Viser innlegg med etiketten Barnerom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barnerom. Vis alle innlegg

søndag 16. februar 2014

God ny veke!

Denne helga har gått i ein fei, med febersjuke jenter og trøtte foreldre. 
Eg satser friskt på at neste veke blir bedre
Noko som imidlertid var superkjekt, 
er at bildet mitt er plukka ut til galleriet i Nib si utfordring Tapetinspirasjon. 
Tusen takk! :) Du kan sjå galleriet her! Og stemme på finalistane her!

Ha ein forsatt fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 5. februar 2014

Meir tapetinspirasjon

Eg sleng med eit bidrag til i Nib-jentene si utfordring; 
Tapetinspirasjon.

Som sagt i forrige innlegg så er det 
foreløbig berre Hermine sitt rom som har tapet på ein vegg.
Dei siste åra har eg virkeleg fått augene opp for tapet. 
Og det blir nok fleire tapetserte vegger etterkvart
 som romma i huset vårt blir oppussa :)
Tapeten på Hermine sitt rom 
heiter Cherry Blossom og er frå Pip Studio. 
Den er perfekt for eit jenterom, spør du meg ;)
Det vesle bordet på rommet har også fått tapet på seg. 
Denne tapeten er frå Retrovilla.
Skuffa under kosekroken 
har fått ein rest etter tapeten på veggen.
Dei andre bidraga i utfordringa finn du her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 22. november 2013

Bilder til barnerom

Eg gjorde mange gode funn på bruktbutikken for nokre veker sidan. 
Blant anna fann eg nokre fine gamle bilder til barnerom. 
Eg liker så godt slike, og kjøper dei eg kjem over ;)
Juni- bildet er av Elsa Beskow. Denne posteren har eg kjøpt ny. 
Men dei to andre bildene fann eg på bruktbutikken. Eg digger alle tre, 
og eg synast dei pynter fint opp på Hermine sitt rom :)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 6. november 2013

Blopp!

Det er lenge sidan eg har "leika" med symaskina
Men no fekk vi ein liten time med kvalitetstid, 
og då vart denne putefisken til.
 Nokon ekspert på sying er eg alldeles ikkje. 
Eg er litt på 'prøve-meg-fram-så-får-vi-sjå-korleis-det-går' stadiet.
Men eg synast det er utruleg moro. Denne gongen har eg teikna mønsteret sjølv,
 klipt ut i fine stoff og deretter sydd i veg. Den vart litt skeivt her og der. 
Men skit la gå, morsomt var det ;)
Jentene våre likte den. 
Og det er jo det beste av alt! :)
 Eg håper du har ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 1. september 2013

Hermine sitt rom

Eg viser nokre bilder frå Hermine sitt rom idag. 
Her er ikkje så mykje nytt, anna enn nokre honeycumbs i kosekroken. 
Etter at eg begynte å jobbe igjen har energien til nye prosjekt vore litt laber
Men etter bruktbutikkhandling og malingskjøp igår, 
så håper eg den snart kjem snikande tilbake ;)
Vi har vore fadderar i ein flott barnedåp idag. 
No er finkjolen av, og kosebuksa på :)

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 14. august 2013

Eit rotete barnerom..

..tyder på at eigaren bruker og liker rommet sitt. 
Slik tolker hvertfall eg det. Og når det for ein gongs skyld er ryddig, 
så må bloggemammaen fram med kameraet ;)
Sidan sist eg viste bilder herifrå har vi bytta ut hylla over leikekjøkenet. 
Den rosa er pensjonert og denne kvite er på plass. 
I tillegg har ho fått ny lyslenke frå Nille 
rundt vindauget :)
Og iløpet av denne fotoseansen hengte eg opp 
ei gammal kritttavle på veggen :)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 8. mai 2013

Nib Utfordring Mai- Bruktduellen del2

Her kjem mitt andre bidrag i Nib si utfordring for mai- Bruktduellen. 
Eg elsker å handle brukt. Det er spennande, inspirerande, billeg, miljøvenleg. 
Og sist men ikkje minst så skaper du eit interiør og ein stil som er berre din.
Bruktkjøpa hos oss er for det meste gjort på bruktbutikker, loppemarked 
og fått/arv. Her i distriktet blir det dessverre ikkje lagt så mykje 
spennande ut på finn.no. Eg har tru på at det finns utruleg 
mange skatter stua vekk på loft og i kjeller rundt
 omkring. Og iblant blir mykje brent. Eg får rett
 og slett vondt i sjela når folk tenner bål. 
Det har faktisk skjedd at 
eg har redda nokre ting 
frå flammane 
også ;)

Det finns 2 typer bruktfunn; 
dei som er fantastisk fine med patina og levd liv
Dette er dei som virkeleg er skatterOgså har du dei som blir
 skikkeleg flotte med litt fornying

Hermine sitt rom er nyleg oppussa
Her finn du mange bruktfunn av den typen 
som trengte litt fornying :)
Kommoden er kjøpt på Loppemarked. 
Den var opprinneleg i teak. Eg liker egentleg teak, og hadde tenkt å 
behalde litt av det orginale. Men det passa rett og slett ikkje inn,
 synast eg. Så den vart måla i mint og rosa
Sprinkelsenga er også eit bruktkjøp.  
Den har eg måla kvit.
Teppet på golvet har eg nyleg hekla ferdig. 
Dette er også gjenbruk. Det er hekla frå remser av
sengetøy som eg har kjøpt brukt.

Bordet og den gule stolen er ein 
eldre modell frå Ikea som eg har fått brukt. 
Eg har måla stolen i sommersol og bordet er måla turkis, 
bordplata har fått ein tapet. Til og med ramma på veggen er kjøpt brukt 
og fått nokre omganger med målekosten. 
Blomsterbildet med ramme på kommoden er kjøpt på ein bruktbutikk. 
Skoa er mitt første skopar frå då eg var lita jente. 
Kaninlampa er ny :)
Lesekroken har puter sydd av sengetøy som er bruktfunn. 
Det same gjeld gardina :) Den raude stolen 
stod i huset då vi overtok.
Mange flotte bidrag i utfordringa finn du her!

Ha ein super onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 17. april 2013

Potetkasse nr 2..

..er blitt til oppbevaring på hjul.
Eg har måla den i ein mintfarge (S 0530- G30Y)
og tapetsert med rester av Eijffinger tapeten Cherry Blossom.
Hjula er ifrå Biltema.
Også eit lite tips
lampa som heng i hjørnet på rommet til Hermine 
er på salg til berre 99,90 hos Bohus no :)
Den er kjempefin!
Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 10. april 2013

Sweet as Candy

Eg har fått fart på bestemor-rute heklinga mi. 
No trur eg endeleg at eg hekler det på rett måte også ;)
Rutene skal bli eit sukkersøtt sengeteppe til Hermine si sprinkelseng.
Eg har til no hekla 7 ruter. 
Berre 5 igjen før det blir festing av tråder og 
å montere det saman.
Potetkassa eg pimpa for litt sidan har fått eit bruksområde. 
Garnet mitt er veldig greit å ha opp i der :)
Ikkje gløym å ta lodd i Give Awayen min under her ;) 
Berre ein liten kommentar og du kan vinne eit herleg sett med 
skjerf og hansker i lammeull 
sponsa av Lue.no :)

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 2. april 2013

Sanselige Jenterom?

Franciska skal snart gje ut boka "Sanselige Rom" 
I den forbindelse har ho ein konkurranse der ein kan få med bilder i boka. 
Eg har tidlegare deltatt med stova og kjøkenet vårt. 
No tenkte eg å slenge med bilder frå begge 
jenteromma i huset vårt.

Til faste leserar så beklager eg reprise på mange av bildene..

Eg starter med Hermine (9mnd) sitt rom:
Dette rommet har vi nettopp pussa opp. 
Vegger, tak og tregolv er måla kvite. Ein vegg har fått tapet frå Eijffinger.
Loppis-kommoden som opprinneleg var i teak 
har eg måla i rosa og grønt.
Roll-up gardina og trekket til madrassa har eg sydd
 av gamle sengetøy etter Besta.
Mannen laga ein kosekrok ut av eit innebygd skap som vi opna opp. 
No er der sitteplass med madrass og puter. Under er der ei skuff med hjul 
til oppbevaring. Og stjernehimmelen er 
toppen over i'en :)
Ariel (3 år) sitt rom:
Ariel har ei gammal seng på rommet sitt som Pappaen sov i når han var liten. 
Den er rosemåla av Ariel si Oldemor. Himmel med lyslenke
 må ei lita Prinsesse ha ;)
Siste nytt på rommet er dette bokskapet. 
Det var ubehandla, men eg har måla det grønt.
Alt på kjøkenkroken til Ariel er gjenbruk. 
Bordet er laga av eit Lack- bord frå IKEA. Kjøkenbenken er laga av 
to nattbord frå same butikk. Forhenget har eg sydd. Dei forskjellige stolane 
har eg måla for at alt skal harmonere.
Teppet på golvet har eg hekla av remser av sengetøy.
Hermine er på besøk på storesøstra sitt rom ;)
For å sjå flotte jenterom 
og/eller bidra sjølv kan du trykke her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 20. mars 2013

Litt meir frå Hermine sitt rom..

Litt meir har skjedd på Hermine sitt rom
Først av alt er ho begynt å sove der. Ho sovner uten problem,
 og det virker som om ho trivst :)
Eg har sydd roll-up gardiner av sengetøy eg har fått etter Besta. 
Der er lystette rullegardiner bak, slik at det blir mørkt 
på rommet og at gardinene ikkje
 falmer av sola.
Teppet på golvet har eg hekla av stoffstrimler. 
Det høyrer til på Ariel sitt rom, men eg lånte det for bildene sin del. 
Eg skal snart sette igong med eit til Hermine også :)
Bildet av jenta og hunden fann eg på loppis i helga. 
Kjempefint, synast eg :)
 Stjernehimmelen er ferdig, 
og det er komt madrass og puter i kosekroken.
Rommet er litt tomt endå, 
men det blir vel tidsnok fullt etter kvart som Hermine blir større ;)
Her kan du sjå korleis rommet såg ut 
før og under oppussinga.

Det er utruleg kjekt at så mange har meldt
 seg på Give Awayen min allereie! Tusen takk for alle 
dei fine orda som de legg igjen!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails