Etterpå såg kommoden slik ut;
 Den finaste nattlampa frå Lapin and me er også på plass. 
Eg har tydelegvis dilla på kanindukker for tida. 
Tøydukka i senga er frå miniroom. 
Eg (og Ariel) digger begge to ;)
 Kattebildet over senga hadde Bestemor i huset sitt då ho levde. 
Eg elsker å blande inn noko som har sjel i interiøret. 
Det gjer det lille ekstra synast eg. Senga er 
også gammal, den har eg måla rosa.
Eg ønsker deg en herlig kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 23. august 2014

Ha ei fin helg!

Hausten kjem snikande kjenner eg på kroppen. 
Eg hoster og frys ;) Men eg klager egentleg ikkje. Haust er ei kosleg tid! 
I dag var haust-stemninga ekstra stor, så då laga 
eg eplekake til store og små ;)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 20. august 2014

Hei sofakrok!

I dag har eg hatt fri. Eller fri og fri....
Eg har vaska hus heile dagen. Derfor gjor det ekstra godt
 når eg fann ikkje mindre enn 3 blad i postkassa idag. No er ungane lagde,
 og eg seier berre; 

Hei sofakrok, 
eg vil "joine" deg resten av kvelden! ;)
Ha ein fin kveld du og!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 17. august 2014

Ariel sitt rom

Ariel har vore på ein liten ferie hos besteforeldrene denne helga. 
Eg har benytta sjansen til å fikse litt meir på rommet hennar. 
Omtrent heile rommet har eg måla kvitt
bortsett frå denne kroken der treet er. 
 Her har gråfargen som var før fått vere igjen.
Treet som eg har malt stammen på og brukt tapetrester
 til blad ville eg ikkje ødelegge. No er sittegruppa plassert under treet
og nokre fugler er komt på veggen :) Ho har 
og fått ny lampe i taket.
 Leikekjøkkenet hadde ho lyst å beholde. 
Det er flytta til veggen ved sida av det grøne skapet. Hylla har eg mala gul
Ho har også fått "vindu". Dette har eg laga av ei blåmala ramme 
som eg har sydd gardiner til :)
 Veslesøstra Hermine tester det ut før Ariel kjem heim seinare idag ;) 
Vi gleder oss til å sjå om ho liker det!
Rommet vart så mykje meir lysare og lettare etter at 
det vart meir kvitt. Det er utruleg kva 
måling kan gjere!
Ariel har også fått ei stor seng, som eg har måla rosa. 
Det mangler nattbord og bilder på veggen. 
Bilder av sovedelen kjem seinare ;)
Å innrede barneromma er det morsommaste eg gjer. 
No krysser eg fingrane for at eigaren blir fornøgd ;)

Ha ein herleg dag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 15. august 2014

God helg!

Eg viser eit lite oversiktsbilde der du ser frå TV- stova 
og inn i spisestua, og litt av gangen vår. Skjenken under kartet har eg lenge tenkt på å måle. Eg har ein viss peiling på kva farge eg vil bruke....
Men eg vil gjerne høyre frå deg! 
Kva farge meiner du skjenken bør få? ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 13. august 2014

Rommet til Hermine

Hermine trengte meir oppbevaringsplass på rommet sitt. 
Eg fann eit furuskap på ei kjøp-salg side på Facebook som eg kjøpte. 
Det var allereie måla grått, men eg måtte ha ein litt sprekare farge. Det vart måla
 i min favoritt- farge mintgrøn. Hermine på 2 år har
 ingen meininger om slikt endå og er fornøgd med
 det meste som Mammaen finner på.
Måtte det vare! ;)
 Når eit nytt møbel kjem på plass, så blir det gjerne litt ommøblering. 
Og når det blir forandringer i eit rom så er kameraet raskt på plass for å dokumentere ;) 
Her kjem eit bilderas frå Hermine sitt rom;
Eg er omtrent ferdig å måle veggane på Ariel sitt rom kvite
Det blir kjekt å stæsje litt der inne og gjere det heilt ferdig. 
Tipper det blir litt fotoknipsing der og snart ;)

Ha ein herleg dag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 10. august 2014

Utfordring August- Heimekontor

Utfordringa for august hos Nib er å vise fram heimekontoret
Og her ser du vårt; ein enkel pult med Macen på. Redesigna rørstol og leselampe. 
Enkelt og greit. Også er ikkje dagsenga så langt unna. 
Her er det fint å sjå film frå dataskjermen. 
 Det er helst mannen som bruker denne kontorplassen
Eg trivst best henslengt på sofaen med
 den bærbare på fanget ;) 
For meir heimekontor- inspirasjon kan du trykke her!

Håper du har hatt ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 6. august 2014

Hei frå stova

Eg knipsa nokre bilder i stova idag. 
Ikkje så mykje nytt her. Rommet til Ariel derimot, det har eg måla kvitt idag. 
Veggane treng eit strøk til, så skal det pyntast litt. 
Det blir nok litt bilde- knipsing der 
også snart ;)
 Pom pomsa etter Hermine sin bursdag heng oppe fortsatt. 
Ein treng litt fest til kvardags også, synast eg ;)
Ha ein fortsatt herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 1. august 2014

Back to reality

For nokre fantastiske ferieveker eg har hatt. 
Først 10 flotte dager i England, deretter 2 varme solrike veker heime. 
Den fjerde og siste veka har vore kaldare og våtare. Noko som
 hjelper meg tilbake til realiteten som 
starter på mandag ;)
Mandag er nemleg første jobbedagen min etter ferien. 
Det blir ekstra spennande i år. For eg skal starte i ny jobb, noko eg gleder 
meg og er veldig spent til! Det blir mykje nytt å lære, så då er det greit med
 tøffe notatbøker som eg fann på Nille :)
Har du hatt ein fin ferie
eller ferierer du kanskje fortsatt?

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails