Viser innlegg med etiketten utfordring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utfordring. Vis alle innlegg

søndag 5. januar 2014

Nib Utfordring Januar - Blanke Ark

1.nyttårsdag vart mesteparten av julepynten fint plassert på loftet igjen. 
Og det er like herleg kvart år. Det blir liksom så lyst og luftig igjen. 
Akkurat som å starte med blanke arkEg får behov for forandringer. 
Og dermed får eg mange idear i hovudet som berre få utløp. 
Det digger eg. Ein kreativ periode ;)
I utfordringa til Nib denne gongen skal vi vise fram kjøkenet. 
Og her kjem bilder frå vårt. Kjøkenet er lite, men lyst og fullt av fargeklatter. 
Rommet er eit godt døme på at eg blir inspirert av element frå 
mange stiler, som eg set saman til min eigen.
Bli med på utfordringa til dei fine Nib- jentene du og! 
Trykk her for å finne mangfoldig og herleg kjøken- inspirasjon!

Ha ein nydeleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

fredag 12. april 2013

BoligPluss Utfordring

Eg deltar i BoligPluss- utfordringen -Stove med dette bildet. 
Viss du har lyst, blir eg veldig glad om du vil stemme
 på stova vår, eller kanskje du vil delta sjølv? 
Uansett så finn du konkurransen
om du trykker her ;) 
Eg håper du får ei strålande helg!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 2. april 2013

Sanselige Jenterom?

Franciska skal snart gje ut boka "Sanselige Rom" 
I den forbindelse har ho ein konkurranse der ein kan få med bilder i boka. 
Eg har tidlegare deltatt med stova og kjøkenet vårt. 
No tenkte eg å slenge med bilder frå begge 
jenteromma i huset vårt.

Til faste leserar så beklager eg reprise på mange av bildene..

Eg starter med Hermine (9mnd) sitt rom:
Dette rommet har vi nettopp pussa opp. 
Vegger, tak og tregolv er måla kvite. Ein vegg har fått tapet frå Eijffinger.
Loppis-kommoden som opprinneleg var i teak 
har eg måla i rosa og grønt.
Roll-up gardina og trekket til madrassa har eg sydd
 av gamle sengetøy etter Besta.
Mannen laga ein kosekrok ut av eit innebygd skap som vi opna opp. 
No er der sitteplass med madrass og puter. Under er der ei skuff med hjul 
til oppbevaring. Og stjernehimmelen er 
toppen over i'en :)
Ariel (3 år) sitt rom:
Ariel har ei gammal seng på rommet sitt som Pappaen sov i når han var liten. 
Den er rosemåla av Ariel si Oldemor. Himmel med lyslenke
 må ei lita Prinsesse ha ;)
Siste nytt på rommet er dette bokskapet. 
Det var ubehandla, men eg har måla det grønt.
Alt på kjøkenkroken til Ariel er gjenbruk. 
Bordet er laga av eit Lack- bord frå IKEA. Kjøkenbenken er laga av 
to nattbord frå same butikk. Forhenget har eg sydd. Dei forskjellige stolane 
har eg måla for at alt skal harmonere.
Teppet på golvet har eg hekla av remser av sengetøy.
Hermine er på besøk på storesøstra sitt rom ;)
For å sjå flotte jenterom 
og/eller bidra sjølv kan du trykke her!

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 29. januar 2013

Eg prøver lykken..

...og deltar i konkurransen hos Franciskas Vakre verden. 
Her kan ein vere heldig å få bildene sine i den nye boka hennar Sanselige rom.
Det blir litt reprisebilder i dette innlegget. Eg melder meg altså på 
med stova/spisestova med desse bildene:






Har du lyst å delta, kan du gjere det her!

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)

torsdag 6. desember 2012

Mens vi venter..

Eg elsker desember. 
Ventetida før juleveka er egentleg den delen eg liker best med desember :)
Eg bruker å pynte til jul, slik at det er nokelunde klart til 1.desember.
 Så feirer vi bursdagen til Ariel som er 2.desember i julepynta hus! 
Det finns så utruleg mange fine måter å pynte til jul på, 
men eg må ha litt raudtDet er med på å skape 
julestemninga for meg. Ellers i året bruker eg 
aldri raudt, difor blir huset heilt 
"nytt" når det er 
jul hos oss ;)

Eg målte denne skjenken turkis før i år, 
og eg var veldig spent på korleis denne ville ta seg ut i julepynta hus. 
Men det gjekk jo kjempefint. Eg hadde aldri trudd det, men raudt og turkis
 er faktisk ein god "match" ;)

 Trauet som står på skjenken har eg fått låne av Mamma. 
Det er gammalt og heilt nydeleg, synast eg! Dette har eg fyllt med granbar, 
små flugesopper, lyslenke, ei raud julestjerne og 2 kvite lysestaker. 
Enkelt og stemningsfullt :)

Eg kan vel beskrive julestilen min som tradisjonell, med ein personleg vri
Pynten eg bruker er for det meste granbar, kongler, flugesopper, 
pepperkaker, raude tekstiler, svibler, 
julestjerner og masse lys :)

