Viser innlegg med etiketten Bruktfunn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bruktfunn. Vis alle innlegg

lørdag 22. november 2014

DIY: Lag vase av gammel lampekuppel

Det var på høg tid med eit bruktbutikk- besøk igjen. 
Det er aaaaltfor lenge sidan sist! Abstinensane var store! 
Eg fann ikkje så veldig mykje, men eg kjøpte blant anna
 ein gammal lampekuppel til 10 kr.
 Eg spraya kuppelen kvit og sette den opp ned,
 og vips hadde eg ein trendy vase ;)
Slik såg den ut før;
Ha ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 27. august 2014

Kommode før&etter

Eg fekk denne vesle kommoden i tre. 
Og såg snart at denne kunne bli nattbord på Ariel sitt rom. 
Med litt redesign, sjølvsagt ;)
 Eg leita fram målingsspannet med mint og ein rull med tapet. 
Etterpå såg kommoden slik ut;
 Den finaste nattlampa frå Lapin and me er også på plass. 
Eg har tydelegvis dilla på kanindukker for tida. 
Tøydukka i senga er frå miniroom. 
Eg (og Ariel) digger begge to ;)
 Kattebildet over senga hadde Bestemor i huset sitt då ho levde. 
Eg elsker å blande inn noko som har sjel i interiøret. 
Det gjer det lille ekstra synast eg. Senga er 
også gammal, den har eg måla rosa.
Eg ønsker deg en herlig kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 13. august 2014

Rommet til Hermine

Hermine trengte meir oppbevaringsplass på rommet sitt. 
Eg fann eit furuskap på ei kjøp-salg side på Facebook som eg kjøpte. 
Det var allereie måla grått, men eg måtte ha ein litt sprekare farge. Det vart måla
 i min favoritt- farge mintgrøn. Hermine på 2 år har
 ingen meininger om slikt endå og er fornøgd med
 det meste som Mammaen finner på.
Måtte det vare! ;)
 Når eit nytt møbel kjem på plass, så blir det gjerne litt ommøblering. 
Og når det blir forandringer i eit rom så er kameraet raskt på plass for å dokumentere ;) 
Her kjem eit bilderas frå Hermine sitt rom;
Eg er omtrent ferdig å måle veggane på Ariel sitt rom kvite
Det blir kjekt å stæsje litt der inne og gjere det heilt ferdig. 
Tipper det blir litt fotoknipsing der og snart ;)

Ha ein herleg dag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 12. april 2014

God helg!

Eg har knpsa litt bilder av dagsenga i stova vår idag. 
Senga er eit funn som eg klarte å presse inn i bilen etter eit bruktbutikkbesøk.
I denne ser vi film på Macen ved sidan av, eller berre slapper av. Det mangler ikkje puter her iallefall ;) Bildet over senga er nettopp komt opp. Dette er eit av mine favorittbilder. 
Ei strålande Ariel som kaster haustløv opp i lufta :) Kofferten under senga
 har hjul og skjuler nokre av Ariel sine barbiedukker ;)
Eg har jobbefri heile påska, og det føles godt!

Ha ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 6. april 2014

Gamle rørstoler blir nye

Eg fekk vite at ungdomslaget i nabobygda skulle gje vekk alle rørstolane sine. 
Og som den gjenbruk-entusiast som eg er, måtte eg sjølvsagt sjekke dette ut ;)
Godt brukte og slitte var dei, men 4 stoler tok eg med meg heim :)
Etter å ha vaska, pussa og skrapa vekk gammal tyggis (æsj!) 
Så kunne moroa begynne. Det er mange måter å pusse opp slike stoler på. 
Denne gongen valgte eg full makeover. Eg spraya metallet
kvitt og måla treverket på den eine
 i gult og den andre i mint.
Den gule fungerer for tida som kontorstol.
Rørstolen i mint står att med spisebordet. 
Som også er flittig i bruk som tegnebord ;)
Fargane eg har brukt er;
Gul - Lykke
Mint - S0530-B90G
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 3. februar 2014

Skulestol Før&Etter

For ei stund sidan kjøpte eg
 2 gamle skulestolar på ein bruktbutikk. 
Planen var heile tida å fikse litt på dei, inspirert av mange i Blogglandet. 
Men det tok tid. Då eg endeleg fann ut at det var enkelt å skru dei frå kvarandre, 
så var ikkje sprayen så langt unna. Eg valde å beholde 
treverket som det var. Resten vart spraya, 
den eine i rosa og den andre i mint.
Slik såg dei ut før;
Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 10. januar 2014

