Viser innlegg med etiketten Gangen 1.etasje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gangen 1.etasje. Vis alle innlegg

fredag 12. februar 2016

God helg! :)

Det er helg, og for ein gongs skuld er heile huset reint og nesten ryddig.
Då kan til og med gangen bli foreviga med kameraet ;)
Ja, eg sa nesten rydddig ;)
Vi ser fram til ei helg fyllt med kos og ein dæsj kaos!

Ønsker deg nokre fine fridager!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 6. desember 2014

Jula flytter inn i heimen

Jula flytter meir og meir inn i heimen vår. 
Raude fargeklatter titter fram her og der. Det gamle
trauet er på plass på den turkise skjenken. I gangen, på tavla der 
har eg tegna ein liten by i snøver.
Eg håper du har ei fin helg!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 18. oktober 2014

Ha ei fortsatt fin helg!

Eg er innom for å ønske alle ei fortsatt
fin helg med nokre oversiktsbilder frå heimen vår:)
Eg håper du har det fint!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 2. juli 2014

Juli- utfordringen; Vises din personlighet i gangen?

Nib har ny utfordring. 
Denne gongen lurer dei på om gangen vår er personleg innreia. 
Vår gang er i alle fall ikkje nøytral og kjedeleg. Og eg er ganske sikker på at ingen har lik gang som vår ;) Den er innreia og sett saman av ting og farger som eg liker godt!
Når du kjem inn hos oss møter du glade farger, stor tavle 
der du kan legge igjen litt "kunst" og ein bildevegg 
av oss som bur her.
Eg blir glad av å kome inn i gangen vår. 
Og det håper eg gjestane våre blir også. Gangen vår har same stil som resten av huset.
 Den består av ei blanding av nytt, gammalt og redesign i glade farger.
Eg vil kalle det ein personleg stil.
Om du trykker her kan du sjå fleire fine ganger!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 2. mai 2014

DIY; Nøkkeloppheng

Vi trengte nøkkeloppheng og meir "pynt" i gangen. 
Og sidan eg elsker husform på interiør, 
fekk eg denne ideen;
 Du treng;
Sag - Hobbyplate- Pussepapir- Maling- Tapetrest- kroker
 Eg teikna opp ei skisse på korleis det skulle sjå ut. 
Mannen saga ut til meg (eg har fortsatt verktøyskrekk..) Så pussa eg den, måla, 
pynta med stripe og tapetrest. Krokane malte eg
 gule før eg skrudde dei på.
1-2-3 ferdig. 
No har vi nøkkeloppheng som er 
dekorativt å sjå på ;)
Ha ein herleg mai-dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 16. mars 2014

Velkomen inn

Slik ser det ut når du kjem inn i huset vårt
I gangen vår finn du bruktmøbler som er pussa opp. 
Tavlevegg med diverse "kunst" og ein bildevegg med favoritter. 
Også ser du rett inn i TV-stova vår.
Eg og mannen har vore på kjærestetur til Ålesund i helga.
Jentene har kosa seg med Besta og Besten. Det er herleg
 med aleinetid, men også veldig fint 
å kome heim igjen ;)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 20. desember 2013

Julegrein

Eg trengte litt julepynt i gangen. 
Løysinga vart å luske meg ut ein mørk kveld og knekke meg ei grein å ta med inn. 
Greina vart plassert i ein vinballong og pynta 
med pepperkaker og pomponger.
Egentleg er dette veldig lite typisk julepynt for meg. 
Men eg likte det så godt at i skrivande stund 
har det greina fått plass i stova ;)
Pepperkakene er heimelaga 
med hol til oppheng og pynta med glasur (eggekvite og melis) 
Pompongane er frå House Doctor.

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)
(som har tatt juleferie! Deeeilig! :)

søndag 15. september 2013

Skap Før&Etter + skohylle

Vi trengte eit nytt skap i gangen vår. Det vi hadde holdt på å ramle frå kvarandre.
Då foreldra mine skulle kvitte seg med eit trekvitt garderobeskap, 
så var eg snar å "adoptere" det ;)

Her er skapet slik det såg ut før;
(eg er begynt å måle på skuffene ;) 

Før;
Og etter litt Love&Care vart det sjåande slik ut. 
Fargen er frå Fargerike og heiter Jadeite :)

Etter;
På enden av skapet har eg hengt opp ei knaggrekke som er måla lys rosa. 
Og ei trekasse har fått funksjonen som skohylle
Den har eg måla grøn og satt hjul på.
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 12. august 2013

Klart for kunst

Her kjem nokre bilder av Ariel som lager kunst på den nye tavleveggen.
Det vart raskt populært for liten og stor :)
Ha ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 9. august 2013

Tavlevegg i gangen

Eg liker å stramme opp alle dei søte pastellane med svart her og der. 
Og fekk plutseleg ein dag for meg at ein tavlevegg i gangen hadde vore skikkeleg kult. Måling vart innkjøpt med det same. Og eg tok siste strøket igår. 
Eg vart litt skeptisk undervegs. Blir dette "too much"?
 Come to the darkside, we have cookies
..liksom ;)
Men eg har bestemt meg for at eg liker det. 
Og ikkje minst blir det moro for jentene å utfolde seg der;) 
Målinga må herde litt før kunstnerane slepp til med kritta sine ;)
Skapet i gangen er forresten "nytt" også. 
Det er eit garderobeskap i furu, som foreldra mine skulle kaste. 
Litt forarbeid og nokre strøk med Jadeite frå Fargerike, 
så passa skapet fint i vår gang :)
Eg har forresten somla meg inn på Instagram dei siste dagane. 
Du finn meg som Husetvedfjorden ;)

Ha ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 2. februar 2013

I gangen...

