Viser innlegg med etiketten anbefaling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten anbefaling. Vis alle innlegg

mandag 5. mai 2014

Eg er hekta på..

..interiørblad!
Eg elsker å kunne sette meg djupt ned i sofaen,
 eller ute i sola med eit ferskt blad på fanget. Eit lite friminutt der eg slapper av, 
les, ser på bilder og blir inspirert. Eg kan bli så inspirert at det klør i fingrane 
etter å sette igong med prosjekt, når eg har lest eit bra interiørblad. 
Følelsen av å bli inspirert er fantastisk og energigivande!
Til å bli sprudlande glad av :)
Eg er rett og slett litt hekta på interiørblad. 
Og eg har mange, altfor mange. Kaste dei gjer eg ikkje, for eg ser i dei fleire gonger. 
Då seier det seg sjølv at det blir hauger av dei etterkvart. Men dei koster jo litt, 
og eg får mange skeive blikk og kommentarer frå mannen etterkvart som 
bladhaugen veks. Då svarer eg tilbake at eg endå ikkje er komt opp i 
summen eller størrelsen som utgjer hans hobby (han har seglbåt;) 
Då blir det stille om den saken, for ei stund  ihvertfall;)
Interiørinspirasjon finns det mykje av for tida. 
På blogger og Instragram finns det utruleg mange dyktige som inspirerer stort. 
I det siste har det også dukka opp flotte e-magasin (digger NIBhjemme:) Strengt tatt
 treng ein ikkje bruke penger på interiørblad for å finne inspirasjon. Men det
 er noko eget med eit blad av glansa papir som du kan krølle deg saman
 med, kor som helst, og lese. Det er ikkje heilt den same kosen
 med dataen, pad'en eller mobilen, synast no eg :)
 Så veit du; den her bladhaugen, 
den spanderer eg på meg ;)
Mine bladfavoritter er Boligpluss, Boligdrøm, Rom123 og KKliving. 
Mange andre blir også med heim, rett som det er, men favorittane abbonerer eg på. 
Noko som er veldig greit sidan du får blada billegare, tidlegare og rett i postkassa. 
Heilt supert, spør du meg! Bladkongen.no har mange gode tilbod på 
abbonement. Eg har faktisk ofte gjett vekk eit abbonement 
til nokon som har alt, i anledning jul eller bursdag.
Det blir alltid tatt godt imot:)

Er du hekta på blad?

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 11. september 2013

Dixie

Eg har sikla etter ei skinnveske frå Dixie ganske så lenge. 
Til bursdagen min (for eitpar veker sidan) fekk eg den endeleg av mannen! 
Snille kjæresten min! :)
No har eg også fått ei lommebok frå Dixie av Carriealong.no. 
Lommeboka er så stor at eg får plass til Iphonen i den, og eg kan bruke den som ei lita clutch- veske. Den finns i fleire farger, eg valgde sjølvsagt mint ;)
Nettbutikken Carriealong.no er vel verdt ein titt. 
Er du på jakt etter vesker, kofferter, PC vesker, ryggsekker, skulesekker eller 
eit  pennal er du på rett stad. Butikken er oversiktleg, 
dei sender raskt og servicen er god :)
Ha ein superduper dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 25. august 2013

Polarbrød

Les du Trines Matblogg
Ho er så fantastisk flinkOg lager kjempegod mat som ho 
illustrerer med flotte bilder. Og ikkje minst er oppskriftene hennar enkle og 
fristande å bruke. Eg har lært meg å bake ved å følge bloggen til Trine;) 
Denne gongen har eg prøvd meg på polarbrød- oppskrifta hennar. 
Kjempegode! Desse har eg kosa meg med
 i lunsjen på jobb:)
Oppskrifta finn du her.

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 11. august 2013

Kopper frå Ment

Ikkje berre var eg heldig å vinne Nib- utfordringa Sommer på Jorda; 
eg vann også ein superfin premieFor ei stund sidan
 fekk eg 6 kopper og 6 skeier frå finaste
Ment i posten.
Eg liker koppane kjempegodt. Enkel, men lekker design. 
Gode å holde i, og fine farger. 
Nice rett og slett! 
 Har du sjekka ut nettbutikken til Ment
Utruleg mykje fint, og dei designer og lager alt sjølve på Fåberg nærheten
av LillehammerEg fallt spesielt for etasjefata 
og dei supersøte skålene
Ta ein titt her!
Ha ein flott søndag!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 11. juli 2013

Plutseleg var..

..det over ei veke sidan forrige blogg-innlegg. 
Dagane har gått fort. Sjølv om det har skjedd lite her på bloggen, 
så har det skjedd mykje i det "virkelege" liv :)

Eg har vore på "husmor"-ferie hos ei veninne i Bergen. 
Der fekk eg endeleg shoppa med gåvekortet (som eg vann i Nib si april-utfordring) 
Home & Cottage. Det var veldig moro!! 
Kva eg kjøpte skal de få sjå seinare ;)

Vi har også vore ein tur til Hakallegarden
som ligg i nærheten av Fiskå på Sunnmøre. Eg viser litt bilder derifrå idag. 
Dette er ein fantastisk plass både for små og store.
Garden har ei fantastisk ramme med flott natur, og du ser ut i havet. 
Her fann vi alpakka, esel, hester, høner, kattunger, kalkuner, geiter og mange andre. 
Dei fleste dyra gjekk fritt rundt oss, slik at ungane fekk kose og klappe på dei. 
Og for interiør- nerder som meg var det masse inspirasjon å hente. 
Utruleg flott tillaga. Gamle og fine møbler måla i sukkersøte farger. 
Og ein kafe kombinert med interiørbutikk. 
Fantastisk! :)
I fjøset var veggane i mint og rosa!
Køyre tur med Gråtass var stor stas! 
Om du befinner deg i nærheten, anbefaler eg varmt eit besøk. 
Du kan lese meir her!
Dette innlegget er på ingen måte sponsa, 
eg vart rett og slett litt betatt av plassen og ville fortelle om den :)

