søndag 27. juli 2014

Orla Kiely

Eg har digga mønster og farger til Orla Kiely sine produkt ei stund. 
I England fann eg ein butikk med stor avdeling av desse. 
Snakk om å kome til godis- butikken. 
 Eg brukte lang tid på å bestemme meg for kva eg ville kjøpe. 
Kunne gjerne kjøpt alt, men må jo vere litt fornuftig ;)
 Valget fallt på eit serveringsfat med pærer
 og 2 skåler (nederst til høgre i hylla) i melamin. 
Praktiske og kule, synast eg ;)
Soppane i hylla er salt og pepper bøsser frå Cath Kidston
Dei berre måtte bli med heim ;)
Ferieshopping er moro
Spesielt når ein besøker andre land! :)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 24. juli 2014

Rask fornying av stol

England kjøpte eg nokre 
superfine koppehandkle på Mark&Spencers.
Dei var så fine at eg rett og slett hadde lyst å sjå på dei heile tida. 
Og når eg hadde ein stol som såg kjempekjedeleg ut. Så var saken biff ;) 
Fram med stiftepistol og på 1-2-3 hadde eg ein mykje sprekare stol,
 med lekkert stoltrekk!
Dette er ein super måte å friske opp møbler på. 
Ein kan bruke det meste av stoff. Eg har for eksempel brukt stoff 
frå gardin og retrosengetøy på andre stoler :)
Slik såg stolen ut før
Den har eg kjøpt på ein bruktbutikk :)
No skal eg ut i sola
håper den vil skinne på deg og idag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 22. juli 2014

Ferieminner

Det vart plutseleg ei lang bloggepause her i frå. 
Delvis pga at eg er koser meg i varmen og at vi har vore 10 dager i 
Winchester i England på ferietur. Winchester ligg ca 1 time med tog sør for London. 
Dette er ein sjarmerande, og ikkje minst godt bevart gammal by.
 Vi budde i eit gammalt cottage som stammer heilt tilbake til 1400-talet. 
Så her snakker vi ekte engelsk ;) Huset var skeivt, knirkete, 
lavt under taket med ein fantastisk hage, 
og rett og slett utruleg sjarmerande!
 Her er eitpar bilder frå stova. 
Den grøne barnestolen var eit bruktfunn eg gjorde, 
og den klarte eg å få med i kofferten ;)
 Hovedsoverommet såg slik ut;
 Hagen var nydeleg 
og gjekk over fleire plan, med så mange 
detaljer at ein vart berre gåande å sjå og sjå!
Her har jentene fått på seg Disneykjoler, 
etter at eg var på ein dagstur til London ;)
 Vi hadde ein aktiv ferie
 og reiste blant anna til Bournemouth på sørkysten. 
Her er der ei fantastisk fin strand!
 Og der var lange rekker med 
små strandhytter i mine favorittfarger
Dååån ;)
 Denne gongen fekk eg også med meg Carboot- sale. 
Det er som eit gedigent loppemarked, berre at det er privatpersoner som 
sel brukte varer frå bilane sine. Utruleg moro! Og sjølvsagt vart 
det med nokre skatter heim ;)
 Takk for ein fin tur! :)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 4. juli 2014

God helg..

..til deg som er innom!
Eg håper sola vil skinne masse på deg :)
Klem frå Bjørg :-)

onsdag 2. juli 2014

Juli- utfordringen; Vises din personlighet i gangen?

Nib har ny utfordring. 
Denne gongen lurer dei på om gangen vår er personleg innreia. 
Vår gang er i alle fall ikkje nøytral og kjedeleg. Og eg er ganske sikker på at ingen har lik gang som vår ;) Den er innreia og sett saman av ting og farger som eg liker godt!
Når du kjem inn hos oss møter du glade farger, stor tavle 
der du kan legge igjen litt "kunst" og ein bildevegg 
av oss som bur her.
Eg blir glad av å kome inn i gangen vår. 
Og det håper eg gjestane våre blir også. Gangen vår har same stil som resten av huset.
 Den består av ei blanding av nytt, gammalt og redesign i glade farger.
Eg vil kalle det ein personleg stil.
Om du trykker her kan du sjå fleire fine ganger!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails