Eg trur det må vere eit triks,
å med handa på hjartet ha gitt opp å vente på sommaren,
og heller glede seg til haust og jul.
For då eg hadde gjort det,
så kom sommaren for fullt her idag ;)
Og då gjeld det å nyyyte,
for imorgon kan den vere slutt allereie ;)
Vår vesle familie sette kursen mot seglbåten alle saman,
for første gong i år.
Fjorden låg heilt stille,
og sola skein stort sett heile tida frå lettskya himmel.
Korgveske funne på bruktbutikken til kr 10,-
og solbriller frå New Look i Winchester
fekk vere med på tur ;)
Ariel kosa seg på eit teppe ned på dørken
med leiker og parasoll over.
Den første turen på fjorden i hennar liv ;)
Vi kosa oss på fjorden i heile dag.
Min kjære fekk seg til og med eit bad.
Ganske så ufrivilleg,
men likevel ;)
Eit tau sette seg fast i propellen,
så han måtte dykke ned å fjerne det ;)
Segla på båten fekk fri idag,
så vi daffa rundt for motor istaden.
Heilt vindstille,
herleg! :)
♥
Eg håper alle har ein herleg dag!
Klem frå Bjørg :-)
