Eg var så heldig at eg vann trekninga på Sophie Mari sin Pay it Forward.
Og for litt sidan kom det pakke i posten :) Og det er jo alltid kjekt!
Pakken inneholdt flotte ting som ho har laga sjølv:
Eit vintagetrekk som eg trur er meint for presskanne,
men sidan eg ikkje har det, har eg pynta ei potte istaden :) Og dei søtaste øyredobbane
fekk eg og. Sjekk ut butikken hennar her og la deg friste.
Det har eg gjort ;)
For den som ikkje veit kva er Pay it Forward er for noko, så kjem forklaringa her ;
♥1.Du kan melde deg på under her (skriv om du vil vere med i kommentaren din)♥
♥ 2.Så får du ei gåve i posten frå meg etter ei stund♥
♥3.Deretter skal du sende gåve vidare til 3 andre som vil vere med ♥
♥4.Du bestemmer sjølv kva gåva skal innehalde.♥
Om du synast denne pakkeleiken høyres moro ut;
Sleng deg med då vel ;)
Første dame til mølla!
3 første som skriv at dei vil vere med, er med ;)
♥
Ha ein fin fredag alle saman,
og god helg!
Klem frå Bjørg :-)
PS; tusen takk til alle som har stemt på meg på Boligblogg :)
Om du har lyst å stemme idag,
kan du gjere det her!


