..har fått nokre forandringer i det siste.
Dette sengesettet frå Princess (kjøpt for lenge sidan) oser av sommar, synast eg.
Så då kan vi jo ha sommar her, når den svikter utandørs.
Hermine har sjølvsagt flytta inn på soverommet vårt.
Ho søv i vogga som Oldebesten hennar snekra då han levde. Han laga
slike vogger til alle oss barnebarna, noko som vil glede i
fleire generasjoner framover :)
For fotoshooten si skuld har rotet som opprinneleg har sin plass på nattbordet
blitt bytta ut med ein sjølvlaga vase med Gerbera i ;)
Eit syltetøyglas, ein stoffrest og litt lim
= søt vase!
Sengeteppet som ligg på senga har eg etter Oldemora mi, ho har hekla det sjølv.
Det er heilt nydeleg og eg er kjempeglad i det!
Lappeteppet som heng over vogga er eit av mine første strikkeprosjekt.
Eg strikka det mens eg gjekk gravid, og før eg var heilt sikker på om vi venta gut eller jente. Så det var flaks at eg ikkje bomma med rosafargen ;)
Lysekrona vår har fått små loppis- skjermer på seg.
Kjekt med forandring, samtidig som lyset blir mykje meir behageleg med skjermer på :)
Tusen takk til alle som tar seg tid å legge igjen nokre ord her hos meg!
Eg set utruleg stor pris på det, og har veldig dårleg samvittighet for at eg er så dårleg å legge igjen spor etter meg for tida. Tida strekk ganske enkelt ikkje til alltid...
Men eg er stadig innom og suger til meg all den
flotte inspirasjonen de gjer :)
Det er fortsatt gode muligheter å vinne knalltøffe Retroplakater
sponsa av Retroliv. Alt du treng å gjere er å legge igjen nokre
ord på linken øverst til høgre :)
Ha ein flott torsdag kveld!
Klem frå Bjørg :-)