Her kjem mitt andre bidrag i Nib si utfordring for mai- Bruktduellen.
Eg elsker å handle brukt. Det er spennande, inspirerande, billeg, miljøvenleg.
Og sist men ikkje minst så skaper du eit interiør og ein stil som er berre din.
Bruktkjøpa hos oss er for det meste gjort på bruktbutikker, loppemarked
og fått/arv. Her i distriktet blir det dessverre ikkje lagt så mykje
spennande ut på finn.no. Eg har tru på at det finns utruleg
mange skatter stua vekk på loft og i kjeller rundt
omkring. Og iblant blir mykje brent. Eg får rett
og slett vondt i sjela når folk tenner bål.
Det har faktisk skjedd at
eg har redda nokre ting
frå flammane
også ;)
Det finns 2 typer bruktfunn;
dei som er fantastisk fine med patina og levd liv.
Dette er dei som virkeleg er skatter! Også har du dei som blir
skikkeleg flotte med litt fornying.
Hermine sitt rom er nyleg oppussa.
Her finn du mange bruktfunn av den typen
som trengte litt fornying :)
Kommoden er kjøpt på Loppemarked.
Den var opprinneleg i teak. Eg liker egentleg teak, og hadde tenkt å
behalde litt av det orginale. Men det passa rett og slett ikkje inn,
synast eg. Så den vart måla i mint og rosa.
Sprinkelsenga er også eit bruktkjøp.
Den har eg måla kvit.
Teppet på golvet har eg nyleg hekla ferdig.
Dette er også gjenbruk. Det er hekla frå remser av
sengetøy som eg har kjøpt brukt.
Bordet og den gule stolen er ein
eldre modell frå Ikea som eg har fått brukt.
Eg har måla stolen i sommersol og bordet er måla turkis,
bordplata har fått ein tapet. Til og med ramma på veggen er kjøpt brukt
og fått nokre omganger med målekosten.
Blomsterbildet med ramme på kommoden er kjøpt på ein bruktbutikk.
Skoa er mitt første skopar frå då eg var lita jente.
Kaninlampa er ny :)
Lesekroken har puter sydd av sengetøy som er bruktfunn.
Det same gjeld gardina :) Den raude stolen
stod i huset då vi overtok.
Mange flotte bidrag i utfordringa finn du her!
Ha ein super onsdag!
Klem frå Bjørg :-)