Ha ein flott torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 2. juli 2013

Kunstverk på pute

Eg elsker pelargonium og eg elsker puter
Og når eg fekk tilbod om å teste ut kunstnaren Line Bergseth sine linputer,
 visste eg med ein gong at dette ville bli kjærleik ved første blikk ;)
Og det vart det!

Line Bergseth er ein dyktig billedkunstner, 
som har spesialisert seg på å måle sine eigne pelargonium med akvarellmåling. 
Motivet blir med ny og moderne trykkemetode overført til putetrekk i 100% lin
Og resultatet blir dei flottaste puter. Rett og slett eit mjukt måleri.
Puta som pynter i sofaen min heiter CircusDu kan sjekke ut denne 
og dei mange forskjellige motiva i nettbutikken 
som du finn om du trykker her!
Eg må berre ta med eit bilde frå Line Bergseth sin blogg. 
Dette er frå atelieret hennar, der dei flottaste motiv blir til.
Her hadde eg definitivt funne inspirasjon i massevis!
Er ikkje det heilt nydeleg?
(Foto; Linebergseth.blogspot.com)

Har du lyst å sjå meir?

Nettbutikken finn du her.
Bloggen finn du her.
FB- sida finn du her.

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 12. november 2012

Premie/Utfordringa: Kreativ med Barn

Det er komt inn utruleg mange fine og inspirerande
 bidrag til utfordringa mi; Kreativ med Barn. Tusen takk for all skaperglede som de vil dele! Det er fortsatt ei veke igjen til utfordringa er avslutta, så det er berre å
 slenge seg med. For å bli med eller bli inspirert, 
kan du trykke her!

Eg får den vanskelege jobben med å plukke ut 10 finalister som de skal stemme på. 
Dei 3 bidraga som får flest stemmer får fin- fine premier.  Ein av premiane 
du kan vinne er dette settet med fingerdukker som du kan lage sjølv. 
Perfekt for kreative unger og voksne ;) 
Settet er sponsa av 

goyAgoy.no er ein relativt ny nettbutikk som eg oppdaga for litt sidan. 
Her finn du i hovedsak leiker og babyutstyr. 
Eg vart raskt imponert over; 

- Godt utvalg av kvalitetsleiker -
 - Fornuftige priser - 
- Ein fraktpris på berre kr. 49,- 
- Oversiktleg og fin nettbutikk -
- God service - 

Her er det mykje moro for unger. Kva med å starte julehandelen her? 
Hos Goyagoy har du bytterett på julegåver ut januar 2013 :)
No før advent er der også ein egen kalendergåve-
 kategori med mange gode ideer. 
Og det passer ihvertfall
 meg flott :)

Sjekk ut FB- sida her!
Du kjem til butikken ved å trykke her!


I morgon skal eg presentere dei 2 andre premiane. 
Desse er frå Kremmerhuset :)

Og no håper eg at 
du vil delta på utfordringa mi? ;)

Klem frå Bjørg :-)

søndag 16. september 2012

Nam!

Eg er følger og stor fan av Trines Matblogg
Denne veka frista ho med rømmeboller med friske bær
Og gjett om eg og Ariel måtte teste dei då ;)







Vi inviterte til kaffislabberas og bollane fekk raskt føter å gå på ;) 
Oppskrifta finn du her viss du fekk lyst
 å prøve du og :)

Fin søndag til deg!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 14. september 2012

Babylue

Eg kjøpte denne nydelege babylua til Hermine ei stund før ho vart født. 
Då eg såg den i bloggbutikken til Janne, så måtte eg berre ha den. 
Janne tryller fram dei finaste plagg med heklekroken sin. 
Eg skulle ønske eg var like flink! :) 
Ta ein titt her!


Hermine er allereie 2,5 mnd. 
Snillare baby enn denne vesle jenta trur eg ikkje finns ;) 
Men eg merker at livet er betydeleg travlegare med 2 små troll i hus! 
Men det er slik det skal vere. Det er viktig å senke skuldrane
 og huske på å nyte tida :)

God helg til deg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 1. august 2012

Oppbevaring..

..er noko eg aldri får nok av. 
Då eg fann denne kista på Kremmerhuset måtte eg berre ha den. 
Det resulterte i at det vart rydda i leikane til Ariel. 


Eg synast det er godt å rydde vekk alle leikane som sleng overalt,
 etter at Ariel er lagt for kvelden. Og då er det
 supert å gøyme dei under lokk ;)


Eg likte så godt desse kistene. 
Og til ein super pris på berre kr 229,- så trur eg
 faktisk at eg må kjøpe fleire ;)

Maileg kaninene var lenge veldig populære i Bloggland. 
Eg lot meg påvirke og kjøpte mange før Ariel i det heile tatt var født. 
Så det er veldig moro at ho leiker masse med dei no :)

Eg måtte berre ta med dette bildet. 
For det forteller sannheten om korleis det som regel ser ut her ;)

Eg håper torsdagen din er fin- fin!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails