Eg har kjøpt ei søt bok av Cath Kidston som heiter
"Tips for Vintage Style". Det er eit lite hefte fullt av
gode ideer og herlege bilder.
Den er fin å ha ved kjøkenbordet, for litt inspirasjon :)
Eg trur Cath Kidston har skrive ei bok i større utgåve og som heiter "Vintage".
Er det nokon som veit om dette? Evt har ein link der
den er å få kjøpt?
Det grøne brettet med polkadotter er også nytt.
Dette er kjøpt på Åhlens. Eg kjem ikkje over for ein fantastisk butikk dette er.
Synd eg må reise så langt for å shoppe der.
I Fjordhuset har vi herlege påskedager.
Vi har reist på besøk, og hatt besøk av venner og familie.
I dag har det i tillegg vore fantastisk ver!
Livet er flott!;)
Eg håper alle har ei super påske!
Klem frå Bjørg :-)


