Viser innlegg med etiketten ferie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ferie. Vis alle innlegg

onsdag 4. august 2010

Cath Kidston del 2

Det er jo nesten gale å handle så mykje på ein butikk,
 at eg må dele det opp i 2 innlegg.  
Men det måtte eg gjere her. 
Hihi ;)

Her er resten av "fangsten" 
frå fantastiske Cath Kidston sin butikk i Winchester.


Der var mange fine handkle i lekre mønster.
4 stk fekk vere med meg heim ;)


2 av dei blir brukt til handkle,
 som dei er meint for.


Men eg synast og dei er flotte å bruke til duk
Så no ligg der ein på stovebordet..


Og eit på det svarte konsollbordet 
i TV- stova..
(dei treng litt stryking ser eg ;)


Butikken hadde og mykje fint til unger.
Ariel fekk ein fin blomstrete body med korte ermer.



Eg kjøpte og denne praktiske smekka til ho. 
Den er i plast og berre å skylle etter bruk og henge opp. 
Før har eg blitt litt smågal av alle dei skitne smekkene som må vaskast ;)
Fin er den og ;)



Ei veninne som var på besøk sa;
"Til og med smekkene til Ariel matcher huset". 
Då måtte eg flire litt.
(Kanskje eg overdriver ein smule?
 Men pyttsann pøh! ;)



I kveld skal Mamma sitte barnevakt for Ariel, 
slik at eg og endeleg skal få vere med ut i 
seglbåten denne sommaren.
Det blir stas! ;)


Eg ønsker alle ein flott dag!


Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 3. august 2010

Cath Kidston del 1

Eg har definitivt funne min favorittbutikk over alle favorittbutikker ;) 
I Winchester fann eg ein Cath Kidston- butikk  
Ei som var med på turen sa;"..den butikken er jo heilt deg, Bjørg!" 
Og ja, det stemmer ;)

Her snakkar vi rosemønster, prikker og pasteller. 
Søtt og herleg ;)
Sidan eg var inn på butikken og kikka omtrent kvar dag, 
så vart det sjølvsagt med litt heim..


Denne veska var det første eg måtte ha!
Den er så stor at eg kan bruke den som stelleveske på vogna. 
God plass til bleier og det ein måtte trenge :)


Eg er nesten litt forelska i den 


Det vart og litt nytt 
til kjøkenet;


Cath Kidston har mange fine kopper, skåler og diverse. 
Minner meg egentleg litt om Green Gate.


Skåla med bringebær og dei to store koppane,
 hadde det ikkje vanskeleg med 
å bli med meg heim ;)


Dei er sukkersøte i fargane og mønsteret.
Me like 


Grytekluten i bakgrunnen fekk og "masa" seg til 
å kome i kofferten min :)


Rosemønstra og fin heng han der klar til bruk. 
Nåde den som skitner den ut ;)


Eg har framleis litt å vise fram frå herleg Cath Kidston- shopping ;) 
Det kjem nok imorgon tipper eg!

Om du likte det eg har kjøpt,
 kan du gå innpå Cath Kidston si heimeside 
og sjå alt det lekre dei har :) 

Hadde eg hatt meir penger og større koffert med "usynlege" kilo,
 hadde eg kjøpt heile butikken ;)

Eg fann ein link som viser forhandlere som sel merket i Noreg. 
Du kan sjå den her!


Eg håper alle har ein strålande tirsdags kveld!


Klem frå Bjørg :-)

mandag 2. august 2010

Eg ♥ Winchester

Då var vi vel heime etter ei flott veke i Winchester.
(1 t med tog sør for London)
Eg anbefaler på det varmaste å besøke denne sjarmerande byen. 
Stemninga er avslappande,
 og bygningane er tatt rett ut av middelalderen.
 Så gjennomført og nydeleg
rett og slett ;)



Min kjære har familie i denne byen, 
så dette er tredje gongen eg har vore på besøk der.


Vi var til saman 12 voksne 
(+ min kjæres foreldre som budde hos hans "Nanny") 
og 5 unger som budde i dette store flotte huset.



Med så mange buande i huset var det ikkje lett å ta interiørbilder. 
Så eg har lånt nokre frå nettsida deira.
(Dei to øverste er mine eigne ;)
Huset var endå finare i virkelegheita!


Dette rommet sov vi på. 
Eg forelska meg heilt i den gamle stolen som er brukt som nattbord!



Dagane starta tidleg. 
For Ariel fann ut at kl 6 var passeleg tid å stå opp på ;)


Vi hadde eitpar pub- besøk som er obligatorisk når vi er her. 
Då er det kjekt med medbrakte svigerforeldre som stiller opp som barnevakt ;)
Pubane stenger allereie i 23 tida
Så det er perfekt for oss som må tidleg opp ;)


Her er bilder frå favoritten O'Neills.
Skikkeleg "brun" pub og koseleg stad å vere :)

Ellers vart det mykje shopping!
Ikkje nokon overaskelse kanskje?;)
Kle, sko og kosmetikk er kjempebilleg her i forhold til heime. 
I alle fall når det er salg.
Eg klarte å fylle godt opp i koffertane ;)

Litt interiørkjøp vart det og.
For sjekk kva butikk som nyleg er komen til Winchester;


Jo, nemleg Cath Kidston!!
Paradis, for ei som meg som elsker roser, prikker og pastell ;)

Tinga eg kjøpte fortjener eit eige innlegg, 
det kjem seinare :)


No gleder eg meg til å sjå kva de har gjort på den siste veka,
 på dei flotte bloggane dokkas!:)


Eg håper alle har ein nydeleg kveld!


Klem frå Bjørg :-)

søndag 18. juli 2010

Det nærmer seg Englandstur! :)

Fredag neste veke reiser vi til Winchester i England.
Min kjære har familie der, 
og vi har vore der ilag 2 gonger før. 

Winchester er ein utruleg kosleg by sør for London. 
Og eg kjenner reisefeberen kjem no ;) 
Eg gleder meg!!


Dette er huset vi har leigd og her skal vi bu i ei veke. 
Vi blir 10 voksne og 5 unger. 
Så det er bra at vi har eit stort og kosleg hus ;)

Huset er typisk engelsk,
slik ser det ut inn i;




Og her er kjøkenet;



(Bildene er lånt frå nettsida)



Det kribler litt i magen må eg innrømme ;)
Først av alt er eg spent på Ariel og flyreisa. 
Er det nokon som har gode råd?





Denne helga har vi hatt kosleg besøk både av 
mi søster med familie og min kjære si søster med den yngste sonen.


I kveld skal eg fortsette på mine mange prosjekt. 
Syrommet er begynt å ta form, hyllene er endeleg på veggen. 
Det mangler litt stæsj endå, så er det klart for visning;)


Dvd hyllene står og for tur, 
så får vi sjå kor mykje eg rekk over idag )




Eg og Ariel ønsker dokke 
ein flott søndags 
kveld!




Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails