Eg har digga mønster og farger til Orla Kiely sine produkt ei stund.
I England fann eg ein butikk med stor avdeling av desse.
Snakk om å kome til godis- butikken.
Eg brukte lang tid på å bestemme meg for kva eg ville kjøpe.
Kunne gjerne kjøpt alt, men må jo vere litt fornuftig ;)
Valget fallt på eit serveringsfat med pærer
og 2 skåler (nederst til høgre i hylla) i melamin.
Praktiske og kule, synast eg ;)
Soppane i hylla er salt og pepper bøsser frå Cath Kidston.
Dei berre måtte bli med heim ;)
Ferieshopping er moro!
Spesielt når ein besøker andre land! :)
Ha ein herleg kveld!
Klem frå Bjørg :-)