Viser innlegg med etiketten Loppisfunn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Loppisfunn. Vis alle innlegg

tirsdag 21. juli 2015

loppisfunn og peoner frå eigen hage!

Det går litt tid mellom kvart innlegg på bloggen om dagen. 
Dagane er innhaldsrike, travle og eg får aldri tid til alt eg har lyst. 
Men slik er det vel for dei fleste ;)
 Vi er nettopp komne heim frå ei herleg ferieveke der vi 
besøkte Lillehammer og Strømstad med bobil. Det var ei ny og morsom erfaring. 
Når vi fekk solrike dager og stort loppis (bl a krakken + putetrekket på bildet) 
med på kjøpet så kaller eg det ein suksess! ;)
 Peonane i hagen har venta på meg, dei står snart i full blomst! 
Hurra! Eg var redd eg skulle gå glipp av det ;) 
Når veret er trasig ute, er dei fine 
å ta med inn!

Ønsker deg ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 27. februar 2014

Mitt første loppekjøp..

..vart gjort for lenge sidan. 
Og det var ein kommode i teak. Den gong måla eg alt kvitt. 
Og denne kommoden slapp heller ikkje unna det kvite målespannet. 
Heilt kvitt er noko eg per idag synast er litt kjedeleg. 
Difor fekk kommoden ein ny og friskare 
utsjånad for nokre dager sidan. 
Ein del kvitt har den endå, 
men to av skuffene har fått dei finaste korallfargane
Sidan eg ikkje har dei orginale handtaka lenger, 
så kjøpte eg nokre i tre og måla dei i same
 fargen som skuffene.
Kommoden skal få plass i gangen vårEi skuff 
til kvart familiemedlem. Så no skal det bli 
orden i sakene ;)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 18. september 2013

Forandring fryder!

Vi har endeleg fått på plass verandadøra i spisestova. 
Her har det vore halvferdig i snart 2 år. Så veldig kjekt å få det ferdig! Jubel
Nå mangler berre sjølve verandaen utanfor. 
Men det er jo fort gjort ;P
Men kanskje nokon legg merke til noko anna som har forandra seg?
Eg har lenge vore lei av spisestolane våre med kvite trekk. Dei var store og tunge, 
og trekka var sjelden reine. Så eg selde dei rett og slett. No har min
 forkjærlighet for loppis-stoler endeleg 
komt til sin rett ;)
Inntrykket vart lettare, meir fargerikt og meir meg! 
Eg digger det :)
 Det mangler litt puter og eit sete på eine stolen
 for at sittekomforten skal vere god. Men det kjem seg etterkvart ;)
 Eg håper kvelden din er fin!

Klem frå Bjørg :-)

PS; husk fin-fin Give Away. Du finn link oppe til høgre ;)

søndag 2. september 2012

Fram frå skapet!

Eg kjøper ofte fine fat på Bruktbutikker og loppiser. 
Og dei har blitt liggande i eit skap, noko eg synast er for gale! Eg fann oppheng til fat på Jernia, så no har eg hengt opp favorittane mine på veggen :)


Her kan eg skifte ut fata om eg skulle finne nokre finare,
 eller eg får lyst på eit anna uttrykk. Har tenkt på å henge opp berre 
retrofat frå Figgjo her ein gong :)

Kva skal ein med dyr kunst,
 når ein har flott porselen i skapet? ;)

Fin søndag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 28. august 2012

Loppefunn :)

Det vart ikkje dei heilt store funna på Loppisen forrige helg. 
Noko som var litt skuffande sidan eg har gleda meg til dette loppemarkedet lenge
Men litt vart no med heim likevel:)
Eg fann nokre fine sengesett som kan brukast til litt av kvart. 
Kommoden har eg pønska ut ein plan for, den skal etter litt Love&Care vere på
 Hermine sitt framtidige rom :)

Hyllene på hjul skal dusjast med spraylakk og fungere som oppbevaring på Ariel sitt rom. Ellers vart eit sausenebb, søt kattefigur, fin hjerteboks
 og 2 melaminkopper med heim.
Heilt greit ;)

Tusen takk for alle bursdagshelsingar. 
Det varmar mitt :)

Fin tysdag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 31. juli 2012

På terassen..

...vår står det eit bord eg har arva etter Besta. 
I helga fann eg eit gammalt emaljert vaskefat på Loppis. Dette har eg fyllt med
 blomster som var begynt å henge med hovudet :)



Terassen vår er så og seie ferdig, og vi bruker den mykje. 
Det gjenstår ein del måling og småfiksing, som eg visst aldri får tid til. 
Men fleire bilder kjem. Sånn litt etter kvart ;)


Ein atikkel om Huset ved Fjorden er å finne på den polske nettstaden Chabrowe Pole.
 Du kan sjå den her! 
*stolt* ;)

Fin tysdag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 12. juli 2012

Soverommet vårt..

..har fått nokre forandringer i det siste. 
Dette sengesettet frå Princess (kjøpt for lenge sidan) oser av sommar, synast eg.
Så då kan vi jo ha sommar her, når den svikter utandørs.

Hermine har sjølvsagt flytta inn på soverommet vårt. 
Ho søv i vogga som Oldebesten hennar snekra då han levde. Han laga 
slike vogger til alle oss barnebarna, noko som vil glede i 
fleire generasjoner framover :)

For fotoshooten si skuld har rotet som opprinneleg har sin plass på nattbordet
 blitt bytta ut med ein sjølvlaga vase med Gerbera i ;) 
Eit syltetøyglas, ein stoffrest og litt lim 
= søt vase!

Sengeteppet som ligg på senga har eg etter Oldemora mi, ho har hekla det sjølv. 
Det er heilt nydeleg og eg er kjempeglad i det!


Lappeteppet som heng over vogga er eit av mine første strikkeprosjekt. 
Eg strikka det mens eg gjekk gravid, og før eg var heilt sikker på om vi venta gut eller jente. Så det var flaks at eg ikkje bomma med rosafargen ;)

Lysekrona vår har fått små loppis- skjermer på seg. 
Kjekt med forandring, samtidig som lyset blir mykje meir behageleg med skjermer på :)

Tusen takk til alle som tar seg tid å legge igjen nokre ord her hos meg! 
Eg set utruleg stor pris på det, og har veldig dårleg samvittighet for at eg er så dårleg å legge igjen spor etter meg for tida. Tida strekk ganske enkelt ikkje til alltid...
Men eg er stadig innom og suger til meg all den 
flotte inspirasjonen de gjer :) 

Det er fortsatt gode muligheter å vinne knalltøffe Retroplakater
 sponsa av RetrolivAlt du treng å gjere er å legge igjen nokre
 ord på linken øverst til høgre :)

Ha ein flott torsdag kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 7. juni 2012

Lampe Før&Etter

Eit meget utsatt prosjekt er ferdig. 
Denne lampa kjøpte eg på loppis for eit år tilbake. Det er eit dårleg før- bilde,
 og egentleg er den heilt grei som den var. Men eg får jo som
 alltid lyst å fikse litt ;)

Før;
 Etter;
 Eg har måla lampefoten med kvitmåling
Og så har eg sydd trekk til lampeskjermen. Simsalabim så vart det ei sommarleg
 lampe i stova vår. Det geniale er at det er enkelt å sy eit nytt trekk,
 eller bruke den opprinnelege skjermen igjen. 
Og den blir "ny" ein gong til ;)

 DIY 
-Sy trekk til lampeskjermen-

Mål høgda på skjermen (legg til ca 10 cm til løpeganger)
Mål diameter på skjermen der den er lengst  (legg til nokre centimeter til saumen)
Klipp til ønska stoff etter desse måla
Sy løpeganger på langsidene (Husk å ikkje bruke meir til dette enn dei 10 ekstra cm)
Sy saman kortendane (Ikkje tett løpegangane ;)
Tre tråd gjennom løpegangane.
Ta trekket over lampeskjermen og stram til tråden oppe og nede. 
Knyt godt fast, og fordel rynkene.

Gratulerer med ny skjerm med eget preg ;)


Ha ein super torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 22. mai 2012

Loppefunn

Då eg såg det skulle vere loppemarked i nærheten av der foreldra mine har hytte, 
var eg snar å spørre om eg og Ariel kunne vere med på hyttetur i helga som var ;) 
Det er som sagt før ikkje ofte det er loppis her i området. Loppemarkedet skulle
 opne kl.10, og "profesjonelle" som vi er var vi der presis
Men vi var ikkje aleine om det. Lokalet var 
allereie stappfullt.

 Men eg fekk no med meg nokre godbiter (i mine auge hvertfall ;) 
Og prisane var kjempefine, sånn som ein skikkeleg loppis skal vere ;) 
Dette vart med meg heim;

4 små lampeskjermer
Stor kvit vekkerklokke
2 gullrammer (som skal målast)
Hekla grytelapper
2 kakebokser
1 blå fillerye
1 ildfast fat frå StavangerFlint
1 serveringsfat frå StavangerFlint
1 stort rundt serveringsfat frå Figgjo med gul kant

 Fine hekla grytekluter er ofte å finne på loppiser eg er på. 
Og dei blir ofte med meg heim. Dei er superfine å bruke til å dekorere putetrekk med, eller berre henge til pynt. Dei kan jo sjølvsagt brukast til det dei
 er meint som også ;)

 Det har skjedd noko med meg som eg aldri trudde skulle skje; 
Eg har fått dilla på oransje! Og då eg fann denne kakeboksen vart eg forelska ;) 
Den skal få funksjon som oppbevaring av ei mengde irriterande
 fjernkontrollar som flyt overalt.

 Desse søte lampeskjermane skal brukast til ein liten makeover. 
Men den innebærer spraylakk også, så det får 
vente til babyen er komt ut ;)

Desse to serveringsfata frå Stavanger Flint er eg veldig fornøgd med. 
Med oransje detaljer (sjølvsagt ;) og til 20 kr pr stk var det eit kupp
Serien heiter June dekor:Rolf.

Eg håper du har hatt ein strålande dag i sola, 
for det har eg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 3. mai 2012

NIB utfordring- Nytt møter gammalt

I mai har NIB utfordringa "Nytt møter gammalt". 
Og her i huset var faktisk utfordringa å finne noko nytt å vise fram ;) 
Gamle saker er her visst overflod av. 
Men vi prøver likevel :)

Gammalt;
Favorittkrakken min som er slitt og sjarmerande, funne på Loppis.
Fin- fin  koffert funne i foreldra mine sin kjeller.
Søt vintage- tapet funne på Loppis.

Nytt;
Vase frå Kremerhuset.
Kopp frå Green Gate.
Puter og rose frå Coop Extra.

 Gammalt;
Krakk med ny "trendy" grønfarge.
Gamle sengetrekk som er blitt puter.
Bord vi hadde heime når eg var lita,
Kikkert etter mannens Bestefar.
Skodder redda frå eit Jonsokbål ,som er måla grøne.


Nytt;
Ektorp sofa
Telysholder frå Nille

Gammalt;
Sjøkart etter mannens Bestefar
Vinballong frå Loppis
Flasker frå Loppis
Skap vi har fått av snill dame som eg har måla turkis
Puter av gamle sengetøy
Skodderredda frå eit Jonsokbål, deretter måla grøne

Nytt;
Pledd frå Jotex
Puter frå HM Home (dei blå)
Ektorp stol og sofa
Skål frå Tine K
Gammalt;
Skap funne på Jonsokbål, som har fått ny roseknott.
Gammal krakk i ny trendy grønfarge.

Nytt;
Puter frå HM Home
Teppe frå Ellos
Skåler frå Tine K
Mugge frå IB Laursen
Trendy sommerfuglbilder i gamle rammer

Om du vil bli inspirert, sjå fleire bidrag her!

Ha ein fin torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 29. mars 2012

Loppefunn Del 2

I dag har eg lyst å vise fram resten av loppene eg fann på søndag som var. 
Ikkje akkurat gamle skatter dette, men veldig 
kjekke ting for Ariel :)

 Desse hekla melonane vart perfekte på leikekjøkenet til Ariel. 
Var ikkje dei fine vel? Det ser ut som om dei er heimehekla, kreativt! Nesten ei skam
 å berre betale kr 5,- pr stk. Eg har allereie fått dei servert
 på fine små fat både 1,2 og 3 gonger ;) 

Mamma fann to stk barnekostymer som ho kjøpte til Ariel. 
Ein dinosaur og ein bamse. Dette vart veldig populært
Spesielt dinosaurkostyme skal ho ha
 på heile tida ;)

  Det vart litt uklart bilde, det er vanskeleg å fange ein
 "skummel" dinosaur med kameraet ;)

Denne søte Pippi- kofferten vart også Ariel sin til ein veldig billeg penge. 
Eg digger slike kofferter. Ikkje berre er dei fine, men og
 kjempepraktiske å oppbevare tegneblyanter, 
leire, perler osv.


Eg har nokre frå før som er kjøpt på Søstrene Grene i København. 
Dette er dei to øverste på bildet :)

Jepp, då var loppefunna mine grundig dokumentert ;P 
Neste loppis på meg blir sikkert ikkje før i slutten av juli. Og det er lenge til det! 
(eg får trøste meg med bruktbutikken så lenge ;)

Ha ein super torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 27. mars 2012

Loppefunn Del 1

Loppemarked er igrunn fascinerande. 
Nokre sitt skrot blir rett og slett andre sine skattar ;)
Her i området er det loppis berre sånn ca 3 gonger i året. Difor satte eg og Mamma oss i bilen og køyrte i til saman i 2 og ein halv time for å få med oss Loppemarked på
 Tanteungen min sin skule :)

 Det første eg såg når eg kom inn i lokalet var denne vinballongen
Og slike er jo skikkeleg poppis for tida. Når vi i tillegg klarte å knuse ein som stod i kjelleren vår for litt sidan vart eg ekstra glad for å finne denne. No har eg ikkje heilt peiling,
 men eg trur at 200 kr for denne var eit kupp?

 Vinballongen er kjempefin å ha lange blomster eller kvister i. 
Ein kan ha ei lysslynge i, eller berre la den vere som den er. Fleire forslag? :)

 Den brune "vasen" vart også min til berre 20 kr. 
Den minner meg veldig om desse medisinflaskene som er på mange blogger/interiørblad for tida. Og eg har hatt slike på ønskelista mi, 
så eg vart overlukkeleg når denne dukka opp. 
Loppis = moro!

 Ellers så fann eg denne store oppbevaringsboksen i metall og eit gammalt
 broderi av ein Hyancint, som eg har tenkt å bruke på
 eit putetrekk eller liknande.

 Store rammer ser eg alltid etter på Loppemarked eller Bruktbutikker. 
Her betaler ein ofte ingenting for slike, i motsetning til på butikker. Der er slike dyre
Om ikkje fargen fell i smak (som med dei eg fann ;) så er det berre
 å måle eller spraye :)

I tillegg til alt dette fann eg litt av kvart til Ariel. 
Det kjem i eit anna innlegg. Eg treng vel ikkje å seie at eg storkosa meg 
på dette loppemarkedet? ;) I tillegg fekk vi litt kvalitetstid med 
søstra mi og familien. Ein flott søndag! :)

Ha ein super kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails