Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg

tirsdag 29. juni 2010

Syprat..igjen;)

Eg er i full gong med sy/hobbyrommet mitt. 
I alle fall opp i hovudet mitt. 
Der planane legg seg som sild i tønne. 
For eg synast det er viktig å ha eit miljø rundt meg som inspirerer,
 når eg held på med kreative syssler.


"As we speak" er kjøkenbordet "bomba" av sysaker. 
Og under skjenken i stova "pynter" scrapbooksakene mine opp ;)


Det var min kjære som foreslo at eg kunne bruke 
ein krok av gjesterommet i 2.etasje. 
Er han lei av rotet mitt skal tru? ;)
Eg har jo tenkt tanken. 
Men no skal eg gjere alvor av det. 
(snart ihvertfall ;)


Tildas Hus er ei kjempefin bok. 
Her fann eg oppskrifta på nåleputa mi. 
Det mest nyttige eg har sydd hittil ;)


Eg laga ringen slik at den passer over eit glas
Slik at eg kan ha fleire nåler opp i.


Kjempeenkel og praktisk ;)


Ariel søv, mannen er på jobb og 
eg skal nok finne på eitkvart å gjere;) 
Aller helst har eg lyst å sette meg på verandaen og nyte sola. 
Men den glimrer med sitt fråver, dessverre..


♥♥♥


Håper alle får ein nydeleg kveld!


Klem frå Bjørg :-)

torsdag 29. april 2010

Boktips, igjen ;)

Eg har ikkje så mykje å skrive eller vise fram idag (ikkje eit einaste lite hjarte ein gong ;) 
Det har regna i heile dag, så eg og Ariel har vore "stovegrisar".
Eg har sydd litt på kjolen, men det tar visst litt tid. Vil så gjerne at den skal bli ordentleg :)

 

Istaden har lest litt i den nye interiørboka mi. Og tenkte eg ville dele den med dokke!





Den heiter "Innredning og Farger- Velkommen inn!" av Nina Stang. 







Her er vi på besøk i 18 ulike heimar i Noreg. Og dei som bur der fortel om sine draumer, erfaringer og praktiske løysingar i sitt interiør.





Her finn du inspirasjon på korleis du fornyer møbler, andre gode tips og råd :)


Mange lekre bilder i boka (som eg har vore frekk å fotografert ;)



Moderne linjer møter romantisk og gjenbruk :)



Kvitt med spreke fargeinnslag :)

Boka koster 349,- og kom ut i år. Eg elsker bøker, og spesielt interiørbøker. Så denne er eit "must" :-)

Anette med bloggen Hvit Romantikk har i desse dagar ein Give Away der du kan vinne blant anna denne boka. Om du ikkje har gjort det før, så kan du melde deg på her!


Min kjære og Pappa er ned i huset og tar rørarbeid
Gravinga er ferdig allereie! All ære til gravefirmaet for raskt arbeid :) 

Så vi kan antaglegvis flytte inn igjen på laurdag. Det vart ei veke "evakuering" ;) Det var jo til å leve med! :) Gleder meg til å kome heim att til alle tinga våre og prosjekta mine!

Tusen takk til alle for gode ord og omtanke etter kloakk- "katastrofen" vår ;) Det varmer om hjartet :)


Ha ein strålande kveld!


Klem frå Bjørg :-)

fredag 23. april 2010

Tips for dei som ♥ bøker :)

Eg er veldig glad i bokhylla vår.



































Dette er ei bokhylle med glasdører frå IKEA sin Liatorp serie. Vi har og vitrineskapet i same serien. Eg har likt bokhylla fordi den har dører, og halve døra skjuler innholdet (les: rotet ;)



































Men etter å ha sett dette geniale tipset hos Husfruas Memoarer. Trur eg at eg pynter opp dørene med scrapbookpapir eller pent gåvepapir.























Enkelt, dekorativt, ryddigare og enkelt å skifte ut etter humøret ;)
Eg må berre gå til innkjøp av nok papir av same sort ;) (Har tusenvis av scrapbookpapir, men ikkje åtte like :)























Når eg likevel er innom emnet bøker. Må eg berre skryte av denne; "Frå skrot til skatter". Den er heilt super i desse loppemarked- tider. Og viser flotte makeover på møblar og diverse. Mange gode idear.























Kva med tavlemåling på bordplata?























Skjermbrett av sidene til Ivar- hylla til IKEA?























Ein krakk blir fresh pynta med servietter frå Marimekko?























Eller den beste ideen av dei alle; lage ein benk av tre gamle stoler til å ha i hagen? :) Eg har allereie sett min kjære på saken ;)

Boka har 85 spennande før og etter prosjekt! Lika vi eller? :)

                  ♥♥♥


Eg vil gjerne ønske dokke alle ein super fredags kveld!

Her i huset blir det biff og raudvin! Nam :)


Klem frå Bjørg :-)

onsdag 21. april 2010

Eit lite boktips ;)

Som nokon kanskje veit har eg jobba i bokhandel i 6-7 år.



































Og eg er kjempeglad i bøker. Men no i det siste har ikkje det blitt så mykje lesing, dessverre. Det har vore andre prioriteringar ;)























Men gleda var likevel stor når eg fekk ein pakke med bøker i posten for litt sidan.
























Ikkje alle desse altså ;) Men dei fire øverste. I dag vil eg tipse dokke om denne;























Den har mykje herleg inspirasjon til hagen. Og handler om å plante i krukker med stil! ;) Midt i blinken for meg no, når eg skal anlegge grøne fingrar ;)























Mange gode tips og herlege bilder.
Viser at ein slett ikkje treng blomsterbed og plen for å skape ein grøn og bugnande hage :)























Kult med flis i sjakkmønster på verandaen? Også dei fine korgstolane!:)























Slik og kunne eg gjerne ha tenkt meg å ha det :) Mange små krukker i same stil lager eit fint, grønt og blomstrande utemiljø.























Og eit plantebord skal eg sjå etter neste gong eg er på bruktbutikken ;)

Boka skal bli veldig kjekk å ha no når ein flytter berre meir og meir ut, og vil ha det kosleg og blomstrande rundt oss. Den er heilt ny og koster 349,- i bokhandelen. Noko billegare på nett ;)

No er våren tilbake her i bygda. Så ikveld skal eg finlese boka og få fleire idear til verandaene våre.

               ♥


Eg føler eg har vore veldig urettferdig mot min kjære i eit par blomsterinnlegg. Det er slett ikkje sånn at eg berre får blomster ved å ta i bruk skitne triks ;) Han har overraska meg med roser rett som det er ;) Men på min måte får eg i tillegg når eg har veldig lyst på! Følte eg måtte ta han litt i forsvar her ;)

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails