Viser innlegg med etiketten kitchen aid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kitchen aid. Vis alle innlegg

søndag 13. mars 2011

FocacCia- OppSkrift :)

Det var eitpar som hadde lyst på Focaccia- oppskrifta eg brukte på onsdag. 
Så då lager eg rett og slett eit innlegg om denne idag ;) 


1 pk tørrgjær
0,5 l vatn
3 ss olivenolje
0,5 l kveitemjøl
0,5 l sammalt kveitemjøl fint
1/2 ts salt
1/2 ts sukker
3 ss raud pesto

Garnityr;
Salt
Basilikum
Fetaost



Ha alt det tørre i kjøkkenmaskina.
Varm vatn og 1 ss olivenolje til ca 60 grader.
Bland alt saman ilag med raud pesto til ein graut-aktig konsistens. 
Til slutt har du i 2 ss olivenolje. For å "smøre" deigen inn.
La det heve i 30- 40 min.
Hell deigen i ei smurt form. Etterhev i 20- 30 min.
Ha olje på fingrane og prikk i deigen. 
Trykk fetaosten godt ned i og hell litt av oljen ,som er i glaset, over deigen. 
Krydre med salt og basilikum.
Steik Focacciaen på 225 grader i 25 min.


Bon Apetit! ;)


Ha ein strålande søndag!


Klem frå Bjørg :-)

fredag 11. mars 2011

KjøKen- BilDeR :)

Onsdager er fridagen min. 
Denne onsdagen fekk eg baka Foccaccia med basilikum, fetaost og raud pesto. 
Smakte godt til suppa vi hadde til middag.
 Nam- nam ;)

Eg har og fått sydd ein pose. Noko som har stått på "to do" lista mi lenge ;)
 Denne skal inneholde hermetikk og glas- avfall. Har ein vanleg plastpose liggande inn i. 
Så no har all boss- sorteringa akseptabel utsjånad 
etter mi meining ;)

I går var eg på innbringande tur på Bruktbutikken. 
Er alltid så moro å gå der! Funna kjem nok på bloggen etterkvart ;) 
Og i dag har eg vore heime med Ariel som er sjuk med feber, igjen! 
Håper denne perioden går over snart. 
Stakkars lille jenta mi...

Ønsker deg som er innom ei flott helg!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 23. september 2010

Muffinsbilde

Då eg var på Kremmerhuset for nokre dager sidan,
 vart det ikkje berre lyshus med meg heim ;)

Dette skiltet ropte på meg:
"Kjøp meg, kjøp meg...eg veit du lika meg!"


Og eg var igrunn enig
Eg likte det kjempegodt! ;) Så det vart raskt plassert på disken, 
betalt og opp i posen gjekk det ;)

Eg digger å bake muffins. 
For det innebærer bruk av Kitchen Aiden min,
 og dei søte muffinsformene eg har i alle slags farger ;)



Og ikkje minst er dei kjempegode!
 (og veldig sunne i min drømmeverden)
Nam! :)

I hagen har vi tre epletre med modne epler (bildet er tatt for ei stund sidan, no er dei større og raudare ;)
Så til helga har eg lyst å bake eplemuffins
Har du ei god oppskrift dei vil dele med meg? 
Då hadde eg blitt kjempeglad! :)

Husk Give Awayen min med premier frå Frk Doris og Fjordbua.
Trykk her for å delta :)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)
 (som har fått seg jobb, juhu ;)


Related Posts with Thumbnails