Viser innlegg med etiketten strikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikk. Vis alle innlegg

mandag 27. mai 2013

Ny sofakrok ute + heldig vinnar :)

Det er som sagt begynt å ta form på terassen vår. 
I forrige veke fekk vi på plass ei sofagruppe i kunstrotting. 
Vi har plassert den på den delen av terrassen som har
tak og kveldssol til 22.00 :)
 
Sofagruppa består av to stoler og ein toseter. 
Den er veldig god å sitte i og veldig fin å sjå på ;)
Den er kjøpt på Bohus.
Eg har lenge hatt nokre skodder ståande, som eg fann under hytta til foreldrene mine. Desse har eg no måla blå og hengt opp på kvar side av kjellervindauget. 
Vi har lyst å skape litt gresk feriestemning på terrassen vår. 
Derfor bruker vi mykje kvitt og blått :)
Nokre av korgpottene mine som eg 
kjøpte ifjor har fått ei stripe med blå spraymåling. 
Seglbåten i vindauget er kjøpt på 
den greske øya Naxos.
Til slutt vil eg fortelle 
at vinnaren av eit gåvekort på 300 kr til bruk hos Lue.no er funnen.
Tusen takk til Lue.no som ville sponse premien :)

Gratulerer 
til 

Nina 
med bloggen 
(Kan du sende meg ein epost
 til husetvedfjorden(ætt)hotmail(dott)com ? :)

Klem frå Bjørg :-)

mandag 4. mars 2013

Arrow

For ikkje så lenge sidan lærte eg meg å skifte farge når ein strikker. 
Jepp, det går sakte framover med strikkekunnskapane mine ;) For å øve meg 
på noko enkelt, har eg strikka meg ei pute med pil på. 
Oppskrifta har eg laga sjølv ;) 
Puta er langt ifrå perfekt. 
Men vi kan jo seie at det er litt av "sjarmen" ;)

Ha ei god ny veke!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 24. august 2012

Kjøkenklut

Eg trur det var i mai eg starta å strikke denne kjøkenkluten
Og "rask" som eg er, vart den ferdig denne veka! Egentleg er dei raske å strikke når du faktisk strikker litt inneimellom ;) Du strikker annakvar rad med rett og rett/vrang. 
Eg brukte 3 mm pinner og bomullsgarn. Eg har hekla rundt og laga
 bølgekant i tillegg :) Her brukte eg heklekrok 2,5 
og same type garn.

 Dei er kjempegode å bruke. 
Så den skal absolutt ikkje vere berre til pynt i den lekre fargen ;)


Eg har vore på Loppis idag! 
Det vart nokre få kupp. Fortsettelse følger ;)

Ha ei super helg!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 18. april 2012

Strikke vrangt..

Handarbeidkunnskapane mine får stadig små påfyll. 
No har eg lært meg å strikke vrangt av min gode venn Google ;) 
Og for å øve meg har eg strikka ein kjøkenklut
 i søte bomullsgarnfarger.

 Eg strikka ein omgang med rette
deretter ein omgang med annakvar rett og vrang
Også fortsatte eg slik. Til slutt laga eg heklekant rundt og ei løkke til oppheng.

 Og det beste av alt er at kluten faktisk er kjempegod i bruk! 
Den er til og med godkjent av mannen. Så her blir det nok strikka fleire :)

Denne kvelden skal tilbringast godt planta på sofaen
Eg har gløymt å slappe av dei siste dagane, og det har eg fått merke idag. 

Ha ein fin-fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

søndag 15. april 2012

Ferdig babyteppe :)

De som har lest bloggen min har kanskje fått med seg at eg
 starta å strikke eit lappeteppe for ei tid tilbake. 
Dette er eg no ferdig med :)

 Det var mykje arbeid, og tok litt tid. 
Men det var igrunn veldig kosleg å putle med det.
Eg er ganske fornøgd, med tanke på at det er mitt første "store" strikkeprosjekt :)
(så får vi heller oversjå alle små skjønnhetsfeil ;)

 Eg har strikka 16 lapper i fargane grøn, rosa og kvit. 
hekla eg lappane saman med fastmasker. Rundt teppet har eg først hekla
 to omganger fastmasker i kvitt. Etterpå hekla eg 1 omgong med grøne fastmasker. 
Til slutt har eg laga "bølgekant" med luftmasker.

 Det er rart å tenke på at om berre ca 2 mnd er lisjejenta her og kan bruke teppet. 
Eller det vil seie; sidan teppet er i ull blir det vel heller til 
hausten det blir tatt i bruk :)

Eg håper du har hatt ei strålande helg, 
og god søndag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 8. mars 2012

Strikkeprosjekt

Eg har starta å strikke eit lappeteppe til babyen. 
Strikking er kjekt altså! Det hadde eg faktisk ikkje trudd ;)


Eg har ikkje avansert så voldsomt. 
Så lappane blir strikka heilt vanleg att og fram
Viss eg får det til skal eg hekle lappane saman, og lage ein fin kant rundt heile teppet.


Som de ser bruker eg ullgarn i grønt, kvitt og rosa.
Så spørst det om eg må bytte ut dei rosa lappane med blå,
 etter vi har vore på 3D ultralyd i helga ;)


Hjarteleg velkomen til nye følgerar, det er stas!


..Og fin- fin kvinnedag/torsdag til deg som titter innom!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 1. februar 2012

Tulipaner...

...i Noregsglas med strikka trekk og heklekant. 
Ikkje akkurat noko nytt her i bloggverda, men no fekk eg det til og ;)


Spesielt "kry" er eg over heklekanten ;P
 Jammen satt det igjen litt etter forrige mislykka "lære-å-hekle" prosjekt. 
Kanskje eg skal gje hekling ein sjanse til?;)


No blir det film- kveld med mannen her i heimen. 
Det blir deilig å berre synke ned i sofaen :)


Ha ein fin kveld du og!

Klem frå Bjørg :-)

mandag 30. januar 2012

Mitt første strikkeprosjekt..

...sidan barneskulen er ferdig! 
Og eg kjenner at eg er litt barnsleg stolt, sjølv om dette er eit særdeles enkelt prosjekt. 
Og sikkert noko de erfarne "strikkedamer" flirer litt av ;)


Eg har brukt tjukt ullgarn i svart, grått og kvitt og strikka rett fram og tilbake ;) 
Til dette har eg brukt ein rundpinne (heiter det det?)  
På den kan du strikke ekstra bredt.


På baksida har eg rett og slett sydd ei bakside i kvit bomull med lommeopning, 
slik at det skal vere enkelt å ta inn og ut innerputa. 
Så får eg heller vere forsiktig når det 
skal vaskast :)


Det er kjempekjekt å ha nok å putle med når ein sit på ræva og ser TV. 
Får litt bedre samvittighet, samtidig som det nesten
 er litt "terapautisk" ;)

Ha ein fin mandag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 28. januar 2012

Hekta!

Eg er hekta! Og det på strikking ;) 
Eg har ikkje strikka sidan barneskulen, og no var det tanteungen min på 11 år
 som hjalp meg å friske opp minnet ;) Og det er så kjekt! Eg har lenge hatt lyst å ha eit handarbeid eg kunne gjere på medan eg ser på TV osv. Hekling fekk eg ikkje til og symaskin er litt tungvindt framfor Tven, men strikking er supert! No kan eg berre å strikke
på retta endå, og eg måtte nettopp google korleis enn fell av.
 Hehe, ein lære så lenge ein leve. 
Men det er jo det som
 er moro! :)


Ha ein fin laurdags kveld,
 med eller uten strikking (her er det med ;)!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails