Viser innlegg med etiketten lyshus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lyshus. Vis alle innlegg

mandag 21. mars 2011

TallerkenHylle Før&Etter

Tallerkenhylla eg kjøpte på Bruktbutikken er no blitt kvit og komen på veggen. 
Eg tenkte først at denne ville eg ikkje ha. Men den vart med heim.
Og det er eg glad for ;)

Før;

Etter;

Innholdet er for det meste frå Kremmerhuset (utenom zinkhuset som er frå Bohus)
Det som er genialt med slike hyller er at eg kan varierere pynten 
i det uendelege. Me like ;)

Under hengte eg (les; mannen) opp to kjempesøte knaggrekker
På den måten vart den litt "større" og 
meir fleksibel :)



Ønsker deg ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 28. september 2010

Nymåla rammer+ omflytting

Når eg likevel hadde målekosten framme,
 fekk nokre bruktrammer nokre omganger med isvann og.
Når eg er på bruktbutikker/loppemarked ser eg alltid etter rammer med fin struktur
Fargen kan alltids fiksast på ;)


Den bakerste ramma skal brukast til eit lite prosjekt eg skal gjere ferdig ikveld. 
Den vart grådig kul når eg måla den (synast eg) Den reagerte tydlegvis med 
den gamle målinga og krakkelerte
Meir om den seinare ;)


I framskapet mitt har eg flytta om på pynten igjen
Eg blir liksom aldri fornøgd.
(håplaust! ;)


Fuglehusa mine og ein liten & har komt på plass her.
Eg har virkeleg ein ting for hus. Det florerer av lyshus og fuglehus
 i heimen for tida ;)



Ved sidan av framskapet har det lille bordet eg har 
pussa opp med måling og decoupage/papir fått plass. 
Oppå står diverse lysetaker som er 
spraya kvite.


Eg må innrømme at framskapet er ommøblert igjen etter at bildene er tatt. 
Som sagt blir eg aldri fornøgd. Denne gongen syns eg det 
vart for mykje blått på ein plass.


Noko som eg derimot er veldig fornøgd med er den gamle krakken 
eg fann på bruktbutikken og mine nydelege 
zinkhus frå Kremmerhuset.


Krakken skal ikkje målast har eg funne ut. 
Den er herleg og slitt som den er :)


I dag har vore ein herleg dag! 
Nydeleg ver og familieutflukt til Kjenndalsbreen. 
Supert! :)
Då er eg klar for ei lita bloggerunde før TV-kvelden begynner!

Ha ein flott kveld du og!

Klem frå Bjørg :-)
Ps; meld deg gjerne på Give Away. Link øverst til høgre ;)

mandag 20. september 2010

Løp & kjøp ;)

Om du er like glad i Lyshus som det eg er, anbefaler eg 
ein tur til Kremmerhuset.


Då eg var innom idag (kremt, shopping idag igjen ja..;) hadde dei nettopp fått inn 
flotte og store lyshus i zink.


Og det var skikkeleg zinkfarge på dei. 
Shabby og lekkert ;)

Prisen var ikkje noko å seie på. Det var og kampanje på desse. 
Det store koster 129,- og det minste 69,-
Så løp og kjøp ;)



Kjempefin stemning med kvite kubbelys 
inne i dei ;)




Krakken lyshusa står på er mitt siste bruktfunn
Eg har leita ei stund etter ein slik, 
og plutseleg stid den der :)


Som de ser er den veldig gammal og slitt. 
Valget er no; 
beholde eller måle
Tenke, tenke....

Tusen takk til de som har tatt lodd til min Give Away. 
Nokre har og lagt seg til som følgera; 
Velkomen skal de vere, håper de vil trivast her hos meg!
Alle dei gode orda de legg igjen gjer meg så gladog mi dalande bloggelyst er no 
på veg opp igjen i stor fart :)

I morgon skal eg avsløre hovedpremien i Give Awayen. 
Og den er så bra!!! 
Følg med ;)

Om du ikkje har tatt lodd, 
kan du gjere det 

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails