onsdag 29. september 2010

Med dette ønsker eg...

...dokke kjære leserar som er innom 
ei fortsatt god veke!

Litt haustbilder frå dei flotte dagane som har vore;




I morgon reiser eg på tur med min vesle skjønne familie! :)
Vi bloggast til over helga!

♥ Ha det fint så lenge  

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 28. september 2010

Nymåla rammer+ omflytting

Når eg likevel hadde målekosten framme,
 fekk nokre bruktrammer nokre omganger med isvann og.
Når eg er på bruktbutikker/loppemarked ser eg alltid etter rammer med fin struktur
Fargen kan alltids fiksast på ;)


Den bakerste ramma skal brukast til eit lite prosjekt eg skal gjere ferdig ikveld. 
Den vart grådig kul når eg måla den (synast eg) Den reagerte tydlegvis med 
den gamle målinga og krakkelerte
Meir om den seinare ;)


I framskapet mitt har eg flytta om på pynten igjen
Eg blir liksom aldri fornøgd.
(håplaust! ;)


Fuglehusa mine og ein liten & har komt på plass her.
Eg har virkeleg ein ting for hus. Det florerer av lyshus og fuglehus
 i heimen for tida ;)



Ved sidan av framskapet har det lille bordet eg har 
pussa opp med måling og decoupage/papir fått plass. 
Oppå står diverse lysetaker som er 
spraya kvite.


Eg må innrømme at framskapet er ommøblert igjen etter at bildene er tatt. 
Som sagt blir eg aldri fornøgd. Denne gongen syns eg det 
vart for mykje blått på ein plass.


Noko som eg derimot er veldig fornøgd med er den gamle krakken 
eg fann på bruktbutikken og mine nydelege 
zinkhus frå Kremmerhuset.


Krakken skal ikkje målast har eg funne ut. 
Den er herleg og slitt som den er :)


I dag har vore ein herleg dag! 
Nydeleg ver og familieutflukt til Kjenndalsbreen. 
Supert! :)
Då er eg klar for ei lita bloggerunde før TV-kvelden begynner!

Ha ein flott kveld du og!

Klem frå Bjørg :-)
Ps; meld deg gjerne på Give Away. Link øverst til høgre ;)

mandag 27. september 2010

Lita korg før/etter + meir bursdagsgåver :)

På bruktbutikken fann eg 
ei søt korg med hjerter på. 
Egentleg var det ei raud julekorg som vart mi for eit par 10erar.



Den har no fått nokre strøk med isvann
No kan den fint brukast heile året :)

Korga har eg for øyeblikket fyllt med frukt som står 
ved sida av "mitt" hjørne i sofaen.


Så får vi sjå om eg held meg til fruktog ikkje meir fristande søtsaker ;)
Planen er å ete sunt i vekene, men det har vist seg å vere litt vanskeleg å fullføre!


No er det ca 1 mnd sidan eg hadde bursdag
Pottene i vindauget fekk eg av mi snille søsterDet var  3 stk, 
men den minste har ikkje fått blomster endå 
(eg aner litt shopping i det fjerne ;P)


Kjempefine potter med tekst på :) Fargane passer godt til hausten!
Tusen takk søsta mi ;)


Den runde puta er frå Lisbet Dahl. Og den fekk eg av ei veninne. 
Eg synast den var kjempelekker! :)
Tusen takk!


Eg har mildt sagt putedilla
så den var perfekt ;)


I dag har mannen hjelpt meg litt,
 slik at eg er komt i gong med nokre prosjekt som hadde stoppa litt opp. 
Det er godt med alt som er gjort!
Eg tipper de får sjå snart ;)

Eg håper alle har ein flott kveld!


Klem frå Bjørg :-)


PS; Eg fekk eit spørsmål om kva eg festa tapeten med på fuglehuset. 
Svaret er at eg brukte decoupagelim :)


PPS; Husk Give Away, link øverst til høgre..
D.S ;)

søndag 26. september 2010

Noko rart, men nyttig på hobbyrommet ;)

Mi snille Mamma var medeigar i ei handarbeidbedrift, der dei og hadde butikk. 
Då ho trekte seg ut av dette for å arbeide i helsevesenet 
fekk ho med seg mykje kjekt ;)

Ivrig som ho er fordi eg endeleg har fått interesse for sying (noko ho har "masa" om lenge) 
har ho tidlegare utstyrt meg med 
symaskin, stoff og blonder.

Også spurde ho om eg trengde litt sytråd
Og det gjorde eg jo...

