Viser innlegg med etiketten konkurranse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konkurranse. Vis alle innlegg

mandag 11. mars 2013

Inspirerande kjøken?

Kjøkenet vårt er lite og enkelt. 
Men eg er kjempeglad i det likevel. Velkomen inn. 
Dei første bildene er frå Spisestova, der du ser inn på kjøkenet. 
Dette er mitt bidrag i konkurransen om å få bilder på trykk
 i Franciskas nye bok "Sanselige rom".
Den som intet våger, 
intet vinner ;)

Sjå andre bidrag her. 
Eller sleng deg med å delta sjølv?

Ha ei flott ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 9. november 2012

Flaks! :)

Eg har alltid synast Pip serien er superfin! 
Men eg har aldri prioritert å kjøpe den fordi den er litt dyr, 
og tåler ikkje oppvaskemaskin. Men den har no lurt litt i bakhovudet mitt likevel ;)
Den er jo heilt nydeleg!

Denne sida har utenom herleg inspirasjon, mange flotte konkurranser heile tida. 
Og då dei la ut at ein kunne vinne 4 kopper med fat og 4 tallerkener
 frå Pip sponsa av Velkommen
Jau, då søkte eg lykka ;) 
Og den fann eg! :)

 Eg er no den lykkelege eigar av kopper og kar frå Pip. 
Hurra :) Så får eg heller vaske dei opp for hand
 med eit smil :)

 Stolen på bildene har forresten fått seg nokre strøk med ein nydeleg grønfarge. 
Litt vanskeleg å fange, når det er dårleg fotolys :-/

Skal du gjere noko kreativt saman med ungane dine i helga? 
Då er du hjarteleg velkomen til å knipse nokre bilder, lage eit innlegg og vere med i utfordringa mi; Kreativ med Barn. Du finn den her! :) 
Her er allereie komt inn mange gode forslag, 
så kanskje du får nye ideer her. 
Ta gjerne ein titt :)

Dei fine premiane blir presentert neste veke!

Ha ei god helg!

Klem frå Bjørg :-)

Oppdatering; 
Tusen takk for opplysninga om at Pip serviset kan vaskast i oppvaskmaskin. 
Då gjer eg definitivt det! Og glad er eg for det. Eg er ingen fan av å vaske opp for hand ;)

tirsdag 22. juni 2010

Kjøkkenhyllene mine...

..Er å finne i Hjem og Hygge- bilaget i Allers 
denne veka :)


For litt sidan sendte eg inn bilde på moro til ein konkurranse,
 der ein kunne vinne gåvekort frå Jernia.


Så fekk eg beskjeden om at eg var ein av vinnerane
Hurra! :)

Gåvekortet har min kjære fått, 
sidan han treng ein 
del verktøy ;)

♥♥♥


Bildet eg vann med er begynt å bli gammalt. 
I alle fall når eg ser på innholdet i kjøken- hyllene idag. 
Det har på "mystisk" vis dukka opp litt 
nytt innhold frå tid til anna ;)


Tilda- boksane som stod her har bytta plass med 
skålene mine frå Bruka.
Dei er så flotte synast eg. 
Har lyst på alt i den 
serien :)


Skålene frå IB Laursen er i bruk dagleg. 
Til müslien til frukost og til Ariel sin graut.

Den søte sukkerskåla fann eg på 
bruktbutikken til 
berre 10 kr (!) 


Green gate serien min er blitt utvida med fleire 
Latte- koppar, mugger og skåler :)


Kan ein egentleg få nok av desse? ;)


♥♥♥

Her i huset er symaskina tatt fram igjen, 
og eg kosar meg ;)


Ha ein nydeleg kveld!


Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails