Viser innlegg med etiketten Green Gate. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Green Gate. Vis alle innlegg

lørdag 13. april 2013

Fin laurdag!

Vermeldingane seier at dette er siste solskinnsdagen for ei stund. 
Så då gjeld det å vere ute og nyte! Ingenting smakar bedre enn kaffi frå ein ny kopp ;) Kva er det med meg og koppar? Eg har mange, og har så visst ikkje bruk for fleire. 
Men når eg kom over denne frå den nye kolleksjonen til Green Gate. 
Så kunne eg rett og slett ikkje la vere. 
Mint og blomster. JA, eg vil ha ;)
Hanskane og skjerfet eg har på meg er frå Lue.no
Det er i deilig lammeull og av italiensk design. Det er fortsatt litt kaldt ute, 
så det varmer fint i vårsola ;) Du kan vinne same settet i valgfri farge 
ved å delta med ein liten kommentar her! 
Her er fortsatt store vinnersjanser. 
Vi lodder ut heile 3 sett ;)

Ha ein fin dag sola!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 12. april 2012

Enkel fornyelse på kjøkenet

Det er lenge sidan eg har vist noko anna frå kjøkenet enn spiseplassen. 
Så no var det på høg tid ;) Kjøkeninnreiinga vår er den velkjente
 Lidingø frå IKEA. Eg er veldig fornøgd med den :)
Den dagen eg skulle klare alt på ein gong, 
måla eg ramma som heng på døra. 
Eg har måla den i lilla før,
 men no er den 
grøn og 
fin! ;)

 Bøttene med lokk som står i hjørnet er frå IKEA, 
dei bruker vi til kildesortering av 
tomflasker og papir.

Skapet der eg har mykje av GG "stæsjet" mitt er kjøpt hos Kremmerhuset. 
Eg var så uheldig at eine knotten datt av, så det har stått
knottlaust ei stund. Men no har det fått
 nye frå Åhlens.


Eg har fått nokre spørsmål om kor eg har kjøpt voksduken min. 
Og det kan eg sjølvsagt fortelle, men eg veit ikkje om det er så mykje til hjelp. 
For eg kjøpte den til redusert pris som metervare på ein Fargerike
butikk i Førde som skulle slutte
 å selge voksduker.

Kjøkenet vårt er også eit av romma vi har pussa opp frå grunnen av. 
Viss du er interessert i å lese meir om det kan
 du trykke her!

Tusen takk for gode ord, og hjarteleg velkomen til nye følgerar! 
Eg blir så utruleg glad for kvart einaste besøk og tilbakemelding. 
Det varmer ♥ mitt veldig skal de vite :)

Eg håper dagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 26. februar 2012

DIY; Green Gate pute

På mi siste handleutflukt kjøpte eg ein kjempesøt 40x40 cm brødkorg- serviett 
frå Green GateEg hadde egentleg tenkt å bruke den som duk, 
men eg fann liksom ikkje heilt den rette
plassen til den. 


Rundt om i Bloggverda har eg sett fleire som har forvandla kjøkenhandkle til puter. 
Difor sydde eg den rett og slett om til ei puteFor puter får ein jo aldri nok av, 
eller kva? ;) Eg sydde berre på eit kvitt bakstykke og putta innerpute i. 
Raskt og enkelt ;) Det er ikkje så verst å kunne pynte sofaen
 med ei Green Gate pute til den nette
 sum av kr 59 ;)


Dei kvite lingardinene mine er på plass igjen i TV-stova. 
For eg er i vårstemning, og då skal alt vere lyst og lett. Nyvaska sofatrekk og 
gardiner er stas! :) No kan våren kome...


...og det er Ariel veldig enig i. 
Vi har baka kanelboller idag og gått ein passeleg lang tur i fineveret. 
Det har vore ein skikkeleg fin dag!


Eg håper dagen din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 27. januar 2011

♥ BanK

Eg har fått i hus eit perfekt eksemplar av noko eg har ønska meg lenge! 
Nemleg ei slik nydeleg gammal vekt
I love it!!! :)


Den passa så fint i kjøkenhylla mi ilag med alle
 pastellane der, synast eg :)

Eg blir glad berre av å sjå på den ;) 
Vekta er herleg gammal og nostalgisk med slitte kanter.






Om nokon lurer på om eg nokon sinne er på jobb på dagtid, fordi innlegga mine blir posta då. Kan eg seie at planlagte innlegg er ein fantastisk sak! No når dette 
blir publisert er eg nemleg på jobb og gjer så godt eg kan! 
Snakk om multitasking ;)


Tusen takk for alle gode ord de legg igjen til meg. 
Eg set veldig stor pris på det! Det er også kosleg at så mange vil vere med 
Give Awayen med gåvekort frå Frydbutikken.no som premie.
Det er framleis lodd igjen. 

Alt du treng å gjere er å legge igjen ein kommentar 
linken øverst til høgre :)

Ha ein fin tordag alle saman!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 20. august 2010

Eg ♥ isvann..


..Og då snakka eg om målingsfargen isvann. 
Ein heilt fantastisk, nydeleg 
lyseblå farge.

Eg har hatt ein del småting liggande klar for måling, 
men eg er egentleg litt lei av å måle alt kvitt. 
På diverse blogger er isvann mykje brukt. 
Så eg tenkte at no ville eg og prøve :)

Mitt første prosjekt som er ferdig er dette brettet,
 som Mamma var så snill å kjøpe med til meg frå ein Bruktbutikk.

Før/Etter:


Ser litt bedre ut no, 
ikkje sant? ;)


I dag har eg vore på loppemarked på Sandane. 
Det er så moro!!:) 
Dei skal visst fylle på varer både idag og imorgon,
 så då blir det ein tur til ;)
Eg fann endeleg to korgstoler, nokre rammer og ei hjørnehylle.
Alt skal få ein makeover, resultatet kjem. 
Men uvisst kor tid ;)


Stova ser ut som eit hobbyverksted ikveld!
På golvet står barnekorgstolen klar for kvitmåling (takk for gode råd;)
På bordet ligg eit par rammer som skal målast. 
I stolen ligg noko syarbeid
Og ei ferdig måla ramme skal få hønsenetting
Nok å henge fingrane i med andre ord ;)


Var ikkje blåfargen på brettet flott?
Slike hjerter som ligg på brettet har eg 
til salgs i Fjordbua.



Eg håper alle har ein kosleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 16. august 2010

Shoppingrunde ;)


På Laurdag hadde vi ein kosleg dagstur til Nordfjordeid. 
Ein tettstad som ligg ein liten time 
med bil herifrå.


På ein av dei små koslege interiørbutikkane selde dei GG koppar. 
Og eg vart som vanleg superøsen. 
Det skjer alltid når eg finn Green Gate i butikkar ;)


For ikkje så lenge sidan var det nærmast umuleg å oppdrive Green Gate,
 i området her eg bur. 
Men no popper produkta fram i butikkhyller overalt! 
Og Jippijeyyy for det ;)


2 lattekoppar i blått med prikkar vart med meg heim :) 
Til ein hyggeleg pris og, synast eg. 
Dei tok 62 kr pr kopp. 
Før har eg betalt minst 80 kr pr stk. 
Så det var ei fornøgd dame som vandra ut av den butikken ja ;)


Nokre små søte blomster vart og med heim. 
Det er så fint å bruke desse koppane til blomster. 
For eg må innrømme at å drikke av dei, det gjer eg sjelden..


Denne kassa er min nyaste "forelskelse" ;)
Dette er ein slik sak, eg berre ikkje kan gå forbi.


