Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bursdag. Vis alle innlegg

mandag 30. august 2010

Hausten er komen i hus :)

kveld har vi fyrt i ovnen for første gong på leeenge!
Eg må innrømme at det faktisk er 
veldig kosleg med haust:)


Kose seg inne med fyr på peisen og i stearinlys er herleg
Og det beste av alt er at no kan vi slutte å vente på denne sommaren,
 som egentleg aldri kom..


Hausten gjer ihverfall det den lover ;)
I speilet kan du skimte eit av våre nyaste "prosjekt", 
det same er kassa under bordet.


Home sweet home bildet på veggen
 var noko av det eg til 
bursdagen 
min :)


Eg fekk og denne vesle 
karaffelen :)


Gåva frå min kjære oppheld seg for tida på posten i Trondheim..
må seie eg blir holdt på pinebenken her ;)
Veldig spent no!

Beklager litt kornete bilder. 
Kameraet er visst ikkje komen i haustmodus endå ;)

I dag har eg vore så heldig å vinne Tovepia sin Give Away. 
Då fekk eg velge kva eg ville frå den flotte bloggbutikken hennar 
Tovebua (besøk den her!)
Så no får eg snart nokre heilt nydelege tøfler frå henne! 
Gleder meg :)


Ha ei god natt alle saman!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 26. august 2010

Eg er...

..eit bursdags"barn" på tjuetolv år idag!
Det er liksom ikkje så stas å fylle år når ein har bikka 30 år. 
Men litt feiring vart det likevel ;)


Eg har hatt eit lite kaffiselskap
 der muffins, brownies med is og moreller frå eigen hage stod på menyen. 
Så no har eg sukkerkick ;)


Mykje fint har eg fått og ;)
Må få plassert det først så kjem det nok bilder etterkvart.
Gåva frå min kjære er visst forsinka i posten. 
Så no er eg kjempespent ;) 
Den som venter på noko godt, venter ikkje forgjeves? 
Eller kva min kjære? ;)


Tusen takk for alle bursdagsgratulasjoner. 
Veldig kosleg :)

Eg håper alle har ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails