Det er jo nesten gale å handle så mykje på ein butikk,
at eg må dele det opp i 2 innlegg.
Men det måtte eg gjere her.
Hihi ;)
Her er resten av "fangsten"
frå fantastiske Cath Kidston sin butikk i Winchester.
Der var mange fine handkle i lekre mønster.
4 stk fekk vere med meg heim ;)
2 av dei blir brukt til handkle,
som dei er meint for.
Men eg synast og dei er flotte å bruke til duk.
Så no ligg der ein på stovebordet..
Og eit på det svarte konsollbordet
i TV- stova..
(dei treng litt stryking ser eg ;)
Butikken hadde og mykje fint til unger.
Ariel fekk ein fin blomstrete body med korte ermer.
Eg kjøpte og denne praktiske smekka til ho.
Den er i plast og berre å skylle etter bruk og henge opp.
Før har eg blitt litt smågal av alle dei skitne smekkene som må vaskast ;)
Fin er den og ;)
Ei veninne som var på besøk sa;
"Til og med smekkene til Ariel matcher huset".
Då måtte eg flire litt.
(Kanskje eg overdriver ein smule?
Men pyttsann pøh! ;)
♥
I kveld skal Mamma sitte barnevakt for Ariel,
slik at eg og endeleg skal få vere med ut i
seglbåten denne sommaren.
Det blir stas! ;)
♥
Eg ønsker alle ein flott dag!
Klem frå Bjørg :-)