Til ein pris på 180 kr,
 vart den med den nye og glade eigar heim :)


Den kan brukast til alt! 
Til å ha pynt i som her, ha blad i, pledd i, frukt, kjøkensaker. 
Ein anvendeleg og flott sak med andre ord ;) 
I love it! :)


Tusen takk for gode forslag til namn på Blogshoppen min :) 
Eg fallt for Audhild sitt forslag;
 Fjordbua
Med underteksten; 
pasteller og polkadotter 
som var Madelen sitt forslag.

Kva skulle eg gjort uten dokke?? :)

Til slutt eit bilde av Ariel,
 med sløyfe i håret for første gong ;)


Eg håper alle har ein flott mandag!


Klem frå Bjørg :-)

mandag 12. juli 2010

Orden i rotekroken;)

På kjøkenet har vi hatt ein krok der rotet samler seg raskt opp. 
Her har tomflasker og anna samla seg. 
Men no er det fiksa på. Er det noko eg 
ikkje kan fordra 
er det slikt rot!


Eg har ikkje tatt før- bilder,
 fordi eg var for ivrig til å sette igong ;)


På Farmors Hus i Bergen kjøpte eg denne søte knaggerekka
(hmm..ser at skruane må få seg litt kvitmåling ;)
Eg skal sy eitpar poser som skal henge her. Dei skal inneholde glas/metall 
og dei skitne smekkene til Ariel. 
Som ein slags mellomstasjon
istaden for golvet og 
kjøkenbenken ;)


Den kvite bøtta med lok kjøpte eg på IKEA. 
Den inneheld tomflasker,
 klare til panting ;)


Den søte hylla kjøpte eg på Kremmerhuset i Førde til berre 349,- 
Eg synast den var kjempefin og billeg
ikkje minst ;)


Flaskene på toppen raska eg og med meg frå IKEA. 
Eg er blitt stor fan av slike flasker, 
kjempefine!


Foccacia oppskrifta på døra er eit veggord kjøpt på Farmors Hus
Nydeleg butikk på Kløverhuset i Bergen. 
Likte meg godt der ;)


Nokre muffinsformer vart det og. 
Dei rosa er frå Åhlens og dei turkise er frå Rice

✿ ✿ 

Som de skjønar har det vore litt shopping på gang ;) 
Og endå meir shoppingresultat kjem seinare ;)
Vi hadde ein kjempefin tur til Bergen. 
Dette var den første lange turen Ariel har vore med på.
Men ho var kjempesnill
og Mammaen var ein smule stressa. 
Meir omstilling for meg enn ho 
trur eg;)

✿ ✿ 

Eg håper alle får ein flott mandags kveld!



Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 22. juni 2010

Kjøkkenhyllene mine...

..Er å finne i Hjem og Hygge- bilaget i Allers 
denne veka :)


For litt sidan sendte eg inn bilde på moro til ein konkurranse,
 der ein kunne vinne gåvekort frå Jernia.


Så fekk eg beskjeden om at eg var ein av vinnerane
Hurra! :)

Gåvekortet har min kjære fått, 
sidan han treng ein 
del verktøy ;)

♥♥♥


Bildet eg vann med er begynt å bli gammalt. 
I alle fall når eg ser på innholdet i kjøken- hyllene idag. 
Det har på "mystisk" vis dukka opp litt 
nytt innhold frå tid til anna ;)


Tilda- boksane som stod her har bytta plass med 
skålene mine frå Bruka.
Dei er så flotte synast eg. 
Har lyst på alt i den 
serien :)


Skålene frå IB Laursen er i bruk dagleg. 
Til müslien til frukost og til Ariel sin graut.

Den søte sukkerskåla fann eg på 
bruktbutikken til 
berre 10 kr (!) 


Green gate serien min er blitt utvida med fleire 
Latte- koppar, mugger og skåler :)


Kan ein egentleg få nok av desse? ;)


♥♥♥

Her i huset er symaskina tatt fram igjen, 
og eg kosar meg ;)


Ha ein nydeleg kveld!


Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails