Vi har hatt nokre nydelege dager hos min kjære sin familie.
Flott ver og kosleg selskap. Og bilen var
stappfull når vi reiste heim, men den historia kjem ein anna dag ;)
Vi kom heim igår, men då gjekk vi rett igong med pizzabaking. Vi hadde bedt to vennepar på besøk. Gjelde å ikkje kaste vekk tida ;)
Her satt vi og koste oss med pizza og raudvin :)
Pizzaen fekk ikkje eg somla meg til å ta bilde av!:)
♥♥♥♥♥
Det vart med meg noko heim frå turen som
eg har "sikla" etter lenge.
Det skal bli med oss ut etterkvart, men no syns eg
det passa så godt inne.
Spesielt når Hortensiaen min som bruka å stå her,
måtte ha seg ein tur i vasken for å drikke vatn.
Den var eit trist syn når vi kom heim.
Men den overlevde heldigvis ;)
Det eg kjøpte med heim var dette supersøte fuglehuset.
Fint ikkje sant? ;)
♥♥♥♥♥
Før vi reiste på tur fekk eg pakke i posten av Mona. Eg var nemleg så heldig å vinne i Give Away hos henne :)
Eg fekk ein flott innpakka presang, eit kosleg kort og det kjempefine innholdet!!
To kjempefine telysholdera frå House Doctor og søt kvit løper frå Princess.
Midt i blinken, og det er allereie tatt i bruk!
Tusen, tusen takk Mona!:)
Besøk den flotte bloggen hennes her!
I dag må eg og få takke snille Camilla!
Som de ser kan eg endeleg ha store bilder på bloggen min! Og det er så bra!!!
Ho tilbydde meg hjelp, og fiksa det slik eg ville ha det!
Så snill og flink!!:)
Eg anbefala alle å ta seg ein tur å besøke henne her!
I kveld skal eg på besøk rundt om i "Blogglandia",
og sjå kva de har dreve med dei siste dagane!
Gleder meg :)
♥♥♥♥♥
Ha ein strålande fin Mai- dag!:)
Klem frå Bjørg :-)