Viser innlegg med etiketten Barnerom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barnerom. Vis alle innlegg

mandag 13. juni 2016

Motivasjon!

 Vi har vore bleieskiftarbeidera i til saman snart 7 år. 
Yngstejenta vår Hermine på 3, snart 4 har vore veldig glad i bleiene sine. 
Gå på do eller potte skulle ho i alle fall ikkje. Det måtte ein motivasjonsfaktor til. 
Og du ser den her. Hennar største ønske var ein sengehimmel!

No er bleiene eit avslutta kapittel, og omsider er den finaste sengehimmelen på plass på rommet til Hermine. Gjett om ho er fornøgd. Det er vi foreldra og! Vi skal aldri skifte bleier meir! Det er godt vi har skaffa oss katter vi må tomme doen etter. Slik at 
overgangen ikkje blir for stor, liksom ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 24. oktober 2015

Gammal skulepult!

Eldste dottera vår Ariel er blitt skulejenta, og då høyrer det med å få leksepult på rommet sitt. Sjølv om eg tviler på at den blir brukt til lekser med det første. Leksa blir gjort i stova ;) Men det er jo kjekt å ha ein plass å teikne på rommet sitt. Ariel er hvertfall veldig fornøgd!
Pulten er gammal og frå ein skule. 
Vi var så heldige å få den frå ei snill dame, tusen takk :)
Eg har vurdert å måle den, men kjem egentleg fram til at eg liker den slik den er. Med fine spor etter at mange elevar har mottatt kunnskap på den :)



Eg håper du har ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 12. oktober 2015

Barneseng med gode minner

Hermine er over 3 år, så det var på høg tid å bytte ut sprinkelsenga. 
No er den fine barnesenga Pappaen sov i som liten på plass :) Senga har vore 
i hans familie lenge, og det er Besta hans som har rosemåla den. 
Hermine fann seg fort til rette og var særs fornøgd med 
ei litt større seng ;)
Eit innebygd skap har blitt kosekrok med oppbevaring under. 
I taket er det laga stjernehimmel av LED-lys (som ikkje syner å bildet ;)
 Hermine er fortsatt superfornøgd med leikekjøkenet 
sitt frå Jollyroom som du finn her! Ho elsker å styre og stelle her. 
Det er så kjekt å sjå på :)
Eg håper du får ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

/sponset innhold

onsdag 30. september 2015

Sweet as Candy

Når eg innreier jenteromma så gjeld det å mimre tilbake til barndommen
 og tenke: kva var det eg likte då. Ein må også sjølvsagt sette seg inn i kva eigaren av rommet liker. Hermine på 3 år er veldig glad i rosa. Difor har rommet hennar blitt rosa og sukkersøtt. Ho er ei skikkeleg jente-jente. Og då må det kjøkenkrok til på jenterommet. Vi fekk ein henvendelse frå Jollyroom om vi ville teste ut eit produkt frå dei. 
Det vart eit vanskeleg valg for dei har utruleg mykje fint! 
Men vi landa på dette supersøte leikekjøkenet. 
Sjølvsagt i rosa ;)

Hermine elsker det nye kjøkenet og leiker masse med det!
Her blir det kokkelert både i steikeovn, på komfyren og i mikroen. Eg får smake den bestaste tomatsuppa du kan tenke deg. Etterpå blir til og med oppvasken tatt! ;)
Du finn leikekjøkenet her hos Jollyroom.no :)
Ha ein sukkersøt dag!

Klem frå Bjørg :-)

/sponset innhold

tirsdag 22. september 2015

Ryddig barnerom, så lenge det varte!

Ryddige barnerom er sjelden vare her i huset. 
Eg tenker på det som eit sunnhets teikn. Hadde det alltid vore 
strøkent der, så hadde det igrunn vore litt trist! Men den halvtimen det
 var ryddig sist gong eg tok ein sjau på Ariel sitt rom, 
så måtte det forevigast ;)
På Ariel sitt rom er det meste gjenbruk. 
Grønmåla hylle som min Besten har snekra. Ikea stoler og bord har 
fått ei oppdatering og teppet på golvet har eg hekla av 
gammalt sengetøy rive i remser.
Vogga hadde eg når eg var lita. 
No er det jentene våre som legg dukkene sine i den.
Treet på veggen har eg laga sjølv ved hjelp av måling og tapet-restar.
Eg håper kvelden din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 15. mai 2015

Ut i vår hage!

I dag har vi endeleg begynt å flytte ut på terassen vår! 
Det er så kjekt å få på plass utemøblane og gjere det fint ute. 
Litt "nytt" har det blitt på terassen i år. Blant anna dette bordet som eg har måla
 i utandørs oljemåling i yndlingsfargen nude :)
Dette er mitt bidrag til nibutfordringa Ut i vår hage. 
Sjå meir hageinspirasjon her!

Ha ein fortsatt herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 5. mars 2015

Ein sjelden gong..

