For nokre dager sidan såg eg eit heklepledd på bloggen til
Marny Alice.
Det var forelskelse ved første augekast!
Eg plukka opp mobilen i ein fei, og ringde søstra mi som bur i meir sentrale strøk.
"Skal du tilfeldigvis på Spar Kjøp?" spurde eg ho med mi finaste stemme.
"kva du skal ha no då?" var svaret
(ho er sikkert litt lei av sånne telefoner frå meg for tida ;)
Ho skulle ikkje på Spar Kjøp, men tok seg ein tur for mi skuld.
Snilde søsta! :)
Tusen takk!!
Så no er eg den heldige eigar av dette flotte heklepleddet frå Spar Kjøp. Jippi! :)
Har du det og slik av og til?
Du ser noko du berre må ha?
Det var ei god investering.
Berre 229 kr og akkurat passe tjukt å tulle seg inn i,
no når det blir varmare i veret.
Eg er nemleg avhengig av å ha pledd over meg når eg ligg i sofaen.
Same kor varmt det er, må eg liksom krype under pleddet.
Det er så kosleg,
og eg føler meg nesten naken uten :)
No skal eg sjå TV..under det nye fine pleddet mitt ;)
Ha ein strålande kveld!
Klem frå Bjørg :-)