I ventetida koser eg meg altså med julestemning i huset. 
Som regel blir det ein del gåvekjøping, men det er eg allereie ferdig med i år (!) 
Julekaker må bakast, og smakast på ;) Og gåveinnpakking er stor kos!
Litt småpynting og omdekorering blir det!
Julemusikk må ein også ha ;)

Så er det juleverkstad og julegåvelaging med Ariel, 
julegrantenning, Lucia- feiring, førjuls- selskap og mykje mykje meir. 
Ah! Herlege, koslege Førjulstid ;)

Eg melder dette innlegget på bloggutfordringa Mens vi venter 
som er arrangert av Tips og Inspirasjon til Hjemmet. 
Du kan sjekke det ut, eller delta sjølv her!
 (NB! påmeldingsfrist fredag 7.12)

1.premien er 2 lysestaker + 2 lyskuler frå Perfect Home.


2.premien er gåvekort på kr.3000,- frå Dofta.

Ha ein super torsdag!

Klem frå Bjørg :-)

PS; tusen takk for alle fine ord de legg igjen! 
Eg blir så glad! :)

søndag 21. oktober 2012

Stolt!:) + trekning

Eg var i finalen i Lidyll si utfordring: Vis meg dine Høstfarger. 
Og idag har eg fått den glade beskjeden om at bildet mitt fekk flest stemmer. Yeeei! 
Eg er stolt, glad og ikkje minst takknemleg for å bli stemt på. TAKK! :)
Det er moro at "mine" haustfarger fallt i smak ;) 
Her er bildet eg vann med;

Så er det på tide å finne den heldige vinnaren 
som stikk av med eit husnr skilt med 1-5 siffer i emalje frå Ramsign.

Det var 89 som deltok. 
Og Random trekte 
nr 68

Gratulerer til Beathe Monica Solheim!

Kan du sende meg ein epost til husetvedfjorden@hotmail.com ? :)

Ha ein super søndag vidare!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 17. oktober 2012

Utfordring: Høststemning

Kjenner du til Facebooksida og bloggen til Tips og Inspirasjon til Hjemmet
Akkurat no har dei ei bloggutfordring, som eg har lyst å slenge meg på :) Vi skal vise bilder med hauststemning. Haust for meg er masse innekosOg då må ein ha ein god 
plass å opphalde seg, skinnfeller, pledd, masse puter, lesestoff/handarbeid
 og noko varmt i koppen. Så dette vart mitt bidrag;






Vinnaren av utfordringa stikk av med denne kjøkenmaskina. 
Tenk å vere så heldig :)
 Den supre premien er levert av;


Og utfordringa er i regi av;


Trykk her om du fekk lyst å prøve deg du og ;)

Ha ein flott onsdag!

Klem frå Bjørg :-)

lørdag 13. oktober 2012

Hurra!

Eg er i finalen i Lidyll si utfordring "Høstfarger". 
Og for eit selskap eg er i, så mange flotte haustbilder! :)
 Dette er bildet eg bidrar med:

Dette skriver søte Lidyll om bildet:

Pasteller kan også være fine farger på høsten!
Herlig komposisjon og innbydende bilde. Nydelig med det gule pleddet mot det grønne/mintgrønne.

Om du vil stemme på meg (då blir eg jublande glad ;) 
eller nokon av dei andre: 
kan du trykke

Ha ein strålande kveld!


Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 20. mars 2012

Stilleben

Eg fekk lyst til å delta i månadens utfordring hos Foto- bloggen Øyeblikk. 
Beklager reprisen av dette bildet så snart ;)
Utfordringa er å vise eit stilleben
som er eit enkelt bilde
 av stille liv.

For mykje flott inspirasjon,
 eller delta sjølv kan du trykke her! 

Dette bildet er med i en fotokonkurranse hos Øyeblikk - http://www.oyeblikk.net/ 

Ha ein flott tysdag!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 17. august 2011

Utfordring hos Sukkertøy for Øyet :)

Flinke Ida Susanne bak bloggen Sukkertøy for Øyet,
 utfordrer oss til å vise fram det vi har i heimen i fargen svart. Og den
 måtte eg hive meg med på, sjølv om eg fann ut at i min 
"pastellifiserte" heim var det lite av slikt ;)

Men litt fann eg no alltids;


Bordet og skjenken stod igjen i huset då vi kjøpte det. 
Begge har fått svart bengalack- måling, og det gjer ein fin kontrast til dei lyse
 og søte fargane ellers i stova. Den svarte klokka kjøpte eg i Danmark, og kikkerten har mannen arva etter Bestefaren sin. Ilse Jacobsen støvler finns vel i dei fleste bloggeheimar ;) Mine er svarte og måtte sjølvsagt vere med i bidraget ;)
For meir svart inspirasjon sjå her! ;) 
Kanskje du og vil ta
 utfordringa?

Eg har fri idag, og så snart Ariel våkner
 frå søvnen sin skal vi ut i sola! 
Herleg :)

Ha ein strålande dag!

Klem frå Bjørg :-)
Related Posts with Thumbnails