..er det ryddig på Ariel sitt rom
Og då må det dokumenterast med nokre bilder ;)
 Ariel har fått "nytt" nattbord på rommet sitt; 
ein liten kommode som eg har fått etter Besta. Den har tidlegare stått i stova vår. 
Bildet på veggen har eg fått etter Bestemor og senga stod heime på garden 
der eg vaks opp. Den har fått rosamåling (roseblad frå Fargerike)
Gode minner blanda med litt nytt :)
 Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 27. august 2014

Kommode før&etter

Eg fekk denne vesle kommoden i tre. 
Og såg snart at denne kunne bli nattbord på Ariel sitt rom. 
Med litt redesign, sjølvsagt ;)
 Eg leita fram målingsspannet med mint og ein rull med tapet. 
Etterpå såg kommoden slik ut;
 Den finaste nattlampa frå Lapin and me er også på plass. 
Eg har tydelegvis dilla på kanindukker for tida. 
Tøydukka i senga er frå miniroom. 
Eg (og Ariel) digger begge to ;)
 Kattebildet over senga hadde Bestemor i huset sitt då ho levde. 
Eg elsker å blande inn noko som har sjel i interiøret. 
Det gjer det lille ekstra synast eg. Senga er 
også gammal, den har eg måla rosa.
Eg ønsker deg en herlig kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 17. august 2014

Ariel sitt rom

Ariel har vore på ein liten ferie hos besteforeldrene denne helga. 
Eg har benytta sjansen til å fikse litt meir på rommet hennar. 
Omtrent heile rommet har eg måla kvitt
bortsett frå denne kroken der treet er. 
 Her har gråfargen som var før fått vere igjen.
Treet som eg har malt stammen på og brukt tapetrester
 til blad ville eg ikkje ødelegge. No er sittegruppa plassert under treet
og nokre fugler er komt på veggen :) Ho har 
og fått ny lampe i taket.
 Leikekjøkkenet hadde ho lyst å beholde. 
Det er flytta til veggen ved sida av det grøne skapet. Hylla har eg mala gul
Ho har også fått "vindu". Dette har eg laga av ei blåmala ramme 
som eg har sydd gardiner til :)
 Veslesøstra Hermine tester det ut før Ariel kjem heim seinare idag ;) 
Vi gleder oss til å sjå om ho liker det!
Rommet vart så mykje meir lysare og lettare etter at 
det vart meir kvitt. Det er utruleg kva 
måling kan gjere!
Ariel har også fått ei stor seng, som eg har måla rosa. 
Det mangler nattbord og bilder på veggen. 
Bilder av sovedelen kjem seinare ;)
Å innrede barneromma er det morsommaste eg gjer. 
No krysser eg fingrane for at eigaren blir fornøgd ;)

Ha ein herleg dag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 13. august 2014

Rommet til Hermine

Hermine trengte meir oppbevaringsplass på rommet sitt. 
Eg fann eit furuskap på ei kjøp-salg side på Facebook som eg kjøpte. 
Det var allereie måla grått, men eg måtte ha ein litt sprekare farge. Det vart måla
 i min favoritt- farge mintgrøn. Hermine på 2 år har
 ingen meininger om slikt endå og er fornøgd med
 det meste som Mammaen finner på.
Måtte det vare! ;)
 Når eit nytt møbel kjem på plass, så blir det gjerne litt ommøblering. 
Og når det blir forandringer i eit rom så er kameraet raskt på plass for å dokumentere ;) 
Her kjem eit bilderas frå Hermine sitt rom;
Eg er omtrent ferdig å måle veggane på Ariel sitt rom kvite
Det blir kjekt å stæsje litt der inne og gjere det heilt ferdig. 
Tipper det blir litt fotoknipsing der og snart ;)

Ha ein herleg dag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 14. mai 2014

Måne og Sky

Hermine er veldig opptatt av månen
Difor kom eg på tanken å sy ei måne-kosepute til ho. 
I same slengen sydde eg ei sky til Ariel. Auger og munn er berre
 teikna på med tekstiltusj. Veldig enkelt! Og det vart veldig godt mottatt :)
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 25. april 2014

Leikehytte - sesongen er opna!

Leikehytta er vaska og klar for vår og sommar. 
Jentene liker seg godt i hytta som onkelen bygde til dei ifjor. 
Han bygde den av restmaterialer og eg tok måle- og innredningsjobben ;)
Eit utruleg artig prosjekt!
Det er litt tomt her inne endå, 
men det kjem seg heilt sikkert etterkvart ;)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 12. mars 2014

DIY; Tre på veggen

Viss du tar eit bildesøk på google etter tre på barnerom,
 så ser du raskt at dette ikkje er min ide ;) 
Men eg har lenge hatt lyst å prøve. 
Og her ser du min versjon;
 Vi ommøblerte litt på Ariel sitt rom og fekk litt ekstra veggplass
Dermed var vi igong. Eg teikna treet først med blyant, 
deretter fyllte eg inn med kvit måling.
 Blada klipte eg ut av tapet-rester 
og limte dei fast med tapetlim.
 Fuglehuset hadde vi frå før. 
Det er også fiksa på med tapet og måling.
 Eg synast det vart dekorativt. 
Og det beste av alt er at vi brukte kun ting vi hadde frå før. 
Ein billeg og ganske rask gjer-det-sjølv. Me like. Og det viktigaste; 
eigaren av rommet er superfornøgd også ;)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails