torsdag 27. februar 2014

Mitt første loppekjøp..

..vart gjort for lenge sidan. 
Og det var ein kommode i teak. Den gong måla eg alt kvitt. 
Og denne kommoden slapp heller ikkje unna det kvite målespannet. 
Heilt kvitt er noko eg per idag synast er litt kjedeleg. 
Difor fekk kommoden ein ny og friskare 
utsjånad for nokre dager sidan. 
Ein del kvitt har den endå, 
men to av skuffene har fått dei finaste korallfargane
Sidan eg ikkje har dei orginale handtaka lenger, 
så kjøpte eg nokre i tre og måla dei i same
 fargen som skuffene.
Kommoden skal få plass i gangen vårEi skuff 
til kvart familiemedlem. Så no skal det bli 
orden i sakene ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 25. februar 2014

Vafler

Visste du at vafler kan vere næringsrikt,
 og med fordel kan brukast i nistepakken? Dette er sjølvsagt viss du 
bytter ut noko av det fine mjølet med grovt, og dropper sukker. 
Vaflene blir kjempegode likevel ;) 
Her kjem ei oppskrift som eg har brukt;

1,5 dl kveitemjøl
1,5 dl sammalt hvete Fin
1 dl havregryn
0,5 ts salt
0,5 ts bakepulver
4 dl mjølk
2 egg
2 ss smør

Bland det tørre. 
Tilsett mjølk, egg og smelta smør og visp det saman. 
La det svelle i 15-20 min før du steiker vaflene. 
Enjoy! :)

Klem frå Bjørg :-)

søndag 23. februar 2014

Vårleg

Eg lengter etter våren
Når sola begynner å varme, graset blir grønare, blomstrane
 stikk hovudet opp av jorda og fuglane kvitrar.
Våren er ein favoritt.
Kanskje det er derfor interiøret vårt er vårleg omtrent året rundt?
Dei vårlege fargane gjer meg gladså kvifor ikkje? :-)
'
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 20. februar 2014

Lysestaker med ny vri

 Eg digger trenden der du måler berre deler av gjenstanden. 
Difor har eg friska opp nokre lysestaker eg hadde, på den måten. 
Lysetakane i tre har eg funne på bruktbutikken. Den gongen var dei mørkeblå,
 og vart måla kvite. No har eg friska dei opp med litt korall og gul- måling. 
Eg synast dei vart vårlege og mykje meir glade. 
Ein superrask DIYmed fin effekt. 
Akkurat slik eg liker det ;)
 Ha ein fortsatt fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 16. februar 2014

God ny veke!

Denne helga har gått i ein fei, med febersjuke jenter og trøtte foreldre. 
Eg satser friskt på at neste veke blir bedre
Noko som imidlertid var superkjekt, 
er at bildet mitt er plukka ut til galleriet i Nib si utfordring Tapetinspirasjon. 
Tusen takk! :) Du kan sjå galleriet her! Og stemme på finalistane her!

Ha ein forsatt fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 12. februar 2014

Bildevegg

Bildeveggen har vore under konstruksjon lenge. 
No er eg nesten ferdig. Det er blitt ei herleg blanding av nye og gamle bilder
plakater, bilder og tapet innramma i nye og gamle rammer. 
For å toppe det heile har eg kjøpt meg ei gul porselen- 
klokke frå Kähler. Den har eg sikla etter så 
lenge at no synast eg at eg 
fortjente den ;)
Nokre av rammene har eg 
måla i favorittfargane mint, turkis og rosa.
Eg har rett og slett fyllt heile veggen med bilder, 
og er superfornøgd ;)
Koffertane er oppbevaring for nokre av jentene sine leikar. 
Dei har eg funne i barndomsheimen min. Så det er nok fjerne slektningar
 som har vore på reise med desse :)

Tusen takk 
for alle fine ord 
både her på bloggen, på Facebook 
og instagram (du finn meg som @husetvedfjorden)
Det gjer meg veldig glad og inspirert :)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 10. februar 2014

