I går hadde vi ein utruleg kosleg kveld ilag med 3 vennepar ♥
Vertane diska opp med 3 retters middag, og alt var nydeleg godt!
Ariel var i trygge hender heime hos Mamma og Pappa.
♥♥♥Og idag (etter søndagsmiddagen hehe ;) flytta vi endeleg heim! ♥♥♥
Sjølv om vi har blitt nesten litt vekkskjemt hos Mamma og Pappa, er det utruleg godt å vere blant sine egne ting igjen! :)
Det virka som om Ariel (som er 5 mnd stor idag!) synast det same. Ho smilte frå øyre til øyre etter at vi kom innfor dørene :)
Ho ligg no og søv søtt.
Eg har inntatt sofaen, og surfar med god samvittighet uten å måtte låne internet-pinen til Pappa ;)
Min kjære er på jobb til imorgon, tipper han gleder seg til å kome heim :)
Wallstickersen på døra passer utruleg godt idag :)
♥♥Home Sweet Home♥♥
Og sjå her kven som fekk vere med meg heim! :)
Som eg har fortalt før, har Mamma prøvd å "prakke" denne maskina på meg i fleire år.
Eg har berre svart: "Kva skal eg med den liksom?"
He he..gjett kven som måtte krype litt og spørre fint om kanskje eg kan få den likevel? :)
♥♥♥
Eg har vore så heldig å vinne Give Away
hos Mona med den koslege bloggen Lykkehjemmet.
Eg gleder meg til pakke i posten! :)
Ha ein strålande flott søndagskveld! Håpar de har hatt ein fin start på Mai :)
Klem frå Bjørg :-)
