Viser innlegg med etiketten hjelp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hjelp. Vis alle innlegg

torsdag 5. mars 2015

Ein sjelden gong..

..er det ryddig på Ariel sitt rom
Og då må det dokumenterast med nokre bilder ;)
 Ariel har fått "nytt" nattbord på rommet sitt; 
ein liten kommode som eg har fått etter Besta. Den har tidlegare stått i stova vår. 
Bildet på veggen har eg fått etter Bestemor og senga stod heime på garden 
der eg vaks opp. Den har fått rosamåling (roseblad frå Fargerike)
Gode minner blanda med litt nytt :)
 Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 27. august 2010

Hjelp! ;)


Eg har eit prosjekt eg liksom ikkje kjem igong med. 
Det er blitt vanskeleg å bestemme seg for kva ein skal gjere.
"Problemet" eg snakker om er desse skoddene,
 vi fann på eit jonsokbål klar for brenning 
no i vår. 


Eg har 3 slike skodder ståande :)


Problemet er; 
1. Kor skal eg ha dei? 
Stova? Soverommet? Ute? Anna?

2. Skal eg bruke dei 1 og 1
eller hekte dei saman som eit skjermbrett?

3. Kva farge skal eg måle dei i? 
Kvitt, eller vere dristig med ein ny farge?


4. Nye ideer mottas med stor entuiasme :)



Eg grubler og grubler! 
Det hadde vore kjempestas om de kreative sjeler vil gje meg 
nokre tips og råd! :))

Kva ville du gjort?


Eg ønsker deg ein flott dag!

Klem frå Bjørg :-)
(som takker så mykje for alle bursdagshelsingar, og skal feire litt til ikveld ;)
Related Posts with Thumbnails