Då troppa ho opp på døra hos oss med eit heilt 
butikkstativ med sytråd! :)


Eg måtte flire litt først. 
For dette var jo noko spesielt å få inn i hus ;)

Men det er jo superpraktisk
Eg har kjempegod oversikt over fargane, og utvalget er for å seie det mildt meget bra ;) 
Og tråd har eg i "evigheter" framover ;)

I grunn så syns eg det var litt kult og! (hihi ;)
Tusen takk snille Mamma mi :)
Eg håper alle har hatt ei nydeleg helg! :)

Klem frå Bjørg :-)

Pst; husk å ta lodd i min Give Away. 
Link øverst til høgre!;)

fredag 24. september 2010

TGIF ;)


Her har det vore eplemuffins- baking idag. 
Takk for tips om oppskrift :)
 Dei var (nesten) vellykka, 
og veldig gode ;)

Denne helga skal vi kose oss masse!
Blir nok litt stille frå meg til over helga..

Tusen tusen takk for alle gode ord de legg igjen til meg. 
Eg les kvar einaste ein fleire gonger, og eg blir så glad!! 
Eg jobber med saken å få besøkt alle tilbake :)
Eg ønsker alle ei nydeleg hausthelg!

Klem frå Bjørg :-)

Husk å ta lodd i Give Awayen min. 
Det kan du gjere her!


torsdag 23. september 2010

Muffinsbilde

Då eg var på Kremmerhuset for nokre dager sidan,
 vart det ikkje berre lyshus med meg heim ;)

Dette skiltet ropte på meg:
"Kjøp meg, kjøp meg...eg veit du lika meg!"


Og eg var igrunn enig
Eg likte det kjempegodt! ;) Så det vart raskt plassert på disken, 
betalt og opp i posen gjekk det ;)

Eg digger å bake muffins. 
For det innebærer bruk av Kitchen Aiden min,
 og dei søte muffinsformene eg har i alle slags farger ;)



Og ikkje minst er dei kjempegode!
 (og veldig sunne i min drømmeverden)
Nam! :)

I hagen har vi tre epletre med modne epler (bildet er tatt for ei stund sidan, no er dei større og raudare ;)
Så til helga har eg lyst å bake eplemuffins
Har du ei god oppskrift dei vil dele med meg? 
Då hadde eg blitt kjempeglad! :)

Husk Give Awayen min med premier frå Frk Doris og Fjordbua.
Trykk her for å delta :)

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)
 (som har fått seg jobb, juhu ;)


onsdag 22. september 2010

Fuglehus før/etter :)

For litt sidan bestilte eg eit fuglehus hos Panduro. 
Som de sikkert har skjønt er eg god kunde hos dei ;)



Fuglehuset pussa eg først og måla det med fargen 
hammershöi oppe og nede.


På veggane har eg tapetsert for første gong!
Eg kom over eit tips hos Sukkertøy for øyet 
(nydeleg blogg ein blir i godt humør av) 
om ei svensk nettside der ein kan bestille 6 tapetprøver gratis. 
(du betaler berre 49 kr i frakt)



Dei kom i posten etter ca ei veke
For uten om fuglehuset skal eg bruke dei til diverse småprosjekt
Dei er kjempefine til å tapetsere med på skuffer, små pynteting og dukkehuset til Ariel.
Om du vil kan du bestille her!


Fuglehuset passer no kjempefint inn hos oss.
Det matcher skoddane og det oppussa brettet med fargen isvann.


Puffen i stova har fått besøk av eit saueskinn.
Det vart så lunt og fint, passer til hausten :)


Tusen takk til alle som vil vere med på Give Away. 
Eg blir så glad og rørt av alle dei fine helsingane de legg igjen :) 
Dokke er heilt supre!!!

2. premie for Give Awayen er klar. 
Og dette blir valgfri vare (av det som er på lager)  i min bloggbutikk Fjordbua. 
Ta ein kikk her for å sjå kva du kan velge mellom
 om du skulle bli den heldige vinnaren ;)

Ta lodd kan du gjere ved å trykke her!

Ha ein flott kveld!

Klem frå Bjørg :-)
(som skal svinge målekosten ;)

tirsdag 21. september 2010

Hovedpremien i min Give Away

Frk Doris er ein av mine favoritt- nettbutikker. 
Det var nettopp her eg skaffa meg mine første høgt elska lyshus ;)

Dette var rundt juletider i fjor og dei var utsolgt overalt, 
men Frk Doris venta dei inn, og ville legge av til meg og gje beskjed når dei kom. 
God service med andre ord! :)






Og  no er Beathe så snill at ho sponser hovedpremien i Give Awayen min!
1. premie er varer for kr 500,- 
i nettbutikken.

Er ikkje det supert? Synd eg ikkje kan ta lodd sjølv ;) 
For dette kunne eg tenkt meg å vinne.

 Om du blir vinnaren kan du ta turen til www.frk-doris.no 
og velge blant andre desse varene;





Ta deg ein tur her så ser du kva meir du kan kjøpe :) 
Mykje flott som vi interiørdamer elsker. 
Både gammalt og nytt :)

Og ta lodd her så kanskje det blir du som er 
den heldige vinnaren!

Informasjon om dei andre premiane 
kjem seinare ;)


Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-) 
(som har trent zumba idag, og følte seg som Bambi på isen..men kjekt var det!!:)
Related Posts with Thumbnails