Gyngestolen var ein av dei falleferdige møblane som fulgte med huset. Den var i ein slitt, stygg brunfarge og setet var ikkje trygt å sitte i. Den vart måla kvit, og ei dame vart innleigd til å knyte nytt sete. Med ei fin pute frå Kid syns eg stolen vart kosleg i hjørnet vårt. (Ps. Det er komt list ved verandadøra no..hehe)
Det marokkanske bordet har fulgt meg i nokre år etter at eg fann det på salg. I "nyehuset" har eg fyllt det med forskjellige lysestaker (i sølv, selvfølgelig ;)
Golvet i huset var eit flott tregolv, riktig nok gulna og hakkete. Men det vart slipt ned, og olja med kvitpigment trestjerners olje. Det vart skikkelig fint spør du meg. Skikkelig slitsomt viss du spør Arielpappa, han måtte krype noken runder på gulvet for å få det ferdig behandla ;)
Ellers er vi fortsatt på besøk hos mine svigerforeldre. Idag har vi kosa oss med Morsdag- kake, fastelavensboller og sjokolade i mengdevis..slankekuren er igjen utsatt på ubestemt tid ;)
Litt spesiell dag for meg, sidan det er min aller første morsdag!!:)
Ønsker alle mødre en fortsatt god Morsdag :)
Klem
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar