fredag 26. mars 2010

Raudt!

Eg fekk utfordringa frå Christines rede om å finne 5 raude ting i enten stove, kjøken eller gang.

Også raudt då tenkte eg med ein gong.
Eg har jo ingen raude ting. Det eg har som er raudt ligg i øskjer på loftet, dvs julepynt. Fjordhuset er veldig raudt til jul, men ellers i året er ikkje det ein farge eg likar så godt i heimen. Eg er liksom litt meir rosa og pastell ;)

Men då eg begynte å gå ei runde med kameraet, dukka dei opp ein etter ein..dei raude tinga ;)























Vintage Kellogg's muggen er jo raud ;)

















Og "Den Rødrutete Kokeboken" til Ingrid Espelid Hovig er jo definitivt raud, og ikkje så mykje i bruk som den burde vore ;)

















Lengst bak i kjøkenskapet fann eg desse prikkete raude koppane. Satt fremst for anledninga ;)























Desse raude tøyhjertene er eigentleg julepynt, men vart hengande på kjøkenet etter jul og. Fordi eg synast dei var litt søte :)























Og sist, men ikkje minst fekk eg endeleg anledning å vise fram den flotte raude dressen Ariel har fått av Besta si (min kjæres Mamma) Ein nydeleg strikka jordbærdress, som Ariel brukar kvar gong vi skal ut :)

Og det var jammen meg 5 raude ting :)

No vil eg utfordre Randi med bloggen Borte bra, men hjemme best til å finne 5 grønne ting i sin gang, kjøkken eller stove :) Lykke til! :)

No skal eg kose meg vidare med bordpynting til barnedåpen søndag. Og det går i rosa :-) Her er ein smakebit, meir kjem :)




































Klem frå Bjørg :-)

11 kommentarer:

  1. Så koselig eit bord:o)) Håper dikkon får ein kjempe fin dag..
    Ikkje alltid lett å finne nokon fargar i huset nei, men sant nok går ein etter i "saumane" dukker det opp:o)
    God helg.
    Klem

    SvarSlett
  2. 5 raude ting hadde ikkje vore lett i min heim heller☺

    Kjempekoseleg bord du har dekka☺ Spennande☺
    Må ønske deg lykke til med dåpen!! Håpe alt går bra og at Ariel er snill som bere det☺ Vi fer til Oslo imåra, og kjem att søndags kvelden..kjapp tur!☺

    God helg☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  3. Her var det masse pent rødt:)
    Kjempesøt jordbærdress forresten:)

    Og du har virkelig pyntet vakkert til barnedåp, lykke til!:)
    Klem fra Kate:)

    SvarSlett
  4. Kjempefint dekka bord! Lukka til på sundag! Klem frå Vivi

    SvarSlett
  5. Rødt er en herlig farge, liker å bryte med den innimellom;)
    Kjempefint bord..lykke til med barnedåp!
    Kos deg i kveld!
    Klem fra meg;)

    SvarSlett
  6. He he...ikkje alltid lika lett å finna ting i ein farge når ein må, men du klarte da jo :)

    Kjempe fint dåpsbord du har dekka. Ønskje deko ein fin dag, og lykke til :)

    Klem frå Christine

    SvarSlett
  7. Så flott blogg og så masse fint rødt du har :-)
    Lykke til med barnedåp! nydelig bord du hadde pyntet !

    SvarSlett
  8. Den som leitar den finner...Veldig morsomt innlegg:)Alltid gøy med utfordringar:)
    Den kokeboka har eg og(å ja,den er altfor sjeldan i bruk)
    Kjempe lekkert pynta til dåp..
    Ønskar deg ei super fin palmehelg<3
    Klem frå Astrid:)

    SvarSlett
  9. Takk for koselig hilsen på bloggen min:) Lykke til med barnedåpen søndag! Fint bord da:)
    Klem

    SvarSlett
  10. Takker for utfordringen:) Og så grønn da;) Litt fristende å jukse med grønne planter, hehehe. Det var virkelig utfordrende, ja!!! Omsider fant jeg 5 ting, det tok sin tid:)

    Kjempefint bord du har dekket, gleder meg til å se flere bilder!

    Klem:)

    SvarSlett
  11. oi.så fint det blir!
    kos dere på søndag
    klem

    SvarSlett

Pga mykje spam har eg sett meg nødt til å sperre kommentarfeltet for anonyme kommentarer. Beklager dette! :( Om du har spørsmål kan du sende meg ein epost: husetvedfjorden@hotmail.com Eg set stor pris på tilbakemeldinger. Det inspirerer og motiverer:)