Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

lørdag 29. november 2014

Moro med Hobby Clay

Eg har hatt liggande noko Hobby Clay kjøpt på Panduro. 
Ein kveld fekk eg plutseleg lyst til å gjere noko kreativt,
 så då leita eg den fram igjen. Eg skjærte ut små 
søte hus og eitpar juletre for hand.
 Etter at dei hadde tørka (det tok over eit døgn) 
så måla eg dei i fine fargarLitt utypiske
 julefarger, men det funker 
for meg ;)
 Juletrea laga eg ein strek-opning i, 
nede på den eine delen og oppe på den andre, slik at eg kunne 
tre dei saman for å kunne stå (sjå det øverste bildet)
Det vart fin julepynt til desember :)

Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 27. desember 2013

Jul på soverommet

Eg har knipsa litt bilder på soverommet vårt idag. 
Det må jo sjølvsagt vere litt raudt her og, 
når det er jul.
Dei kvite sengesetta med blonder og
pynteputene med skrift 
har eg fått frå Jotex.no.
Sengesettet har ein nydeleg kvalitet
Det følest som å sove i ei hotellseng i følge mannen ;)
Du kan vinne dette om du deltar i Give Awayen min
Trykk her for å delta! Vinnaren blir trekt allereie på søndag!
Berre ein liten kommentar og dette kan bli ditt. 
 Dette må vere ei fin premie å starte 
det nye året med? :)
Eg håper du har late og fine romjulsdager!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 25. desember 2013

Her kjem nokre glimt..

..frå julafta hos oss. 
Vi var hos oss heile dagen utenom ein tur i kyrkja.
Graut, pinnekjøt og mykje godis vart ete. 
Og mange fine pakkar
 vart opna opp ;)
Ha ein fortsatt fin 1.juledag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 22. desember 2013

Ha ein fin kveld!

Her blir det avslapning og Love Actually på TV'en ikveld. 
Før eg smeller til med husvask og siste "finnish" med pynting imorgon! 
Treet fann vi i skogen idag. Gleder meg til å få det i hus!

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 21. desember 2013

Snart JUL :)

Det nærmer seg med stormskritt. 
I morgon skal vi hente juletre i skogen.
På mandag skal jentene i barnehagen for siste gong før jul. 
Og eg kan nyte freden med ein skikkeleg husvask. 
Det ser ut som om vi kjem i mål i år og ;)
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 20. desember 2013

Julegrein

Eg trengte litt julepynt i gangen. 
Løysinga vart å luske meg ut ein mørk kveld og knekke meg ei grein å ta med inn. 
Greina vart plassert i ein vinballong og pynta 
med pepperkaker og pomponger.
Egentleg er dette veldig lite typisk julepynt for meg. 
Men eg likte det så godt at i skrivande stund 
har det greina fått plass i stova ;)
Pepperkakene er heimelaga 
med hol til oppheng og pynta med glasur (eggekvite og melis) 
Pompongane er frå House Doctor.

Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)
(som har tatt juleferie! Deeeilig! :)

onsdag 18. desember 2013

Årets julekort

Årets julekortbilde -fotoshoot skjedde iløpet av 10 minutt før alt skar seg. 
Men eg klarte å fange nokre fine augeblikk likevel. Hurra for det! 
Eg bestilte julekorta hos Vistaprint allereie i midten av november. 
Men det hjelp ikkje å vere tidleg ute med bestillinga,
når ein somler med å sende dei ;)
Her er eit av bildene som ikkje vart valgt ut til kortet, 
men det var passe anonymt og fint til å visast her på bloggen ;)
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 17. desember 2013

Pepperkakehus

Eg har laga pepperkakehus i år og. 
Dei er meget skeive og skakke samanlikna med andre 
pepperkakehus- kunstverk i Blogglandet. Men dei må lagast kvart år, 
og stå der og spre deilig juleduft i huset.
 Eg er som sagt ingen ekspert, 
men her kjem nokre triks som eg brukte denne gongen;

- Kjevle deigen opp på bakepapiret, og skjer til husdelane på steikebrettet. 
- Bruk eggekvite istaden for vatn til melisen når du pynter. 
Då blir den stivare og held seg kvitare.
- Lim saman med limpistol ;)
Ha ein fin dag!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 8. desember 2013

Ha ein fin søndag!