...har det skjedd litt nytt i det siste. 
Dette rommet er det første som møter deg når du kjem inn i huset vårt,
 så eg synast det er viktig at der er noko fint å sjå på :)
Eg digger desse lampene som består av sokkel og stor lyspære. 
Derfor kjøpte eg denne på Clas Ohlson og hengte den opp her. 
Den gråmåla pinnestolen min har fått plass under.

Eg har laga ein bildevegg med familiebilder i svart/kvitt. 
Her har eg brukt bruktbutikk/loppis rammer som eg har måla kvite.



Eg håper laurdagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 6. juli 2012

Bilder frå Gangen

Vi er så heldige å ha romslege ganger i huset vårt. 
Idag kjem eit lite bilderas frå gangen nede. Dette er det første rommet 
ein kjem inn i når ein besøker Fjordhuset.
Velkomen inn ;)

 Skapet til høgre er redda frå eit jonsokbål. 
Det har fått ny plate på toppen og ny knott. Kommoden er frå Ikea og har fått tapet. Rommet bak døra du ser på bildet skal etterkvart bli gjestetoalett og vaskerom. 
Trappa går opp til andre etasje som inneheld 
bad og 4 soverom.

 Teppet på golvet er av plast og kjøpt hos Ellos
Veldig praktisk å ha i eit inngangsparti. Det er berre å vaske over det
 når det blir flekkete ;)

 Rett fram går døra inn til TV- stova
Til høgre før skapet (viser ikkje på bildet) går det ei dør ned til kjelleren.

 Til venstre etter at du kjem inn inngangsdøra finn du kjøkenet vårt. 
Dette bildet er tatt frå trappa :)

 Om nokon skulle lure har vi det aldri så ryddig
 som på desse bildene (dessverre ;) Eg har juksa og tatt vekk alle jakkene og skoa
 som pleier å henge og slenge her, før eg tok bilder ;)

Eg har fått tid å måle utemøbler idag! Glede!:) Så no er vi nokre 
små steg nærmare ferdig stæsja terasse ;)

Ha ei nydeleg helg!

Klem frå Bjørg :-)

Ps; husk Give Awayen. Du finn link øverst til høgre :)

torsdag 26. april 2012

Bildevegg i gangen

Eg har laga ein bildevegg i gangen i første etasje. 
Her kom nokre av rammene etter loppe-og bruktbutikk rundane mine til nytte :) 
Alle rammene hadde opprinneleg forskjellige farger. Derfor målte eg
 alle svarte for å få eit litt strammare uttrykk mot
 Ikea- kommoden som fekk romantisk
 tapet for ei tid tilbake.

 Bildene er skreve ut på fotopapir og funne hos min venn Google ;) 
Augestikkeren og sommerfuglbildene er velkjente motiv i Bloggland. No har eg mine eigne omtrent gratis til eg får råd til orginalane. Titanic- bildene og det store som
 er frå 2.verdenskrig er til ære for
 mannens interesser :)

Ny bildevegg ved å bruke det eg allereie har og nesten gratis,
det kan eg like. Kva synast du?

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

PS; eg har fått ein del spørmål om kor pleddet som heng over stolen er kjøpt. 
Det kjøpte eg hos Jotex for ei stund sidan. Eg trur ikkje det er i salg lenger dessverre :(

onsdag 14. mars 2012

Litt frå gangen

Ut i frå desse bildene kan det sjå ut som om det ikkje har skjedd så mykje i gangen vår. 
Bortsett frå fine gule ranunkler i potte frå Grete/ Studio H. Men det stemmer
 egentleg ikkje for her har det over tid skjedd mykje. Det er berre ikkje 
heilt "bloggeklart" endå ;)


Vi har lagt teppe i trappa, men her mangler listene endå. 
Og ein vegg som har stått open inn på isolasjonen er blitt plata, lista og måla.
Og idag har Mannen og Pappa begynt å bygge opp igjen inngangspartiet
Hurra! Eg liker at det skjer ting ;)


 For nye lesera kan eg fortelle at skapet du ser på bildet redda vi frå eit jonsokbål. 
Eg har kun behandla det mot skadedyr, måla det inni og skifta knott.
 Eg digger det slitte uttrykket det har :) 


Krakken har eg pussa opp. Den hadde mørkegrønt skinnsete og brune bein.
Eg har måla den kvit og trekt setet med stoff frå eit retro- dynetrekk
 kjøpt på Bruktbutikken. Lysestakane er måla med
 fargen isvann og fatet på veggen
 er eit bruktfunn.

Fin onsdag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 29. februar 2012

Til nøklane

For ei stund tilbake redesigna eg nokre små bilder til å bli oppheng til nøkler.
Eg målte rammene, trekte stoff over bildene og skrudde i krok. 
Du kan sjå innlegget her!


Dei kom aldri på veggen fordi eg ikkje vart heilt komfortabel med grønfargen eg valgte
 den gongen. Difor tok eg rett og slett å målte rammene kvite her ein kveld. 
Også merka eg dei med dymoen slik at vi ikkje
 skal ta feil nøklar ;)


His and hers ;)
Nokre synast kanskje det er dumt å bruke engelsk. 
Men sidan mannen i huset har familie i England er det naturleg for oss 
å bruke litt engelsk her og der :)


Og no er krokane jammen komne på veggen ute i gangen også. 
Uten nøkler her då, for bildet si skuld ;) Trollhasselen har 
fått sommerfuglpynt  (kjøpt hos Grete/Studio H)

Eg ser at eg har runda 600 følgera på bloggen. 
Dette er jo heilt fantastisk!! No må eg gjere alvor av ei feiring snart ;)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails