onsdag 3. mars 2010

Koseleg tidsfordriv

Det er så kjekt å ha litt å pussle med. Sist eg bestilte frå Panduro, slengte eg med eit materialsett for såpelaging for moro skyld! :)







































Sjølve såpekokinga var veldig enkel. Berre å smelte såpemassen, ha i duftolje og evt farge. Så var det å helle massen i såpeformene som var med i pakken.












































Det ALLER kjekkaste var å pynte såpene etterpå :-) Eg pakka dei inn i cellofan og pynta med diverse papir, band, knapper og blomster eg hadde i scrapbook- sakene mine.

Dei vart fine..syns eg sjølv då ;-)












































Lite praktiske, for eg tipper dei blir aldri brukt..sjølv om dei lukter nydeleg. Men dei pynter jo opp :-)

Her skin sola herleg frå blå himmel!
Ønsker deg ein strålande dag ;-)

Klem :-)

1 kommentar:

  1. Kjempefine!!! Lenge sia eg har laga verken såpe eller lys, som eg hadde sånn dilla på for nokre år sia. Men får jo SJØLSAGT ein snill baby so då får mamma i perm masse tid til slike ting...☺

    Klem M♥

    SvarSlett

Pga mykje spam har eg sett meg nødt til å sperre kommentarfeltet for anonyme kommentarer. Beklager dette! :( Om du har spørsmål kan du sende meg ein epost: husetvedfjorden@hotmail.com Eg set stor pris på tilbakemeldinger. Det inspirerer og motiverer:)