DIY; søte krukker

Eg har laga slike krukker før i søte pastellfarger. 
Denne gongen har eg prøvd meg på ein kobber- variant.
Dei kan brukast til oppbevaring av det meste. Hobbyting, tegnesaker, 
klesklyper m.m Eller til tørrvarer og liknande på kjøkenet, 
som eg har brukt dei til på bildene.
Du treng;

- Syltetøyglas med lokk
- Ein figur 
(eg har brukt små porselenfugler frå Nille)
- Universallim
- Måling 
(eg har brukt kobberspray frå Biltema)
Du gjer slik;

Lim fast figuren på lokket. La det tørke.
Mål eller spray på måling. 
1-2-3 Ferdig :)
Fin og praktisk oppbevaring er noko alle treng.
Eg digger kreative prosjekt som er raske og billege. 
Og dette er ein slik ;)
Ha ein herleg kveld og ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 9. februar 2014

Hipp hipp..

 ..for alle Mammaer!
Måtte dagen bli avslappande og fin ;)
Klem frå Bjørg :-)

onsdag 5. februar 2014

Meir tapetinspirasjon

Eg sleng med eit bidrag til i Nib-jentene si utfordring; 
Tapetinspirasjon.

Som sagt i forrige innlegg så er det 
foreløbig berre Hermine sitt rom som har tapet på ein vegg.
Dei siste åra har eg virkeleg fått augene opp for tapet. 
Og det blir nok fleire tapetserte vegger etterkvart
 som romma i huset vårt blir oppussa :)
Tapeten på Hermine sitt rom 
heiter Cherry Blossom og er frå Pip Studio. 
Den er perfekt for eit jenterom, spør du meg ;)
Det vesle bordet på rommet har også fått tapet på seg. 
Denne tapeten er frå Retrovilla.
Skuffa under kosekroken 
har fått ein rest etter tapeten på veggen.
Dei andre bidraga i utfordringa finn du her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 4. februar 2014

Tapetinspirasjon

Denne månaden er utfordringa frå Nib; Tapetinspirasjon
Eg elsker tapet og bruker det til mykje forskjellig. 
Det einaste rommet i huset vårt som har tapet på
 veggane er rommet til Hermine. Enn så 
lenge. Vi driv å lager vaskerom for 
tida, og der snakker vi tapet 
med gule prikker
Gleder meg! 

I dette innlegget viser eg nokre småprosjekt
der eg har brukt tapetSå skal eg prøve å få tatt nokre 
bilder av Hermine sitt rom også, 
viss tida strekk til :)
 Ei gammal eplekasse vart forvandla
 til fin oppbevaring med tapet, måling og hjul.
 Hermetikkbokser blir supre blomsterpotter
 med litt fin tapet rundt.
Tapet i glasdørene
 skjuler rotet bak og er dekorativt å sjå på. 
Denne har eg limt fast med teip, slik at den 
enkelt kan byttast ut.

For flott tapet- inspirasjon. Trykk her! ;)

Klem frå Bjørg :-)

mandag 3. februar 2014

Skulestol Før&Etter

For ei stund sidan kjøpte eg
 2 gamle skulestolar på ein bruktbutikk. 
Planen var heile tida å fikse litt på dei, inspirert av mange i Blogglandet. 
Men det tok tid. Då eg endeleg fann ut at det var enkelt å skru dei frå kvarandre, 
så var ikkje sprayen så langt unna. Eg valde å beholde 
treverket som det var. Resten vart spraya, 
den eine i rosa og den andre i mint.
Slik såg dei ut før;
Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 1. februar 2014

God helg!

Er innom for å ønske alle ei god helg!
Eg viser eitpar bilder frå kjøkenet idag. Det er så herleg med urter i vinduskarmen. 
Dei lukter så godt, og ikkje minst smaker det godt! 
Eg håper eg klarer å holde liv i dei;)
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails