onsdag 28. januar 2015

DIY Marmor- brett

Den måtta kome til slutt hos meg og; marmordilla
Eg kjøpte ein rull med marmorfolie hos Panduro, og så var eg igong. 
I tillegg har eg fått tilgang på mange finèrplater, 
så då måtte det hvertfall lagast eitkvart. Eg har lenge hatt lyst 
på eit slikt marmorbrett. Sidan eg fortsatt ikkje er veldig handy av meg
 når det gjeld saging og slikt, sendte eg snille mannen 
i kjelleren med instrukser ;)
 Deretter klipte eg til marmorfolien og klistra det på. 
Og vips hadde eg og marmorbrett i fin-fine geometriske former ;)
Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

tirsdag 27. januar 2015

Blomster i håret

Eg leikte meg litt med kameraet her ein dag 
og tok detaljbilder av minstejenta vår Hermine med blomster i håret
Ho sit framleis i ro når kameraet blir tatt fram. Noko som er 
veldig kjekt for ei fotoglad Mamma.
Her er nokre av bildene;
Ha ein strålande kveld!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 21. januar 2015

DIY; vase av melkekartong

 Det kan bli dei flottaste vaser av ting som normalt går i søppelet. 
I dag har eg laga vaser av melkekartonger ;)
Eg digger gjenbruk altså!
To av melkekartongane klipte eg eit mønster på 
og måla i 2 forskjellige nude- nyanser.
 Den største kartongen klipte eg til,
og limte marmorfolie på.
 Melkekartonger kan bli dekorative dei og ;)
Dette er forresten en super aktivitet for barn og! 
Eg har lova at jentene mine skal 
få lage slike også :)
Eg håper du har det fint!

Klem frå Bjørg :-)

onsdag 7. januar 2015

Nib- utfordring: Hvordan lyssetter du hjemmet ditt

 Dette er mitt bidrag til Nib-utfordringen denne måneden; 
hvordan lyssetter du hjemmet ditt?

Eg er glad i å bruke gamle gjenstander i interiøret. 
Spesielt gamle lamper bruker eg mykje. Det skaper litt sjarm til rommet, synast eg!
På soverommet vårt er den gamle kontorlampa
 til onkelen min brukt som leselys :)
 Sjå alle dei flotte bidraga her!

Ha ein fortsatt fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

Related Posts with Thumbnails