Viser innlegg med etiketten påske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten påske. Vis alle innlegg

fredag 13. mars 2015

Diy: Lys i eggeskal

Inspirert av ein ide eg kom over på Pinterest
 har eg laga meg fin påskepynt :)
 Eg tok vare på nokre eggeskal etter ei vaffelrøre. 
Dei skyllte eg i vatn og deretter lufttørka. Så tok eg fram nokre stearinlys
 som eg knekte opp i eit glas. Glaset med lysa sette eg til smelting i ein kjele med kokande vatn. Veiken tok eg vare på. Den klipte eg til slik at dei 
vart veiker som passa i eggeskala.
 Når stearinen var smelta helte eg den over i eggeskalla. 
Veiken holdt eg på plass med to pinner. Når stearinen var hard igjen 
måla eg eggeskalet med jentene sine vannfargar. 
I fine eggeglas blir dette flott
påskepynt.
Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 20. april 2014

Meir påske

Eg slenger med 
litt fleire bilder frå påskestemninga i huset :)
Ha ei fortsatt god påske!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 15. april 2014

Påske i heimen

Eg pleier egentleg ikkje å pynte så mykje til påske
Gule detaljer har eg heile året. Men bjørkekvister med eggpynt
 og krimbok i nærheten (berre eg får tid å lese den) må eg ha i påska.
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 4. april 2012

God Påske! :)

I dag går mannen på friskift, og påska kan starte i Fjordhuset. 
Dermed blir det stille her på bloggen til over helga. No skal fridagane
 nytast ilag med venner og familie :)

 Gul blomster og ein liten påskekylling
 med plass til telys (Nille) lager påskestemning på kjøkenbordet.

 Nytt forkle frå Ahlens henger på veggen. 
Eit såkalla må-ha-kan-ikkje-gå-frå-det forkle ;)

 Gule eggeglas frå Kremmerhuset
 og gul skål frå Nille er komen i hylle anledning påska.

 Som ellers i huset har ikkje påskepyntinga "tatt av" på kjøkenet heller. 
Men vi skal nok klare å kose oss likevel ;)

God påske til alle som titter innom. 
Kos deg mykje!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 2. april 2012

Påskeegg i trollhassel

Påskeegg i trollhasselgreiner er ikkje akkurat nokon ny ide. 
Men det  var veldig kjekt for Ariel å henge dei opp. 
Her i full konsentrasjon :)

Påskeegga kjøpte eg billeg på Nille før påska ifjor. Men eg har sett 
at dei har liknande i år også.

 Og vips så vart det litt påskestemning 
på skjenken i spisestova også.

 Ariel har laga denne søte påskekyllingen i barnehagen. 
Den må sjølvsagt stå framme! Det er kjempekosleg at ho er blitt så stor at ho kan
 hjelpe Mammaen med pyntinga :)

Tusen takk for fine ord de legg igjen,
 og velkomen til nye følgerar. 
kosleg! :)

Kjempefin måndag til deg som titter innom!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 1. april 2012

Klar for påske

Eg har aldri pynta så voldsomt til påske. 
Og det vart ikkje slik i år heller. Men med nyvaska vindauge, rein stove, friske 
blomster og litt gult så seier eg meg klar til påske
Hvertfall i TV-stova :)






Eg har ikkje så mykje på hjertet idag. 
Formen er litt slapp, så nå blir det sofaen etpar timer mens Ariel
 koser seg hos Besta og Besten :)

Pass på at du ikkje lar deg lure idag! ;)

Klem frå Bjørg :-)

søndag 3. april 2011

"nYe" eGgEgLaS ;)

Eg har sansen for raske makeovers ;) 
Sidan eg ikkje har fått tak i nye eggeglas til påske, 
fiksa eg rett og slett på dei eg hadde.

Før&Etter;


Eg sydde trekk som eg hadde rundt eggeglasa. 
Stoffa eg brukte er velkjente her på bloggen. Trur eg snart har ein heil 
kolleksjon med desse ;) Men eg blir glad av å sjå på dei, 
og klarer ikkje å gje meg ;)


Eg vart inspirert til å dekke eit påskebord,
når dei var ferdig sydde. Berre til ein denne gongen, sidan 
mannen er på jobb :)


Det er så herleg når sola danser inne i stova, 
og det gjennom nye vindauge ;) Snekkerane er ferdige utvendig 
(utenom ei veranda- dør som var feil mål på, måtte bestille ny..) No ventar eg tålmodig (?) på å få
 på plass igjen vinduskarmane og ;)



Ha ein strålande søndag!

Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails