torsdag 4. desember 2014

Pangstart på desember

Vi starta desember med eit "smell" . 
Sjukdom i hus, lite søvn, ein mann som jobba nattevakt, julepynting, 
vasking, besøk av lokalavisa og 2 bursdagselskap. Det seier seg sjølv at det har vore ei 
travel veke ;) Men det enda bra og alle vart fornøgde! Bildene er frå Ariel sitt barnebursdag-selskap. Den lille jenta mi er plutseleg blitt 5 år stor :)
Ariel kan ikkje få nok av My Little Pony for tida, 
så då måtte det sjølvsagt bli tema på kaka. Den vart veldig enkel,
 sjokoladekake med marsipanhjerte. Også sette eg to 
ponnier på, som også var ei gave. 
Det vart suksess :)
Pyntinga vart enkel den og, 
men det er igrunn slik eg liker det. Fine farger og enkel dekor :)
 No gleder eg meg til å fortsette desember
 med litt lavare skuldre ;)
Ha ein herleg kveld!

Klem frå Bjørg :-)

3 kommentarer:

  1. Lekkert som alltid!
    Ha en fin adventstid.
    Klem fra Signe.

    SvarSlett
  2. soooo süß!!! ich liebe den grünen stuhl und die torte!!! liebe grüße von angie

    SvarSlett
  3. ...very nice table, the cake sooooo sweet.
    Greetings and hugs from Reserl

    SvarSlett

Pga mykje spam har eg sett meg nødt til å sperre kommentarfeltet for anonyme kommentarer. Beklager dette! :( Om du har spørsmål kan du sende meg ein epost: husetvedfjorden@hotmail.com Eg set stor pris på tilbakemeldinger. Det inspirerer og motiverer:)