Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg

søndag 26. juni 2016

Barnebursdag!

Det har vore ei begivenhetsrik veke med Jonsokfeiring og 3 bursdagselskap for Hermine, som har fyllt 4 år! Bildene er frå barnebursdagen. Vi laga vimpler av gåvepapir som vi klipte til og stifta over ei snor. Dekorativt og enkelt.


Hermine ønskte seg Bratzkake. Noko eg ville gje ho, men kvidde meg til å lage. Men det gjekk nokelunde fint. Den er laga av ei sjokoladeplatekake som eg skar til i rundinger og bygde kjolen av. Mellom laga hadde eg sjokoladekrem. Kjolen er av marsipan som eg farga rosa og kjevla ut.


No kjenner eg det skal bli godt å gjere ingenting. Sofa og netflix here I come! 

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 2. desember 2015

Hipp Hurra..


..for Ariel som vart 6 år idag! 
Vi er så stolte av deg, og ikkje minst glade i deg.
Gratulerer med dagen finaste du!

Klem frå Mamma :-)

torsdag 18. juni 2015

Hermine 3 år!

I går feira vi Hermine sin 3 årsdag, 
litt på forskudd sidan vi ikkje er heime på dagen hennar. 
Vi dekte langbord og inviterte familie og venner. 
Det vart ein fin fest og Hermine var
 spesielt fornøgd ;)
Kaka vart ein reprise av Ariel si bursdagskake. 
Sidan det var det Hermine ville ha. Veldig greit for meg sidan det er 
den enkle varianten ;)
Vi pynta med heimelaga vimpler 
som er laga av snor, gåvepapir og stiftemaskin ;)
Dagens "nesten" sunne 
variant var fruktspyd med marshmallows :)
Ha ei fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 4. desember 2014

Pangstart på desember

Vi starta desember med eit "smell" . 
Sjukdom i hus, lite søvn, ein mann som jobba nattevakt, julepynting, 
vasking, besøk av lokalavisa og 2 bursdagselskap. Det seier seg sjølv at det har vore ei 
travel veke ;) Men det enda bra og alle vart fornøgde! Bildene er frå Ariel sitt barnebursdag-selskap. Den lille jenta mi er plutseleg blitt 5 år stor :)
Ariel kan ikkje få nok av My Little Pony for tida, 
så då måtte det sjølvsagt bli tema på kaka. Den vart veldig enkel,
 sjokoladekake med marsipanhjerte. Også sette eg to 
ponnier på, som også var ei gave. 
Det vart suksess :)
Pyntinga vart enkel den og, 
men det er igrunn slik eg liker det. Fine farger og enkel dekor :)
 No gleder eg meg til å fortsette desember
 med litt lavare skuldre ;)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 21. juni 2014

Hurra for Hermine

For 2 år sidan akkurat idag, 
vart verdas beste Hermine født. Og det vart sjølvsagt feira! :)
 Vi hadde familieselskap, der vi serverte pølse med brød. 
Og sjølvsagt ein dæsj med kaker, frukt og is ;)
 Av oss fekk ho eit dukkehus i tre. 
Dukkehuset kjøpte vi i ein nettbutikk, og merket heiter KidCraft
Det virker solidt og er fullt av fine detaljer
Bursdagsbarnet var også 
fornøgd :)
No har eg landa på sofaenOg eg har 
endeleg tid til litt blogging igjen! Det er lenge sidan sist :)

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 7. mai 2014

Maiutfordringen- Festlige tider

Utfordringa frå Nib-jentene
 denne månaden er temaet Festlige Tider
Eg vil gjerne delta med dette bildet som er frå Ariel sin bursdagsfest. 
Sjølv om bildet er frå ein prinsessebursdag, så kunne 
eg glatt brukt same fargane til ein 
skikkeleg maifest ;)
For mange flotte ideer,
 trykk her for å sjå dei andre bidraga :)

Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 11. desember 2013

Barnebursdag

Ariel fyllte 4 år i begynnelsen av desember. 
Etter mykje venting var Ariel veldig klar for barnebursdag idag. 
Vi var spente både ho og vi. Dette er første barnebursdagen vi har invitert til.
Men med slike flotte bursdagsgjester, var det ingen sak ;)
Slik såg det ut før gjestene kom;
Prinsessecupcakes og Slott- kake var bestilt. 
Så då måtte vi sjølvsagt ha det ;)

Husk Give Awayen,
 der du kan vinne ei god og varm lue sponsa av lue.no
Link finn du viss du trykker her!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 1. desember 2013

1.desember

Det har vore ei begivenhetsrik helg. 
I går bestemte Hermine seg for at det var på tide å begynne å gå. Stor stas! 
Og litt spesielt at ho valde Rema1000 som destinasjon for sine
 første vaklande skritt aleine ;)
Vi har også starta feiringa av Ariel som fyller 4 år imorgon.
 I dag feira vi med familien. I neste veke blir det barneselskap :)
Ha ein fortsatt fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 22. juni 2013

Hermine sin 1 årsdag

Her kjem nokre bilder frå 1 årsdagen til Hermine. 
Vi hadde huset fullt av familie. Hermine storkosa seg som midtpunkt ;)
Her kjem eit bilderas. Det vart mykje rosa pynt, 
akkurat slik ei ekte prinsesse 
skal ha det! ;)
Eg blanda søte markblomster med nydelege peoner
Til vaser brukte eg hermetikkbokser med pålimt tapet.
Ungane i selskapet fekk sitte rundt sitt eige vesle bord ;)
Ei blanding av mykje søtt, og litt sunt på kakebordet.
Eg laga denne Tobleronekaka
 med friske bær for første gong til selskapet. 
Og den lager eg garantert fleire gonger. 
Nam!:)
Hermine fekk ete bursdagskake heilt aleine. 
Det fallt veldig i smak. Og det vart mykje griseri ;)
Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 5. september 2010

Pakker som passer fint til kaldare tider :)

I det siste har det dukka opp nokre pakker til meg i posten!
 Og det elsker eg! 
Kven gjer forresten ikkje det? ;) 


Eg var så kjempeheldig å vinne Tovepia sin Give Away. 
Då fekk eg velge det eg ville ha 
frå den flotte bloggbutikken hennar Tovebua.


Blant mykje flott, som Tovepia har laga, fallt eg fullstendig for desse tøfflene
Nydeleg farge og herlege på. No er eg skodd for haust og vinter! 
Tusen takk skal du ha!! :) Eg er kjempefornøgd!
Ta deg ein tur innom Tovebua du og! 
Trykk her så er du der ;)


I forbindelse med bursdagen min i forrige veke,
 fekk eg ein epost frå snille Madelen
Ho ville gjerne ha adressa mi. 
Og nokre dager etter fekk eg denne flotte fyrstikkeska,
 som ho har dekorert sjølv!


På eine sida står det "Fyr opp inne",
 og på den andre står det "Hold varmen".
Var ikkje den fin
Og er ikkje ho berre supersnill? ;)


Besøk gjerne Madelen sin flotte blogg Bettum Villa
Trykk her , så er du der :)
 No er den kreative jenta i gong med å starte 
bloggbutikk og! :)


Eg er jo blitt ganske så god på å handle på nettet,
 etter at eg flytta til ei bygd med få butikker ;) 
Så dette pleddet dumpa plutseleg og "overraskande" ned i postkassa mi ;)
Det er frå Ellos og eg har sett det på mange blogger i sommar! 
Då eg sjekka var det utsolgt..
Men no er det på lager igjen, og heime i stova mi og! :)


I går våkna lille vennen vår med feber, for aller første gong! 
Ho er nettopp blitt 9 mnd
og dette er første gongen ho har vore sjuk. 
Og det var vondt i Mamma (og Pappa) -hjertet ;)
Snørret rant, ho var slapp og jenta hadde feber heile dagen...
Så det vart mykje trøst og innekos :)


I dag er solstrålen vår heldigvis mykje bedre! :)

I morgon begynn ei  ny veke
og mannen skal til på ny jobbeperiode. 
Eg merker ikkje store forskjellen sidan eg er i fødselpermisjon
Men eg merker at tida går vannvittig fort mot den dagen permisjonen er slutt
Og sidan vi har flytta i denne perioden står eg for tida utan jobb 
(blir for langt å pendle til gamlejobben, så den har eg sagt opp..) 
Så eg er plutseleg jobbsøkar..grøss og gru ;) Skumle greier..

Ha ein strålande søndagskveld alle saman!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 2. september 2010

Endeleg...


..Kom bursdagspakken frå min kjære!
Etter å ha venta ei heil veke har forventningane mine stege berre høgare og høgare ;)
 Og fallhøgda vart større og større for min kjære!
Men gjett om han innfridde :)


Det er sant som dei seier; 
"Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves!"


Sjå kva lekkerbisken som befant 
seg i pakken!!! :)



"Kitchen Aid kjøkenmaskin i kvitt :) 
Er ikkje han berre heilt fantastisk flink å kjøpe gåver? 
Ikkje berre den lekraste kjøkenmaskina, 
men i kvit og!;)

Tusen, tusen takk kjære deg 


Vidunderet måtte jo sjølvsagt testast ut. 
I hagen plukka eg epler og oppskrifta fann eg hos 
Du finn den her!


Eplekakebaking vart testa ut! 
Eg har aldri hatt kjøkenmaskin før...


...men det gjekk som ein leik med Kitchen Aid. 
Eg tuller ikkje når eg seier eg smilte heile tida mens eg laga kaka:)


Eplekaka vart kjempegod
Den vart servert varm med is til :)
Takk for oppskrift, 
Astrid :)

Og tusen takk snille mannen min!
Du er best! :)

Eg håper alle har ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-) 
(som stikk å baker eitkvart, eller berre ser på den nye flotte kjøkenmaskina mi, jippi ;)
Related Posts with Thumbnails