Messing

Det er ikkje lenge sidan eg syns messing var skikkeleg stygt. 
Og alt eg hadde av slikt vart spraylakkert. Men så vart plutseleg messing 
ein del av trendbildet igjen. Og eg tok meg i å like det! På ei "skattejakt" hos
 foreldra mine fann eg meg ei samling av messinglysestaker.
Samla i ei gruppe med stearinlys i mint,
så vart det reint fint synast eg!
Ein skal aldri seie aldri ;)
Ha ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 22. november 2013

Bilder til barnerom

Eg gjorde mange gode funn på bruktbutikken for nokre veker sidan. 
Blant anna fann eg nokre fine gamle bilder til barnerom. 
Eg liker så godt slike, og kjøper dei eg kjem over ;)
Juni- bildet er av Elsa Beskow. Denne posteren har eg kjøpt ny. 
Men dei to andre bildene fann eg på bruktbutikken. Eg digger alle tre, 
og eg synast dei pynter fint opp på Hermine sitt rom :)
Ha ei herleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 29. oktober 2013

2 krakker blir "nye"

Eg fann to slike krakker på ein bruktbutikk for litt sidan. 
Dei var sjarmerande slitte. Men var samtidig litt kjedelege 
mangelen av farge, synast eg.
Løysinga vart å måle "sokker" på dei. 
Her ser de undervegs i måleprosessen ;)
No vart dei fargerike, meir tidsriktige
 og samtidig beholdt dei sjarmen med dei slitte detaljane.
Eg er fornøgd! ;)
I ein travel kvardag så digger eg slike raske 
"makeovers" som gjer stor effekt :)
Ha ein super tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 27. oktober 2013

Stol Før&Etter

Eg fekk denne stolen til bursdagen min i august av foreldra mine. 
Dei fann den bakerst i ein krok på eit garasjesalg dei fann langs vegen på ein helgetur.
Foreldra mine tenkte på meg og kjøpte den. Heldige meg! 
Eg digger formene og alle dei ekte slitte flekkane.
Han som selgde den meinte den burde målast. 
Noko eg er veldig uenig i!
 Men noko å site på måtte den ha. Og det har vi endeleg fått på plass. Ting tar tid ;) 
Mannen saga ut ei plate og skar til skumgummi. Eg stifta på eit 
skikkeleg glad-stoff som eg har kjøpt på Etsy. 
 Så vart den fiks ferdig til å delta
 i det fargerike felleskapet rundt spisebordet ;)
Eg er så fornøgd med denne spiseplassen etter at vi bytta ut stolane. 
Vi sit her mykje oftare enn før. Og det var målet :)
Det vart plutseleg stille i over ei veke her hos meg. 
Eg er hardt ramma av den berømte og omsnakka tidsklemma
Men eg vil ikkje gje opp blogginga. Det føles som ein
 liten fristad som eg ikkje vil miste ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 3. september 2013

Bruktfunn

Av og til får eg skikkelege abstinenser. Bruktfunn- abstinenser!
Forrige veke hadde eg det slik, og vi bestemte oss for ein roadtrip til Ørsta og Volda 
for å sjekke ut bruktbutikkane der. Og dei skuffa ikkje!

I Ørsta er der ein diger Bruktbutikk i 2 etasjer. Fantastisk! 
Og i Volda var der ein liten, men den skuffa ikkje den heller ;) 
Det blir absolutt fleire turer hit! ;)

Eg var på jakt etter gamle rammer og bilder til ein bildevegg eg skal ordne. 
Dette bildet med mor og barn synast eg var heilt fantastisk fint! Og krukka til mjøl, 
den er eg forelska i. Gammal og med favorittfargen på lokket!
Eg fann også eit gammalt koppesett med harlekinmønster 
og ein ny favorittkopp med blomster;)
 Gamle sengetøy blir eg aldri lei av. 
Dei er supre å lage puter av. Mjukt og fint stoff med glade farger :)
 Endå eit gammalt bilde med flott ramme. 
Også fann eg 2 slike krakker. Eg har litt lyst å måle dei, men kanskje 
eg skal la det vere? Dei er jo sjarmerande og naturleg slitt :)
 Ein stol som skal fiksast litt på, 
og eit fint gammalt bilde med natur på. Eg likte så godt fargane i det :)
Har du gjort nokre bruktfunn i det siste?

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails