Eg er i full gong med sy/hobbyrommet mitt.
I alle fall opp i hovudet mitt.
Der planane legg seg som sild i tønne.
For eg synast det er viktig å ha eit miljø rundt meg som inspirerer,
når eg held på med kreative syssler.
"As we speak" er kjøkenbordet "bomba" av sysaker.
Og under skjenken i stova "pynter" scrapbooksakene mine opp ;)
Det var min kjære som foreslo at eg kunne bruke
ein krok av gjesterommet i 2.etasje.
Er han lei av rotet mitt skal tru? ;)
Eg har jo tenkt tanken.
Men no skal eg gjere alvor av det.
(snart ihvertfall ;)
Tildas Hus er ei kjempefin bok.
Her fann eg oppskrifta på nåleputa mi.
Det mest nyttige eg har sydd hittil ;)
Eg laga ringen slik at den passer over eit glas.
Slik at eg kan ha fleire nåler opp i.
Kjempeenkel og praktisk ;)
Ariel søv, mannen er på jobb og
eg skal nok finne på eitkvart å gjere;)
Aller helst har eg lyst å sette meg på verandaen og nyte sola.
Men den glimrer med sitt fråver, dessverre..
♥♥♥
Håper alle får ein nydeleg kveld!
Klem frå Bjørg :-)