Det er herleg å kome heim og krype ned i godstolen,
 etter å ha køyrt bil i nokre timar. 
Eg trur eg berre blir her! ;)
Julestjerna i mint med prikker er frå keiserensnye.no
Pleddet i stolen er frå jotex.no

Ha ein fin søndag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 1. desember 2013

1.desember

Det har vore ei begivenhetsrik helg. 
I går bestemte Hermine seg for at det var på tide å begynne å gå. Stor stas! 
Og litt spesielt at ho valde Rema1000 som destinasjon for sine
 første vaklande skritt aleine ;)
Vi har også starta feiringa av Ariel som fyller 4 år imorgon.
 I dag feira vi med familien. I neste veke blir det barneselskap :)
Ha ein fortsatt fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 30. november 2013

Hei Desember!

 Hurra, endeleg er desember her. 
Her i huset er vi godt igong med pyntinga. Vi har til og med 
starta med kakebaksten. Pepperkaker og 
Cookies er i boks ;)
 Ariel fyller 4 år på mandag, så her blir det feiring i fleire dager. 
Ho har gleda seg og planlagt bursdagen sin i snart eit år.
 Så eg føler ein viss prestasjonsangst ;)
Ha ein herleg første søndag i advent!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 27. november 2013

Lita vimpelrekke på treet

 Jula er begynt å snike seg inn i heimen. 
Kassane med julepynt er komne ned frå loftet. 
Og svibler og julestjerner er på plass. I år har eg også kjøpt 2 juletre i potte. 
Ariel har fått det eine på rommet sitt. Det andre
 pynter fint i spisestova.  
 Eit juletre synast eg må pyntast litt på ;)
Difor fann eg fram 3 forskjellige washiteiper og eit tynt tau, 
og laga ei  lita vimpelrekke.
 Riv av 2-3 cm med teip. 
Klistre den saman over tauet og klipp det til. 
Enkelt og greit ;)
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 12. november 2013

Ny spalte i Fylkesmagasinet

For eitpar veker sidan laga eg til juleverkstad ved spisebordet vårt. 
Litt tidleg kanskje? ;)  Men det var for å ta bilder til spalta eg skriv i Fylkesmagasinet. 
Avisa kom i posten idag. Og denne gongen handler spalta om Førjulstid og Juleverkstad. Fylkesmagasinet kjem ut til alle husstander i Sogn og Fjordane. 
Du kan lese spalta mi på nett her om du vil :)
Her kjem nokre av bildene eg 
knipsa i den anledning;
Eg gleder meg til jul, 
gjer du

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 25. desember 2012

Julafta 2012

Eg er innom for å vise dokke nokre glimt frå Julafta i Fjordhuset.
Vi hadde ein kosleg dag, og det håper eg alle de som er innom også har hatt!
Eg tar juleferie frå bloggen til over nyttår! 








Vi bloggast i 2013 ;)

Ha ei fortsatt fin romjul!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 23. desember 2012

GOD JUL ♥

No er vi klar for kvelden før Kvelden
Treet er pynta, og huset er (snart) strøkent. Det blir kjempekosleg
 å feire jul  heime hos oss sjølv. 
Eg gleder meg! :)

Ha ei God Jul alle der ute!

Juleklem frå Bjørg :-)

onsdag 19. desember 2012

Pepperkakehus

Etter å ha blitt veldig inspirert av all lekker pepperkakepynt som 
finns i Blogglandia om dagen, bestemte eg meg for å prøve eit
 eigenkomponert pepperkakehus. Med kjøpedeig, 
sjølvsagt, eg kan jo ikkje
 overdrive heller ;)

Eg møtte på mange hindringar. 
Vindaugene og hjertene for eksempel dei var borte vekk etter steiking. 
Så eg måtte skjære dei ut etterpå. Og prøve å lime det saman med smelta sukker 
prøvde eg ikkje ein gong. Her fann eg fram
 limpistolen ;)



Og resultatet
Tja..satser på at eg lærer av mine feil slik at pepperkakehuset i 2013 blir litt penare ;)
 For fleire hus blir det, dette var moro! :)

Ha ein fortsatt fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails