Eg har alltid vore veldig glad i bøker.
Framleis husker eg den gode følelsen då eg hadde lest mi første bok frå perm til perm.
Heilt aleine. Eg var 7 år og boka var Bobseybarna. Sidan det slukte eg bøker,
kunne lese 2 på ein dag. I seinare tid har eg og arbeidd
i ein bokhandel. Noko eg likte
veldig godt.
Difor gleder det ekstra i mammahjertet, når Ariel allereie no viser interesse
for bøker. Ho blader entusiastisk i bildebøkene sine
og babler begeistra ;)
For litt sidan fekk eg med meg heim ein pose bøker eg og søskena mine hadde når vi var små. Dette var som å hoppe rett tilbake i barndommen. Spesielt ved
synet av desse eventyr- bøkene. Eg husker eg
var heilt betatt av dei
flotte bildene.
(Legg merke til veldig ung Bjørg som har skreve namnet sitt øverst til venstre ;)
Dei viser spor av å ha vore mykje i bruk. Noko eg synast er herleg.
For meg er desse nostalgiske minner eg er glad for at
Ariel skal få ha i sin barndom
også :)
Er det nokon andre som husker
desse bøkene?
♥
Som de ser fekk eg ordna lagringsproblemet mitt.
Eg kjøpte 20 GB for ca 30 Nkr. Det burde vel
holde ei stund ;)
Ha ein flott kveld alle saman!
Klem frå Bjørg :-)