Viser innlegg med etiketten maileg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten maileg. Vis alle innlegg

tirsdag 22. februar 2011

Liten KoMmoDe Før&Etter :)

Mange har sikkert sett den lilla kommoden min. 
Eg kjøpte to av desse på Bruktbutikken. No har den siste endeleg fått ein 
makeover som eg har tenkt på lenge. 
Ting tar som kjent tid ;)

Denne gongen måla eg den kvit og tapetserte frontane på skuffene med tapetprøver
 frå Pip bestilt på Inreda. Eg brukte ganske enkelt decoupagelim til å feste 
tapeten med. Knottane er skifta ut med nokre i porselen
 frå Kremmerhuset.

Kommoden skal stå på rommet til Ariel, eg skal vise bilder når den er på plass. 
Eg fekk ikkje tatt bilder der idag, fordi ho er ikkje heilt i form stakkars. 
No tar ho seg ein liten høneblund på rommet sitt :)

Ønsker deg ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 14. februar 2011

Søtaste Maileg ♥

Det vart Strynetur på meg på laurdag, 
og sjølvsagt vart det ein tur innom Fryd. Eg måtte begrense meg litt, 
men noko vart sjølvsagt med heim :) Eg (som mange andre;) er litt forelska i dei søte 
Maileg- kaninene. Så ei stor kanin med gul 
heklekjole er no i hus :)

Mamma var så snill å kjøpe ein liten leikekomfyr frå same merket. 
Og Pappa kjøpte dongerikjolen til Ariel. Tusen takk begge to :) Noko anna eg gleder meg veldig over er at Ariel er begynt å like kaninene veldig godt. Så då har eg 
mykje bedre samvittighet for denne
 kanin- "galskapen" ;)

Ha ein super mandag, og god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

PS; Huset ved Fjorden er no på Facebook, du kan "like" sida her.

torsdag 7. oktober 2010

Hus med skuffer frå Panduro ♥

For litt sidan bestilte eg diverse frå Panduro
Blant anna eit lite hus med skuffer i tre. No har det blitt fiksa på ;)

Før /etter:


Med kvitmåling og tapetprøver frå Inreda vart det litt søtt synast eg. 
Og det har fått plass på loppekommoden på 
Ariel sitt rom.


Nokre av smykkene Ariel fekk til dåpen og ei lita Maileg frøken
 har fått nytt "hus" ;)


Eg har festa tapeten med decoupagelim.
 Sidan knottane på skuffene var limt fast måtte eg trikse litt for å få tapeten på. 
Eg løyste det med å klippe stykket i to og klippe hol til knotten. 
Det vart ei lita stripe på midten. 
Jaja, øvelse gjer 
mester ;)


Det blir kjekt med slike småskuffer til ei lita jente. 
Her kan ho gøyme vekk skattane sine ;)


Tallerkenhylla var eg heldig 
å finne på eit loppemarked (i området her finns der 2 loppemarked pr år!)
Den vart sjølvsagt måla kvit og gamle barnebøker eg hadde som liten står klar :) 



I dag har eg vore på bruktbutikken ilag med ei veninne.
 Og utruleg nok vart det med nokre skattar heim ;) Eg tipper dei vil dukke opp 
i bloggen i nærmaste framtid.


Og jammen er ikkje det vesle oppussa bordet mitt i loppeinnlegget 
under her, med i det nyaste nummeret av BoligPluss
Utruleg moro å bli plukka ut!:)
Eg håper alle har ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)
PS; fortsatt lodd igjen i min Give Away. Premier frå Frk Doris og Fjordbua. Link øverst til venstre ;)

mandag 23. august 2010

Litt forandring på barnerommet ♥

For ikkje lenge sidan viste eg dokke
 barnekorgstolen eg har kjøpt til Ariel. 
No er den måla kvit, og passer mykje betre inn ;)

Før/ Etter;


Eg funderte ei stund på korleis eg skulle måle den. 
Av erfaring veit eg at på slike møbler
 går det mykje spray. 


Så eg endte opp med å måle med pensel først. 
Det var vanskeleg å få alt kvitt med penselen.
 Så når stolen var tørka, 
gav eg den "ein dusj" med spray slik at 
alle krinkler og kroker vart kvite ;)


Stolen passer mykje bedre inn på det 
lyse rommet som kvit.


Den rosa settekassa er og komen på veggen. 
Under tenkte eg å ha opp ei knaggerekke.
(vart litt tomt der synast eg)


Bokstavane på toppen kjøpte eg i England
Sylvanian- figurane fann eg og i England på eit lite bruktmarked. 
Desse 3 bamsane + 2 dukkehusskap vart mine for berre 150 kr ;) 


Eg har eit dukkehus som eg skal pusse opp. 
Når dette er ferdig skal Sylvanians 
flytte inn ;)


Rommet til Ariel er stadig i endring
Og eg storkoser meg med å ordne her inne. 
Eg håper det til slutt blir eit rom Ariel kan kose seg og leike i, 
når ho blir litt større ;)


Slike uroer som eg har sydd til Ariel, i ein litt mindre utgåve, er 
snart klare for sal i 
Dei kjem i rosa og blå.



Eg håper alle har ein flott mandag!


Klem frå Bjørg :-)

torsdag 19. august 2010

Speil vart prinsessespeil :)

I sommar fann eg eit fint speil 
gull på bruktbutikken.


Etter litt leiting,
 fann eg endeleg rosa spray på ein Kulør- butikk :)
Eit prinsesse- speil må jo vere rosa!
Etter tre omganger med spray 
var speilet klart til å hengast opp på rommet til Ariel.


Fargen kunne godt ha vore litt lysare
men var igrunn fin nok :)




Eg har i heile sommar vore på utkikk etter 
korgstolar på diverse loppiser og bruktbutikker, utan hell.
Men denne barnekorgstolen vart min til 80 kr.
Den har fått pute med Tildastoff. 
Eg har vore litt fram og tilbake om denne skulle bli kvit, eller ikkje. 
No ser eg at den kanskje skal bli kvit. 
Kva synast du?


Den kvite vogga med dukke,
 har Ariel vore så heldig å få av sitt søte søskenbarn :)
Ho lyste opp og smilte stort då ho fekk den!

På veggen er det litt tomt endå, 
men her skal den store rosa settekassa henge. 
Må berre få somla meg til å henge den opp ;)



Eit par slike barneuroer
 som eg har sydd kjem snart i Fjordbua for salg.


Den vesle kvite settekassa har fått litt ny pynt
Hunden har eg hatt sidan eg var lita jente
Eg husker eg kjøpte den for egne pengar og det var stor stas ;)
Klokka er kjøpt i England då vi var på tur.



Tusen takk for gode ord angåande min nyopna bloggbutikk Fjordbua
Veldig kosleg at så mange allereie har lagt seg til som følger. 
I tillegg er det nokon snillingar som linkar til butikken. 
Tusen takk! :)


Eg håper alle har det flott!

Klem frå Bjørg :-)
(som endeleg fekk sette seg ned å sjå i blad og kataloger kl 22.30 igår ;)

onsdag 21. juli 2010

Litt nytt kjøpt/laga sjølv :)

Det har på mystisk vis komt litt nytt inn på 
Ariel sitt rom ;) 

Pengane sitte liksom litt lausare no når det er sommar. 
Hvertfall når det er så trist ver som no..


Den første settekassa eg pussa opp er 
omsider komt på veggen.


Her har baby Maileg og ein A som eg kjøpte i Førde 
komt i nokre rom. 


Då eg var i Bergen hadde eg bestemt meg for å kjøpe 
ein stor Maileg med rosa pysjamas.


Den fann eg på Små Ting på Bryggen.


Den er ca 50 cm lang og kjempefin! ;)
Veldig fornøgd med den!


Over senga som står på rommet til Ariel har eg hengt opp dette søte bildet. 
Under har eg sett opp veggordet frå Foto1
Always kiss me goodnight står det på det.
(Always er rosa, og viste litt dårleg på bildet)


Kosleg påminnelse når det er leggetid ;)


Den dagen eg og Tanteungen min utfolda oss på hobbyrommet,
 pynta eg denne eska;


Den vart slik;


Den er pynta med gåvepapir rundt, Tildapapir på toppen, 
blonder rundt kanten på lokket og heilt nederst. 
Og øverst har den fått ein knott frå IKEA :)


Eg håper alle har ein flott onsdagskveld!


Klem frå Bjørg :-)

fredag 25. juni 2010

Heimesydd vimpel til barnerommet ♥

I dag blir det nok eit syinnlegg frå meg. 
Håper de ikkje er dritlei ;)

Då Ariel skulle begynne å sove på rommet sitt måtte vi ha opp ei lystett kvit rullegardin
For at ho (og mora;) skal få sove lengst muleg. 
Men desse rullegardinene er forferdeleg 
kjedelege på eit barnerom 
synast eg. 


Så eg sette meg med symaskina 
(der eg trivst godt for tida ;) 
og sydde ein vimpel.


Eg har sett mange vimplar her i Bloggland, 
men eg laga min eigen vri og sydde på blondekant ;)
Har visst dilla på blonder og for tida!


Vimpelrekka sydde eg rett og slett fast på nederste kanten 
på rullegardina.


Så no passar uro og rullegardin ilag 
med stil og farge.


Beklager litt mørke bilder. 
Var ikkje enkelt å få tatt bilder mot vindauget ;)


Fleire prosjekt står i kø.
 Så det blir ikkje kjedeleg her i Fjordhuset, 
sjølv om mannen skal jobbe i helga.


Ariel ser ut til å vere førnøgd 
ihvertfall ;)


I dag har dei vore her å tatt mål av vindaugene våre. 
Så forhåpentlegvis til hausten, 
så begynn dei utvendig på huset. 
Med isolering, skifting av alle glas og ny bordkledning. 
Herleg!!:))


Give Away- trekninga nærmer seg med stormskritt! 
Meld deg gjerne på øverst til høgre ;)

Ønsker deg ein nydeleg dag 
og ei herleg helg!


Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails