Gamle kart er veldig dekorativt på veggen synast eg.
Og då mannen fekk nokre gamle sjøkart etter Bestefaren sin så hadde eg lyst
å få dette opp. Det tok litt tid men no
er det på plass :)
Kartet er over Stadt.
Ekstra kjekt sidan mannen er frå ut med havet opprinneleg :)
Og at han er over snittet (mildt sagt ;) glad i sjøliv!
Skrivebordslampa har eg hatt liggande ei stund.
Den fann eg heime hos foreldrene mine. Lampa, pellisen og kartet er nok pynt
synast eg. Less is more? ;)
Grønt mot rosa er så lekkert.
Bildene er tatt i gangen oppe mellom badet og soverommet vårt.
Ein krok eg ikkje har vore fornøgd med før. Men no er både eg og mannen fornøgde.
(han hadde sikkert klart seg uten det rosa då, riktignok ;)
Etter mykje sjukdom ligg eg etter skjema når det gjeld Give Awayen.
Eg velger å utsette denne ei veke. Det vil seie til neste søndag 9. oktober. Snart skal eg få fiksa premiane slik at eg får lagt ut kva de kan vinne.
Meld deg gjerne på ved å bruke linken
oppe til høgre.
Alle i heimen er heldigvis friskmeldt no.
Men mykje å ta igjen av husarbeid, som naturleg nok har vore forsømt.
Klesvasken har nådd uante høgder!! ;) Så no er det berre å
brette opp ermane ;)
Ha ein fin kveld!
Klem frå Bjørg :-)